Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

Internasjonalisering Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Internasjonalisering Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
746
Akronym:   
Internasjonalisering Sogn og Fjordane
Tittel:
Internasjonal strategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune 2008 - 2009
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Innleiing

Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande – nesten eksplosiv. Det gjeld så vel innan næringslivet, som på ungdomssida både i privat regi og i regi av skule- og organisasjonssida, og det gjeld naturleg nok på kultur- og fritidsområdet.

Fylkeskommunen må som forvaltningsorgan ta omsyn til den aukande internasjonaliseringa og at vi meir og meir handlar og tenkjer globalt.  Dette skapar utfordringar både på politikkområdet og som internasjonal aktør. Og framfor alt gir det oss nye og spennande moglegheiter.

For fylkeskommunen sin del set dette krav til at vi evnar å prioritere kva for internasjonale satsingar og –arenaer det er  naudsynt og interessant å delta på, og korleis vi skal delta.

Den strategien som blir lagt fram her, er eit forsøk på å svare på dette. Med strategi meiner vi her ein overordna plan – dvs visjon, grunngjeving og overordna mål – ikkje ein handlingsplan eller –program. Ein meir handlingsretta plan vil vere noko kvar avdeling vil utarbeide i samsvar med handsaming i dei respektive hovudutvala.

For å kunne svare på kva strategi fylkeskommunen vel for sitt internasjonale engasjement, må vi likevel først avklare dei ulike rollene fylkeskommunen speler internasjonalt, og peike på nokre av dei utfordringar vi står overfor.

 
Fylkeskommunen sine tre roller som internasjonal aktør
Fylkeskommunen spelar fleire ulike roller innanfor internasjonalt arbeid. Det er særs viktig at vi kan skilje mellom desse rollene, ettersom dei viser ulike måtar å nærme seg det internasjonale feltet på:
  1. Ombodsrolla (politikarrolla og evne til å hevde interessene og å presentere regionalpolitiske oppgåver på politiske arenaer regionalt, nasjonalt og internasjonalt)
  2. Partnarskapsrolla (vere med å koordinere innsatsen i den regional partnarskapen)
  3. Ansvar for eigne tenester (opplæring – vidaregåande skule, samferdsle, kultur, næring)
 
Eit viktig strategisk grep vert å legge større vekt på fylkeskommunen si ombodsrolle (politisk rolle) og rolla vår som leiar (koordinator og rettleiar) for den regional partnarskapen framfor å auke det internasjonale engasjementet innanfor eigne tenester (tenesterolla).

Poenget er at vi ønskjer å ha ei auka merksemd på den politiske deltakinga samstundes som vi vil  oppmuntre den regionale partnarskapen til auka involvering i internasjonale satsingar. I den grad vi deltek i konkrete internasjonale satsingar som tenesteaktør, vil vi heller konsentrere oss om nokre få satsingar, slik at vi betre kvalitetssikrar satsingane våre framfor å speie oss på mange tiltak.

Interne og eksterne utfordringar
Internt i fylkeskommunen har vi gjennom deltaking i internasjonale prosjekt dei seinare åra etter kvart skaffa oss ein viss kompetanse. Vi har òg etablert særs spennande kontaktar og nettverk innanfor alle våre primærområde. Men vi treng likevel meir spesifikk kompetanse på ei rekkje område. 

Mellom anna treng vi å auke kunnskapen vår om bruk av eksterne finansieringskjelder, kompetanse om søknadsskriving, kunnskap om drift av større prosjekt, osb.

Men vi har òg trong for å auke forståinga både internt og eksternt for verdien av  internasjonalt engasjement, og vi treng finansielle ressursar til å støtte eksterne partar innanfor partnarskapen og i eigen organisasjon.
 
Eksternt ser vi at deler av den regionale partnarskapen sit i dag med stor kompetanse innan internasjonalt arbeid, kanskje særleg frå Vestlandsforsking, men òg etterkvart frå høgskulen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen. Men først og fremst er det nok deler av næringslivet som har mest internasjonale erfaringar.

Dette er kompetanse som vert etterspurd både nasjonalt og internasjonalt. Det gir oss eit særleg godt utgangspunkt for å utvikle internasjonale satsingar  endå meir innanfor den regionale partnarskapen. I tillegg vil vi etablere eit tettare samarbeid med Hordaland sitt Europakontor og Vestnorges Brusselkontor, som fylkeskommunen er medlem av.

Partnarskapen må vere tydlegare som bestillar overfor Vestnorges Brusselkontor. Her har også næringslivet ein unik muligheit. Likevel vil nok òg spørsmål om kompetansebehov, felles møtestader/arenaer og ein felles kompetanseteneste vere sentralt for heile partnarskapen og einskild aktørar i Sogn og Fjordane.

 
Visjon og grunngjeving for internasjonal satsing
Grunnlaget for at fylkeskommunen skal engasjere seg internasjonalt, er tufta på to grunngjevingar:
 
  1. Internasjonalt arbeid er eit mål i seg sjølv (vi får auka kompetanse (program, kulturell, prosjekt), det gjev nye impulsar, vi oppdagar nye mogelegheiter, vi har høve til å påverke innan våre prioriterte område, vi utviklar nyttige nettverk på alle nivå, vi motverkar framandfrykt og rasisme)
  2. Vi engasjerer oss internasjonalt på område vi allereie arbeider med – i tråd med fylkesplanen (vi gir allereie prioriterte satsingar nye muligheiter, det gir oss nye finansieringskanalar, det skapar betre grunnlag for kompetanseheving, det gjer fylket meir interessant for nyetableringar og tilflytting/tilbakeflytting)
Strategi:
Når vi no presenterer fem ulike strategiar for fylkeskommunen si internasjonale satsing for 2008 og 2009, er det m.a. tufta ut frå at all internasjonal aktivitet skal vere forankra i planverket – anten internt i eiga verksemd eller innanfor fylkesplanprogramma.

STRATEGI 1: Auke den politiske deltakinga på viktige politiske arenaer (ombodsrolla)

Det naudsynt at det politiske nivået i større grad er med og utarbeider ein heilskapleg strategi for internasjonal satsing og at dei òg vert involvert i den løpande internasjonale satsinga. Skal ein få dette til, må vi etablere ein tettare og meir rutineprega kontakt mellom politisk nivå og administrasjon. Vi må etablere eit politisk kontaktutval i Sogn og Fjordane, og motivere for auka deltaking i internasjonale prosjekt og –relasjonar.


STRATEGI 2: Auke samarbeidet med den regionale partnarskapen (den regional partnarskapsrolla).

Som leiar av den regionale partnarskapen er det både ønskjeleg og naudsynt å få eit betre koordinering av det samla internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane og å forankre eigne fylkeskommunale tiltak i partnarskapen.

Det betyr m.a. at tidlegare satsingar overfor næringslivet, reiseliv, opplæring, kultur, regional utvikling, miljø i tillegg til det vi omtalar som territorielle satsingar (Kina, Skottland, fjellregionar) i større grad vert presentert og drøfta i den regional partnarskapen.

Vere med å utarbeide ein regional  strategi for internasjonal satsing i Sogn og Fjordane, etablere ei støtteteneste omkring internasjonalisering  saman med den regionale partnarskapen, og vere med og heve aktivitet og kompetansen omkring internasjonale satsingar i Sogn og Fjordane


STRATEGI 3: Utarbeide ein gjennomgåande handlingsprogram for fylkeskommunen sitt internasjonale engasjement.

I samband med dei årlege budsjetthandsamingane må det utarbeidast ein samla aktivitets-/handlingsplan internt i fylkeskommunen med forankring i dei einskilde sektorane og i samsvar med handsaming i dei respektive hovudutvala.

Desse dannar igjen grunnlag for å drøftingar i partnarsskapen, jamfør strategi 2. Utarbeide ein aktivitetsplan tufta på tematiske satsingar (kultur, samferdsle, reiseliv, næring, ungdom, opplæring, miljø) og territorielle satsingar (Kina, Skottland, fjellregionsamarbeid).


STRATEGI 4: Etablere ei tydlegare satsing innan internasjonal utviklingssamarbeid (Nord-Sør samarbeid).

Fylkeskommunen sin Nord-Sør strategi er relativ ny og vart første gang handsama i samband med ein internasjonal rapport til Fylkestinget i oktober 2005.

Her vart det meir skissert ein intensjon om at ein bør ha ein slik strategi, i mindre grad gjort framlegg om noko spesifikk innhald. Innrettinga på slike satsingar må gjerast i samsvar med nasjonale føringar.

Auke mengde utvekslingar auke mengde  tiltak som fremjar kompetanse- og nettverksbygging,og etablere ein heilskapleg og realistisk Nord-Sør strategi(samarbeid med utviklingsplan)  som tek utgangspunkt i nasjonale innrettingar.
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, Ungdom, Miljø
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
Internasjonal status:
målgrupper, aktivitetar, finansiering, deltaking, anna
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
internasjonaliseringsf

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

HUMANS (ENABLE2)

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Internasjonal strategi Sogn og Fjordane 2009 - 2010

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune