Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

Tilskot 2009


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2009
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1163
Akronym:   
Tilskot 2009
Tittel:
Tilskot program opplevingsnæringar 2009
Heimeside:
http://www.rup.no/vision/vision1.aspx?type=3&hierarchyid=631

Bakgrunn og utfordringar
:
Programstyret har spissa si satsing til å gjelda bedrifter som sel opplevingar basert på mat, kultur og natur
 
Programstyret vil støtte program, prosjekt og tiltak som siktar seg inn mot målsetjingane i program opplevingsnæringar.
 
Støtte til program
Program opplevingsnæringar vil støtte etableringar av nye programsatsingar, som har langsiktige målsetjingar knytt til utvikling av opplevingsbedriftene i eit område (fylke, region, kommune). Eit vilkår er at programma ikkje vert etablert i konkurranse med andre program i området, og at næringsaktørane er aktive med i programmet.
 
Støtte til prosjekt
Program opplevingsnæringar vil støtte prosjekt, som har som mål å utvikle tiltak, som kan føre til måloppnåing i program opplevingsnæringar. Dersom prosjekta i tillegg er forankra i andre program i fylket, med målgruppe opplevingsbedrifter, så vil det styrke søknaden.
 
Støtte til tiltak
Program opplevingsnæringar vil støtte etablering og drift av mindre tiltak, som kan føra til måloppnåing i program opplevingsnæringar. Det er ein styrke om tiltaka er forankra i andre program retta mot opplevingsbedriftene i fylket og utvikla gjennom prosjekt.
 
 
Programstyret vil prioritera støtte til fylgjande kategoriar:
 
  1. Festivalar, arrangement og kulturformidling                       
  2. Kompetansehevande tiltak
  3. Marknadstiltak / produktutvikling / pakking
  4. Infrastruktur / møteplassar / nettverk
  5. Anna   

Kategorien ”anna” er ein open kategori for andre gode innspel. Programstyret meinar at utlysing av midlar stimulerar aktørane i fylket til kreative tiltak, noko som er viktig ved utvikling av opplevingsnæringane.
 
Programstyret vil ha følgjande generelle prioriteringar når det gjeld tildeling av økonomiske midlar: 
 

  • Konkret og synleg verknad framfor utgreiingar og generelle prosjekt.
  • Mest mogeleg oppleving pr. krone.
  • Må ha konkret effekt for næringslivet og/eller stor verdi for lokalsamfunnet.
  • Unngå saker og tiltak som naturleg høyrer heime hjå andre finansieringskjelder.
  • Unngå store saker som programstyret ikkje har tilstrekkeleg økonomisk ramme til.

Prosjekta bør dekka område på minst kommunenivå.
Søknadsskjema til nedlasting på: http://www.sfj.no 
Søknadsfrist på midlar frå programmet vil bli 25. april 2009. Programstyret tek sikte på tildeling av midlar innan 10. juni.
 
Alle prosjekta som får midlar vil i neste omgang omtalast i RUP-Norge (www.rup.no)

 
Om samanhengen mellom program, prosjekt og tiltak

Program Opplevingsnæringar var i utgangspunktet eit 4 årig målretta program. Programstyret si viktigaste oppgåve er å etablera og koordinera prosjekt, som skal utvikle tiltak, som skal føra til måloppnåing i programmet, når dei beste tiltaka vert etablerte og drivne.
 
På same måten som fylket opprettar program, så kan også næringsgrupper, regionar, kommunar, etc.. opprette langsiktige og målretta program. Eit døme på eit slikt program, er program frukt- og grønt i Sogn og Fjordane. Dette er eit næringsprogram, oppretta av næringsaktørane og offentlege verkemiddelaktørar. Det finst også fleire gode døme.
 
Når etablerte program søkjer om midlar til prosjekt og tiltak, så vil styringsgruppa i program opplevingsnæringar vita at søknadane er ekstra godt forankra i reelle behov. Programstyret vil også vita at det er eit programstyre som kan fylgje opp prosjekt og tiltak framover, om det vert slutt på program opplevingsnæringar.
 
Alternativet til denne type programforankring er at prosjekta ikkje har anna forankring enn program opplevingsnæringar. Programstyret meinar at dette ofte ikkje er godt nok, og ynskjer at det vert oppretta fleire langsiktige satsingar på opplevingsnæringane her i fylket, på både fylkesnivå, regionnivå og på kommunenivå.
 
Det kan vera ein styrke om næringsaktørane sjølve tek initiativ til slike program. I det nye søknadsskjemaet er det derfor skilt i støtte til program, prosjekt og tiltak. Program krev prosjekt og tiltak, og prosjekt og tiltak krev program. Både program, prosjekt og tiltak er avhengige av kvarandre, og må sjåast i samanheng. Etablering av program er normalt det fyrste trinnet.

Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2005
År godkjent: 2009
År oppstarta: 2009
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
reiseliv
Per Øvreseth

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Bokbyfestivalen
Fjellfilmfestivalen
Fjellsportfestivalen
Fjord- og symjeopplevingar
Fjordvert
Havfiskefestival
Highcamp Turtagrø
Innlandsfiske
Kystvegleiarkurs 2009
Natur, kultur og aktivitet
NC flogefiske
Nordfjord Oppleving
Norsk Brefestival
Norsk Geitesenter
Smak av Sogn
Tru og natur
Utkantfestivalen 2009
Vi får det til
Vikingfjorden
Åmot Gardsopera

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune