Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

Nye næringar og tenester


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Nye næringar og tenester
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
628
Akronym:   
Nye næringar og tenester
Tittel:
Satsingsområde nye næringar og tenester i Sogn og Fjordane
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Arbeidsgruppa for" Tenesteyting/ nye næringar" har levert sin sluttrapport. Gruppa har hatt slik samansetjing: Kommunenens Sentralforbund, Innovasjon Norge, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane reiselivsråd, INC Invest / Flora Næringshage, NHO Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune — politiske og administrative representantar. Ordførar i Stryn, Nils Støyva har leia arbeidet.

 
Last ned rapporten her (Microsoft Word-dokument)
Last ned vedlegg 1 (Microsoft Word-dokument)
Last ned vedlegg 2 (Microsoft Word-dokument)


Gruppa har arbeidd med områda tenesteyting generelt, reiseliv og kulturbasert næringsutvikling.

Deler av arbeidsgruppa samla til møte på Myklebust Kunst og Handverk ved Jølstravatnet. Foto:Eli-Grete Høyvik

Strategi:

Strategiar framover for å stimulere til fleire, sterkare og meir dynamiske tenesteytande bedrifter i Sogn og Fjordane er:

  1. Støtte til nyetableringar
  2. Arbeide med entreprenørskap i skule og lokalsamfunn gjennom nettverk og utprøving av metodikk
  3. Utvikle næringshagane og kompetansestovene vidare
  4. Auke tilgang på kapital gjennom sterkare finansieringsmiljø i fylket.
  5. Hente kompetente folk utanfrå fylket.
  6. Utvikle marknadsorientering og marknadsføringskompetanse

 

Det blir viktig å stimulere til at tenestytande bedrifter dekkjer behova innan ulike fag og bransjar over heile fylket gjennom kommersialisering av FoU-verksemdog eit kartleggingsarbeid for å finne ut kvifor Sogn og Fjordane er dårlegast i landet på business to business tenesteyting.

 

Det er naturleg å nytte internasjonalt arbeid som del av marknadsretting for verksemder som satsar internasjonalt og for nyetableringar som søkjer inspirasjon, nettverk og kunnskap utanfor Noreg.

 

Reiseliv
Arbeidsgruppa har starta eit viktig avklaringsarbeid når det gjeld rolledeling mellom aktørane i reiselivet. Rammevilkåra for å utvikle reisemåla har vore eit sentralt tema. Det bør leggast større vekt på arrangements- og aktivitetsutvikling. Sogn og Fjordane eignar seg med høg internasjonal status også som åstad for stille og nyting av urørd natur. Ein måte å nytte ut ressursane og internasjonal merksemd på, er å bygge opp eit fagmiljø på nettopp geoturisme og formidling om samanhengar i naturen og kulturarven.

 

Kulturbasert næringsutvikling
Kulturfylke Sogn og Fjordane har etter fleire års satsing blitt ein merkevare. Denne må vi framleis utvikle vidare. Mange unge utdannar seg i kreative retningar. For at det skal bli lettare å leve av kulturell verksemd i fylket ynskjer vi å satse på og stimulere opplevingsnæringaneog få unge kunstnarar til å etablere seg i fylket.

Det blir naudsynt å tilpasse verkemiddelapparatet for å møte behova til kulturentreprenørane. Dette kan til dømes gjerast gjennom å styrke kunststipendordningar og skipe til kunstfestivalar eller liknande hendingar for unge. Gruppa trur også det er mogeleg å auke verdiskaping basert på vareproduserande kulturell/kommersiell verksemd og ynskjer at det blir etablert eit eige program på dette felte

Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2005
År godkjent: 2005
År oppstarta: 2006
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune