Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

"Sats på skulen - snu Sogn!"


Forankring: Regionplan Sogn 2005-2008 > "Sats på skulen - snu Sogn!"
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
808
Akronym:   
"Sats på skulen - snu Sogn!"
Tittel:
Skuleutvikling
Heimeside:
http://www.sogn.regionraad.no

Bakgrunn og utfordringar
:
 

Rådmannsgruppa i Sogn regionråd sette den 24.03.06 ned ei arbeidsgruppe for å få vurdert korleis ein kan samarbeide om skuleutvikling i Sogn. Arbeidsgruppa var samansett slik: Vidar Roseth (Balestrand kommune), leiar, Claus Røynesdal (Aurland kommune), Alf Olsen jr (Årdal kommune), Jorunn Nyttingnes (Leikanger kommune). Inger Pedersen (Sogndal kommune) har seinare tiltrådt arbeidsgruppa, og Jan Julusmoen (HSF/fylkesmannen) og Norunn Haugen (Sogn regionråd) har også delteke i arbeidet.

 

Bakgrunnen for initiativet er tredelt:

 

1.       Utviklinga i vår region.

Folketalet går tilbake i Sogn, og regionen har ei dårleg utvikling samanlikna med andre delar av fylket. Det har vore strukturelle problem i næringslivet og Sogn framstår har ikkje framstått som mest aktive/dyktige i høve til entreprenørskap og innovasjon. Det er for liten grad av kobling mellom behovet for kompetanse og arbeidskraft i regionen og det utdanningstilbodet som vert gjeve lokalt. Det er eit aukande medvit om at skulen kan vere eit verktøy som kan nyttast for å bidra til å snu denne utviklinga. Gjennom ein partnarskap med fylkeskommunen og ein regionalplan for Sogn vil ein kunne utløyse økonomiske midlar og andre virkemiddel.

 

2.       Kunnskapsløftet.

Vi står føre gjennomføring av ei reform som skal gje skulen eit løft. Dette stiller auka krav og taler for auka regionalt samarbeid i høve til kompetanseutvikling. Det vert og avsett mykje midlar til kompetanseutvikling i samband med kunnskapsløftet som kan gjere det mogeleg med fleire fellessatsingar.

 

3.       Kommunane sin rolle som skuleeigarar.

Gjennom meir aktive skuleeigarar får ein naturleg auka fokus på utviklingsarbeid i den einskilde kommunen og på samarbeid i mindre regionar. Behovet for tiltak på fylkes-plan vert ein del nedtona. Både KS og fylkesmannen ser det som rett og fornuftig at meir av ressursane vert behaldne av kommunane, eventuelt til delvis bruk på regionalt nivå. Dette aukar også høvet til fellessatsingar i ein region som Sogn.
Strategi:
 

Sogn regionråd har vedteke denne overordna målformuleringa som femner om dei behova som er skissert ovanfor:

”Meir kompetanse for den einskilde elev og eit bidrag til samfunnsutviklinga gjennom auka samarbeid om skuleutvikling i regionen.”
 
 

Ein har identifisert desse utfordringane og suksesskriteria:

 

Utvikle kompetansen hos skuleleiarane innanfor leiing og organisasjon

 

Endringar i kommunal organisering og aukande krav til endring og styring av skulen inneber at skuleleiarane får ein nøkkelrolle. Det vert viktig å sette skuleleiarane i stand til å drive endringsleiing i lærande organisasjonar, og det vert viktig at dei har blikk for dei samfunnsmessige utfordringane som skulen kan bidra til at regionen møter.

 

Ut frå dette ser ein det som avgjerande med høg prioritering av eit program for kompetanse-utvikling for skuleleierane.

 

Kommunen som skuleeigar – sjå skuleutvikling i samanheng med samfunnsutviklinga

 

Stikkord her er m.a.

-         kunnskap om skulen på politisk nivå og hos administrativ leiing

-         fornuftig tilretteleggjing/utnytting av programfag for val

-         satsing på entreprenørskap

 

Det er viktig at elevane ser at det er mogeleg å få ei utdanning som kan føre dei inn i arbeidslivet i Sogn, og det er viktig at vi dyktiggjer elevane i høve til å kunne starte eigen verksemd. Det er fyrst gjennom å samle seg om fellestiltak at vi kan få til noko med kvalitet og som monner på desse områda, der det og er ein viktig føresetnad med samarbeid med vidaregåande skular, næringslivet og andre instansar.

 

Koordinere aktivitet i fagnettverk og sikre at dette arbeidet er forpliktande og målstyrt

 

Det er viktig å oppretthalde og bygge vidare på den strukturen og kompetansen som er etablert gjennom arbeid i fagnettverk i regionen. Dette har vore ein suksess, og det er ingen grunn til å endre vesentleg på strategien i høve til dette.

Status:
Oppstarta
Vedtak:
Vedtak i Sogn regionråd frå juni og desember 2006
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2005
År godkjent: 2006
År oppstarta: 2007
År avslutta: 2012
Internasjonal status:
anna
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
skuleutvikling
kompetanseheveing
entreprenørskap

Program

Entreprenørskap

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Møte i Programstyret for skuleutvikling i Sogn

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune