Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

Reiseliv i Sogn og Fjordane til 2010


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv i Sogn og Fjordane til 2010
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
591
Akronym:   
Reiseliv i Sogn og Fjordane til 2010
Tittel:
Utvikling av reiselivet i Sogn og Fjordane fram til 2010
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Sogn og Fjordane si strategiske satsing på reiseliv har vore oppdatert kvar fjerde år gjennom fylkesplanen. Frå "vegen vidare" i fylkesplanen 2005-2008 (10) har vi fylgjande skildring av fylket si reiselivsatsing:

Sogn og Fjordane har natur og andre attraksjonar som gjer at fylket er eitt av verdas fremste reisemål for turistar. Folk frå heile verda kjem for å sjå fjordar og fjell, kyst og brear, og for å delta i spanande aktivitetar og tilbod. Denne naturrikdomen, rein luft, reint vatn og gode høve til fri ferdsel, er føremoner fylket har i reiselivssamanheng. Fjordane er det største trekkplasteret for utanlandske turistar til Noreg. Det er desse føremonene ein må søkja å utnytta så godt som mogeleg.

Hotellturismen er viktigare i Sogn og Fjordane enn i landet elles, men næringa sin sysselsettingsandel har omtrent same omfang som elles i landet. Campingturismen og hytteturisme har større omfang enn elles i landet. Reiselivsnæringa har eit stort potensial. Både gode føresetnader og lang røynsle tilseier at denne næringa kan bli svært viktig for Sogn og Fjordane.

Det tradisjonelle landbruket er viktig for Sogn og Fjordane, men kan ikkje åleine halde oppe busetnaden i bygdene. I fylket vårt er det eit klassisk, historisk samband mellom reiselivet og mangesysleriet. Det er auka interesse og marknad for kombinasjonar innan matproduksjon, kultur, natur, oppleving og reiseliv. Fylket har også store utmarksressursar som kan nyttast til jakt, fiske og rekreasjon. Denne tilleggsnæringa må utnyttast betre. Landbruket er også viktig for å halde ved like kulturlandskapet til glede for andre næringar.

Sogn og Fjordane har store verdiar i Jostedalsbreen nasjonalpark og Jotunheimen nasjonalpark, samt landskapsområda Nærøyfjorden, Stølsheimen, Utladalen, Styvi-Holmo, Vingen og Hestad. I tillegg kjem ei rekke naturreservat. På linje med dei store kulturskattane våre, må vi i større grad kunne dra nytte av desse unike naturverdiane til å skape aktivitet og arbeidsplassar. Reiselivet er i dag den næringa som i størst grad spelar på naturopplevingar og dreg nytte av verneområda, men her er det rom for auka innsats. Betre informasjon i og om verneområda er eit verkemiddel, samt auka fokus i marknadsføringa og tilrettelegging i tilknyting til områda.

Det er viktig at ulike aktørar i fylket dreg i lag når det gjeld å kombinere bruk og vern. Vi må legge vekk "kjepphestane" og sjå på korleis vi kan få til næringsutvikling og arbeidsplassar som utnyttar verneområda, utan å redusere dei verneverdiane som er heile grunnlaget for vernet. Dette kan gjerast i langt større skala enn i dag, og vi har mykje å lære av andre land på dette området. Både i Europa elles og i USA har dei langt fleire tilsette knytt opp til forvaltninga av verneområda, og tilrettelagt områda for publikum og aktivitetar på ein heilt annan måte enn hos oss. Det kan vere både reiselivsverksemder, produksjon av lokale varer (mat, handverk osb), guida turar, opplevingsturar, faglege ekskursjonar/turar, jakt- og fiske-feriar m.v. 

Det er utfordringar knytt til ei slik auka satsing på turisme. Det gjeld m.a. tilhøvet mellom turisme og naturvern, og mellom turisme og landbruk. Utforming av ein ny fjellregionpolitikk er sentral, med fokus på kvalitetssikring og marknadsorientert nyskaping.

Der må utviklast kunnskap om desse områda dersom reiseliv skal vere ei verdiskapande vekstnæring for distrikta i vårt høgkostland. Vi må fokusere på innhaldet i unike produkt for ein kresen marknad.
 

Vi vil:

  • Legge til rette for ei vidareutvikling av reiselivsnæringa i fylket basert på natur- og kulturgrunnlaget vårt
  • Følgje opp det gode omdømmet som fjordane har som attraktivt reisemål på ein offensiv måte
  • Nytte våre unike naturverdiar til å skape aktivitet og arbeidsplassar
  • Satse aktivt på kombinasjonar innan matproduksjon, kultur, natur, oppleving og reiseliv
  • Utvikle kunnskap som støttar målet om naturbasert reiseliv i og omkring verneområda våre
  • Utvikle kystkultur / kystnatur som reiselivsprodukt
 
Strategi:
Den siste tradisjonelle strategiske reiselivsplanen for Sogn og Fjordane var planen for perioden 1989 - 2001. Målet med denne planen var å utvikla reiselivsnæringa i fylket til ei framtidsretta og vekstkraftig næring. Denne vart revidert i 1993. Grunnlaget for planarbeidet sto Sogn og Fjordane reiselivsråd og Sogn og Fjordane fylkeskommune for.

Arbeidet med fellesoppgåver i reiselivet starta opp som eit forsøksprogram i regi av Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1991. Programmet gjekk under namnet ”Forsøksprogram for infrastruktur i reiselivet”. Målsettinga med programmet var å finne ut korleis infrastrukturen i reiselivet (alle ikkje-kommersielle aktivitets- og opplevingstilbod) kunne utviklast betre og om det i denne sammenheng var behov for endringar av dei distriktspolitiske verkemidla.

Etter tre år blei programmet overført til dei tre deltakande fylkeskommunane. Oppland og Sogn og Fjordane hadde vore organisert som eit forsøksprosjekt med eiga styringsgruppe. Det blei semje om å fortsette forsøksarbeidet sammen og styringsgruppa blei også bedt om å fortsette. Dette betydde også at den framleis blei leia av departementet. Forsøksarbeidet blei avslutta i desember 1996 og prosjektrapport med forslag til vedtak blei i begge fylka lagt fram til behandling i dei respektive hovudutval.

For Sogn og Fjordane sin del førte dette til to vedtak i Hovudutval for næring. Hovudutvalet vedtok først den 20. juni ei målsetting om at 50 % av dei tilskot som går til reiselivsformål skal gå til fellesoppgåver. Til grunn for dette vedtaket låg eit ønskje om ei omprioritering av dei offentlege midla med redusert støtte til reiselivsbedrifter og auka støtte til fellesoppgåver. Samtidig var det uttrykk for eit ønskje om ei sterkare konsentrering av dei midlane som går til fellestiltak i reiselivet. Det var ingen intensjon om at det skulle brukast meir midlar til reiselivsformål sammenlikna med tidlegare år.

Det andre vedtaket frå november 1996 fastsette reglane for korleis det skulle bli gitt støtte til fellestiltaka. Dette blei kalla ”Rammeverk for løysing av fellesoppgåver på lokalt hald i reiselivet”. Rammeverket presiserar kva ein meiner med fellesoppgåver i reiselivet, stiller krav til dei organisasjonar som skal kunna få støtte og fastset reglar for kor mykje støtte dei enkelte organisasjonar kan få.

Den nye modellen fekk namnet "Hana-modellen", etter Georg Hana, som var med å utvikla han.

Hana-modellen vart basis i den nye strategiske planen for utvikling av reiselivet i Sogn og Fjordane. Slik har det i prinsippet vore fram til 2007.

Sentralt i Hana-modellen er destinasjonsselskapa. Det var 10 slike organisasjonar i 1997. I 2007 er dei reduserte til 8, men er framleis fylkesdekkande.

Destinasjonsselskapa er finansierte av fylke/stat (1/3), kommune (1/3) og næringa (1/3). Av godkjent budsjett skal maks 40% nyttast til administrasjon, maks 10% til marknadsføring og minimum 50% til produktutvikling (turistinfo, ikkje-kommersielle opplevingar, fysisk infrastrukturtiltak).

Destinasjonsselskapa sender sine årlege handlingsplanar til fylke og stat kring årsskiftet, og skal raportera i forhold til desse seinare.

Innovasjon Norge (SND) har sidan 1998 hatt ansvar for dei bedriftsretta verkemidla. Dei skal samordna sin strategi med dei andre aktørane i fylket, etter avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkesmannen har tradisjonelt hatt ansvar for reiseliv knytt til bygdeutvikling og utvikling av lokalsamfunn.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tradisjonelt delfinansiert større infrastrukturtiltak, samferdla, Sogn og Fjordane Reiselivsråd (SFR) og Fjord Norge AS.

SFR har tradisjonelt hatt eit koordinerande ansvar på fylkesnivå. Dei siste åra har dei vore utan fast tilsette, og spelt ei stadig mindre rolle.

Fjord Norge AS har sidan 1992 hatt ansvar for den internasjonale marknadsføringa av fylket ( og resten av Vestlandet).

Med utgangsunkt i desse aktørane og denne organiseringa gjekk reiselivsnæringa i 1999 ut og sa at dei hadde ein konkurransefordel her i fylket, fordi dei var så godt organiserte. Ein hadde såleis grunn til å tru at den nye måten å jobba på, var langt betre enn gamlemåten, representert ved den strategiske planen av 1989-2001.

Men, det tok ikkje mange år før nye organisasjonar og prosjekt byrja å konkurrera om midlane frå destinasjonsselskapa, og den årlege løyvinga frå stat og fylke gjekk ned frå kr 6 mill til kr 4 mill.

Destinasjonsselskapa og ordninga "fellestiltak i reiselivet" har vore evaluert til å vera ei god ordning, men det har også kome fram mange kritiske synspunkt.

Ansvaret med å koordinera  aktørane og dei ulike satsingsområda innan reiseliv, har lege til fylkeskommunen og program reiseliv (2001-2004). Fylkeskommunen hyra også inn Georg Hana i Destinasjonsutvikling AS fram til 2004 for å læra opp destinasjonsselskapa.


Strategisk plan for reiselivet i Sogn og Fjordane 2005-2008.

Med utgangspunkt i det som var status for reiselivet i fylket i 2005, utarbeide arbeidsgruppa for nye næringar og tenester, ny strategisk plan for reiselivet i Sogn og Fjordane, som lekk i fylkesplanen 2005 - 2008.


Mål 1 med planen er å fylgje opp det gode omdømet som fjordane har som attraktivt reisemål på ein offensiv måte.

Strategi 1. Destinasjonsutvikling
  • Stabile og langsiktige rammer for å driva destinasjonsutvikling
  • Etablering av nasjonalt fagmiljø (institutt) for å driva geoturisme
Strategi 2. Rollefordeling mellom aktørane

Strategi 3. Internasjonal marknadsføring

Strategi 4. Styrking av fylkesnivået
 
Strategi 5. Produktpakking på kommersiell basis
 


Mål 2 med planen er å satse meir på natur- og kulturbasert reiseliv.

Strategi 1. Kompetanseutvikling

Strategi 2. Utvikla aktivitetsturisme
  • Vinterturisme
  • Ut av bilen
  • Ut av båten
  • Sportsturisme (arrangement)
  • Anna

Strategi 3. Bedriftsutvikling

  • Hotel 
  • Camping
  • Hytter
  • Destinasjonsselskapa
  • Aktivitetsturisme-aktørar
  • Andre
Med utgangspunkt i desse måla og desse strategiane, er det etablert delprosessar, som program, prosjekt og tiltak.
 
Kompetanse vert ikkje etablert som eige program, men integrert i dei andre programma. Det er umogleg å lausriva kompetanse frå reelle prosessar.
 
Forsking og urvikling (FoU) vil også bli integrert i dei ulike programma, ved etablering av ein eller fleire innovasjonsprosessar, med metoden "8-talet".
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, Turistane
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2005
År godkjent: 2005
År oppstarta: 2005
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
reiselivsf

Program

Destinasjonsutvikling

Prosjekt

Bubilturisme
Båtturisme
Reiselivsplan 2009 - 2025
Småskala reiselivsutbygging

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Reiselivsplan Sogn og Fjordane 1989 - 2001
Sluttrapport program reiseliv 2001 - 2004

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune