Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

Travelistics


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv Sogn og Fjordane > Travelistics
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1455
Akronym:   
Travelistics
Tittel:
Travelistics - kartlegge, pilot-teste og planlegge eit heilheitleg system for styringsinformasjon for reiselivet.
Heimeside:
http://travelistics.no

Bakgrunn og utfordringar
:
Det blir samla inn mykje data for og om reiselivet. SSB står for mykje datainnsamling, men også andre aktørar samlar inn relevant informasjon. Likevel har reiselivet lite av det me kan kalle styringsrelevant kunnskap om seg sjølv.

Både reiselivsnæringa, tiltaksapparatet og forskingsmiljøa peikar på at det er stort behov både for meir data og mykje betre og kontinuerleg oppdatert tilgjengeleggjering.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har i den nyleg vedtekne reiselivsplanen for Sogn og Fjordane gjort følgjande vedtak: «Fylkeskommunen har ansvar for å skaffe betre statistikkgrunnlag som skal leggast til grunn for langsiktig avtale for finansiering».

Men det er ikkje berre offentlege aktørar som har behov for betre grunnlag for å fordele støtte til næringa. Fleire reisemålsselskap er i gang med å hente inn økonomisk statistikk for å rekne ut kontingentane for reisemålsselskapet. Vidare har næringa sjølv stor nytte av kontinuerleg oppdatert statistikk som gjev eit heilskapleg bilete ned på aktuelt geografisk nivå. Næringa vil då kunne få eit langt betre kunnskapsgrunnlag for planlegging, for å måle effektar av tiltak og prioritere avgrensa resursar på ein betre måte. Business Intelligence (BI) er eit omgrep for system for «beslutningsstøtte», og blir meir og meir utbreidd i næringslivet.

Reiselivsnæringa har ved fleire høve peika på desse behova, seinast i dialogmøte på Skei 31.03.2011 i samband med utlysinga i regionale forskingsfond. Her var både reiselivsverksemder, reisemålsselskap, fylkeskommunen og FoU-miljøa samla for å identifisere og drøfte forskingstema.

Hovudbehova er allereie identifisert, både av næringa sjølv og av verkemiddelapparatet, men det har ikkje vore gjennomførd ei grundig kartlegging av kva data som trengs, kva detaljgrad som trengs, kva som er (praktisk) mogleg å samle inn, og korleis det kan samlast inn gjennom å nytte det betydelege potensialet i dei nye IKT-teknologiane. Det trengs difor ei kartlegging som tek omsyn til både næring og offentlege verksemder sine behov. I tillegg er det behov for å prøve ut korleis data kan gjerast mest mogleg tilgjengeleg på ein måte som tilfredstiller dagens krav til fart (snøgg levering), fleksibilitet og tilpassing (til den enkelte brukar sine informasjonsbehov) og til dynamisk oppdatering.

Kvalifiseringsprosjektet skal derfor omfatte behovskartlegging og metodeutprøving. Arbeidet vil vise kva det er behov for, kven som har behova, korleis og i kor stor grad dei kan dekkast gjennom nye metodar for IKT-tenester og verktøy for tilgjengeleggjering og formidling. Kvalifiseringsprosjektet skal pilotteste og vurdere på kva måte ei større felles satsing kan etablerast i eit hovudprosjekt.
Strategi:
Prosjektet er organisert i fire arbeidspakker (AP). Kvar arbeidspakke har spesifikke arbeidsoppgåver og skal føre fram til spesifikke leveransar. Primært går arbeidet ut på å kartlegge, utvikle ein prototype («proof of concept») for «Business Intelligence»-system for reiselivet («Travelistics») og samle erfaringar frå utviklinga og utprøvinga av denne som grunnlag for å planlegge ei eventuell storskala satsing for heile Vestlandet.

AP 1: Kartlegging
AP 2: Utvikling av prototype
AP 3: Utprøving
AP 4: Oppsummering, formidling og plan for vidareføring
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, Turistane, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2011
År godkjent: 2011
År oppstarta: 2011
År avslutta: 2013
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Vestlandet
Sogn og Fjordane
Kode og nøkkelord:
reiselivsf regffv2011fp regffvfp2011 212578
Prosessleiar
Guttorm Flatabø
Vestlandsforsking
gfl@vestforsk.no

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Travelistics – Styringsinformasjon for reiselivet

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune