Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

Ekstremsport


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv Sogn og Fjordane > Ekstremsport
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1456
Akronym:   
Ekstremsport
Tittel:
Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad.
Heimeside:
https://www.facebook.com/?ref=logo#!/pages/Ekstremsport-som-grunnlag-for-reiselivsutvikling-og-busetnad/268786279819711

Bakgrunn og utfordringar
:
Prosjektet er eit forprosjekt. Prosjektet handlar om å skaffe meir kunnskap om korleis ekstremsportarrangement og adventureturisme kan bidra til busetting og næringsutvikling. Prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vest og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane og Hordaland og fylkesmannen i Møre og Romsdal, og blir gjennomført av Møreforsking Volda.

Vestlandet med sine djupe spektakulære fjordar og høge tindar som strekker seg opp mot himmelen, fossar som dundrar nedover mørke fjellsider i fritt fall mot fjorden er ei mektig ramme og gjev grunnlag for store opplevingar. 

Her kan ein stå åleine på fjelltoppane med hundretals høgdemeter med nyfallen snø, utan eit menneske i sikte. Den andre sida av Vestlandet, med alle desse fantastiske fjell, ...fjordar og hav, er at bygdene i nærleiken av naturområda og potensielle turistarenaene slit med å halde oppe folketalet.

Korleis får ein befolkninga og då spesielt ungdommane til å busetje seg i desse lokalsamfunna, skape lokal identitet og starte nye bedrifter?

Vi meiner opplevingsturisme med spesiell vekt på eventyrarane og ekstremsportarane i alderen 20 – 40 år har eit slikt potensial.

Det går an å liste opp fleire små bygder rundt om i verda som har snudd utviklinga og forandra kvardagen for heile samfunn og fått augo på seg globalt. Nokre eksempel er: Chamonix, Whistler, Jackson Hole, Åre, Hemsedal, Trysil, LaGrave, Sälen, Queenstown og landet Nepal.

Alle desse turistmetropolane vart starta opp med eventyr som skikøyring, klatring og toppturar m.m. Innan få år var mange destinasjonar godt omtalte i vide kretsar for sin spektakulære natur og sine aktivitetar.

Kvifor lukkast nokre destinasjonar og lokalsamfunn med å appellere til dei unge eventyrlystne og andre ikkje? Kva krevst for ei slik utvikling? Betre marknadsføring? Betre utbygt infrastruktur til å møte kundegruppa sine krav? 

Mange stader på Vestlandet har i seg kimen til det same, Voss, Sogndal, Røldal, Stryn, Ørsta og Åndalsnes er nokre eksempel. Med Voss i spissen arrangerer alle desse plassane store ekstremsportarrangement. Spørsmålet blir då korleis ein utviklar dette vidare slik at det også bidreg til reiselivsutvikling, næringsutvikling og busetnad
 
Strategi:
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2011
År godkjent: 2011
År oppstarta: 2011
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
reiselivsf busetnadsf regffvfp2011 regffv2011fp 212574
Prosjektleiar:

Else Ragni Yttredal
Møreforsking Volda
Tlf: 41 61 34 03

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune