Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

2013fp Rapporteringskrav mot kommunane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane > RFFVsf OFFENTLEG ADMINISTRASJON > 2013fp Rapporteringskrav mot kommunane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1696
Akronym:   
2013fp Rapporteringskrav mot kommunane
Tittel:
232900 Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt
Heimeside:
www.sfj.no

Bakgrunn og utfordringar
:

Om prosjektet på fylkeskommunen si nettside


200 000 kroner til forskingsprosjekt om rapporteringskrava  mot kommunane

Fylkeskommunen, Fylkesmannen, NAV og KS – alle Sogn og
Fjordane – har fått 200 000 kroner frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet.  Pengane skal gå til FoU-prosjektet «Rapporteringskrav mot kommunane: eit  nedanfrå-og-opp-prosjekt».

Dei fire initiativtakarane startar no eit forprosjekt som ser nærare på  omfanget, nytten og relevansen i dei statlege rapporteringskrava som kommunane  møter. Ambisjonen er å få gjennomført eit større hovudprosjekt i 2014.

Mål om nasjonal nytte
Målet  er å få til fornying og effektivisering i dagens rapporteringsregime, og  ambisjonen er at prosjektet skal ha nasjonal samfunnsnytte. Samarbeidspartane  vil ta utgangspunkt i kommunenivået.

– Dette er eit nedanfrå-og-opp-prosjekt. Det betyr at vi skal kartleggje og forstå rapporteringskrava frå ståstaden til kommunane. Tidlegare og eksisterande oversikter over rapporteringskrav har ofte hatt ei ovanfrå-og-ned-tilnærming. Vi fyller ut dette biletet ved å sjå på omfang, relevans og nytte frå kommunane sitt eige perspektiv, seier fylkesrådmann Tore Eriksen, som er leiar for styringsgruppa for prosjektet.

Innovasjon i offentleg sektor
Initiativtakarane har også ein ambisjon om å finne strategiar  for korleis kommunane kan få ei mindre eller enklare rapporteringsbør. Det er viktig at prosjektet føreslår modellar som gjev ein meir effektiv bruk av dei kommunale ressursane og ei betre utveksling av styringsinformasjon mellom staten
og kommunane.

– Vi ønskjer å nytte forsking for å bidra til innovasjon i offentleg
sektor. I dette tilfellet er det for å bringe fram nye og betre løysingar knytt til rapportering og styring av offentleg administrasjon og tenesteproduksjon, seier Eriksen.

Dei fire initiativtakarane har fått med seg Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane til å gjennomføre prosjektet. Partane legg sjølve inn ei eigenfinansiering på til saman 135 000 kroner, slik at forprosjektet som no startar har ei ramme på 335 000 kroner. Samarbeidspartane får pengane frå  Regionalt forskingsfond Vestlandet som kvalifiseringsstøtte.

For meir informasjon:

Tore Eriksen, fylkesrådmann
e-post: tore.eriksen@sfj.no
tlf. 415 30 932

Ole I. Gjerald, seniorrådgjevar
e-post: ole.i.gjerald@sfj.no
tlf. 408 57 025

Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2013
År godkjent: 2013
År oppstarta: 2013
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
rffvfp2013 offentleg prosjekt 232900 Sogn og Fjordane fylkeskommune rffvprosjektsf
Prosjekt: 232900

Prosjektleiar:
Oddbjørn Bukve
Høgskulen Sogn og Fjordane

Prosjektansvarleg:
Tore Eriksen
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune