Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

Folkehelse og Livsutfolding


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Folkehelse og Livsutfolding
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
624
Akronym:   
Folkehelse og Livsutfolding
Tittel:
Satsingsområde folkehelse og livsutfolding i Sogn og Fjordane
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:

Arbeidsgruppa for" Folkehelse og livsutfalding" har levert sin sluttrapport. Gruppa har hatt brei samansetting: Fylkesrådet for funksjonshemma, Funksjonshemma sin fellesorganisasjon, Eldrerådet, Fylkesmannen, Høgskulen, Nasjonalforeningen for folkehelsa, Ungdomspolitisk utval og fylkeskommunen. Bjørg Eikum Tang har leia arbeidet.

Last ned rapporten (Microsoft Word dokument)
Last ned tiltaksdelen (Microsoft Excel dokument)

Under omgrepet "Vardar for folkehelse" er det inngått partnarskapsavtalar mellom fylkeskommunen og 14 av 26 kommunar Dette arbeidet er ein bærebjelke i folkehelsearbeidet. Satsingar innan dette området er:

 

Strategi:

Satsingar innan dette området er:

  1. Fysisk aktivitet er ei kjelde til helse og livskvalitet, og er eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet

  2. God og næringsrik mat er viktig for alle, og sjuke og eldre kan vere utsette. Det er viktig å ha fokus på den verdien måltidet har, både sosialt og ernæringsmessig

  3. Fylket har i fleire år hatt skade- og ulykkesførebyggande arbeid som eit av fleire satsingsområde, og slutta seg i 2003 til Verdens helseorganisasjon sine kriteria for trygge lokalsamfunn. Med grunnlag i dette vart fylket i 2005 utnemnd som eit trygt lokalsamfunn.
     
  4. Sett i eit helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande perspektiv er kultur svært viktig.
     
  5. Arbeidslivet har ei stor oppgåve i å legge til rette for at tilsette med psykiske problem kan halde fram i arbeidet sitt. Å legge til rette for eit godt sjølvbilde, auka kontroll over eige liv, meistring og sjølvhevding i familien, nabolaget og lokalsamfunnet er sentralt.
     
  6. Å førebygge rusbruk og tidleg debut i ungdomsgruppa er noko dei fleste kommunane er opptekne av.

  7. Eit av måla med universell utforming er å legge til rette for aktiv deltaking for alle menneske på alle livsarenaer. For å få eit godt liv i lokalsamfunnet er det viktig at omgivelsane vert gjort tilgjengelege for alle slik at det ikkje vert stengsler for deltaking.
     
  8. Det er i lokalsamfunna folk bur. For ei positiv livsutfalding er det viktig at lokalsamfunna er oversiktlege og inkluderande med tilgjenge og deltaking for alle. Å etablere møteplassar på tvers av generasjonar, nasjonalitet og funksjonsnivå gjennom ulike kultur- og fritidsaktivitetar er viktig
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Ungdom
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2005
År godkjent: 2005
År oppstarta: 2006
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune