Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

2014hp Klimatilpassing Aurland


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane > RFFVsf KLIMA OG MILJØ > 2014hp Klimatilpassing Aurland
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1805
Akronym:   
2014hp Klimatilpassing Aurland
Tittel:
Klimatilpasning og endringer i kommunal risikohåndtering/beredskap. Instrumentering, prosessforståelse som grunnlag for tidlig varsling.
Heimeside:
www.aurland.kommune.no

Bakgrunn og utfordringar
:
Bilde lånt av NRK.
Løyving oktober/desember 2014: inntil 2 mill kr

Flyboren elektromagnetisk kartlegging av skredfare

Aurland kommune får to millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga blant anna er å utvikle effektiv kartlegging av skred- og flaumrisiko i bratt vestlandsterreng ved hjelp av flyborne elektromagnetiske undersøkingar.

Fleire studium av effektane av dei forventa klimaendringane peiker på auka skredfare på Vestlandet. I samarbeid med kraftprodusenten E-CO Energi, Jernbaneverket og Norges Geotekniske Institutt (NGI), har Aurland kommune dokumentert meir enn 30 prosent auke i intense nedbørsperiodar dei siste 50 åra i området langs Bergensbanen frå Flåm til Myrdal.

Større nedbørsmengder og hyppigare nedbør – gjerne i samspel med store temperatursvingingar – kan føre til svekka stabilitet i dalsider med bratt terreng. Dette skapar behov for nye og meir effektive metodar for førebygging og risikohandtering – og dermed også for kartlegging av risiko.

I dette prosjektet vil ein blant anna utforske potensialet i såkalla flyborne elektromagnetiske undersøkingar, som er rekna for å vere godt egna til å skaffe oversikt over teoretisk skredrisiko i store geografiske område.

Undersøkingane skal gi eit betre grunnlag både for arealplanlegging og for optimal plassering av måleutstyr som inngår i lokal risikoanalyse, varsling og beredskap.

"Vi lever i ein skredutsett region, og har stort behov for forsking som kan bidra til utvikling av gode lokale system for planlegging og varsling"

Aurland kommune skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med NGI, Jernbaneverket Region Vest og E-CO Energi AS.

For meir informasjon, kontakt Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune, på tlf. 941 51 579.
Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Styremøte RFF Vestlandet 11.12.14
Sektor:
Innbyggjarane, Naturarven, Næringslivet, Turistane, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2014
År godkjent: 2014
År oppstarta: 2014
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
rffvsf14 offentleg
Prosjektnr: 245331

Prosjekteigar
Aurland kommne
Bjørn Sture Rosenvold
mobil: 94151579
E-post: bsr@aurland.kommune.no

Prosjektleiar
Ulrik Domaas
Norges Geotekniske Institutt
mobil: 92447442
E-post: ud@ngi.no

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune