Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

B. Fornybar energi SF (seinare)


Forankring: Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane > B. Fornybar energi SF (seinare)
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1733
Akronym:   
B. Fornybar energi SF (seinare)
Tittel:
Satsingsområde fornybar energi Sogn og Fjordane
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Sogn og Fjordane har eit godt utgangspunkt som «fornybar energi-fylke».  Innan vasskraft er det høg verdiskaping.  Distribusjon av kraft bidreg også til ei stor verdiskaping i fylket. Sysselsetjinga her er nær 74 prosent av sysselsetjinga innan produksjon av vasskraft. Forventa tal årsverk ligg på om lag 85–90 prosent av tal tilsette, altså om lag 640–680 årsverk. Kvinneandelen innan denne industrien ligg på ca. 15 prosent. 

Av andre fornybarområde med stor verdiskaping, peikar solenergi seg ut gjennom industriverksemdene Norsun og Elkem Bremanger. Totalt har desse ca. 214 tilsette knytta til produksjon av industriprodukt som vert nytta innan solindustrien.

Kraftbalansen i Sogn og Fjordane syner at vi har eit overskot på 7 TWh som må eksporterast. For samanlikning: Dette er det same som 14 Alta-kraftverk. Kraftkrevjande industri står for ¾ delar av forbruket i Sogn og Fjordane. Det er usikkert om forbruket i fylket vil auke vesentleg.

Stort potensiale innan vasskraft og vindkraft
SFE Nett AS kartla i 2011 konkrete planar for kraftutbygging. Kartlegginga viste at det var 370 moglege prosjekt. Legg ein til aktuelle planar for større vasskraftutbyggingar er det høgaste scenarioet rekna ut til 1700MW/5,1TWh ny vasskraft. I tillegg kjem konsesjonssøkte og melde planar for landbasert vindkraft på om lag 1200MW/3,2TWh og meld plan for offshore vindkraft på 1080MW/4,5TWh.

Det er søkt om eller godkjent over 2 TWh vasskraft  som enno ikkje er utbygd. Total investeringskostnad for denne er minimum 7 milliardar. Lokale leveransar kan utgjere 50 prosent av dette, altså minst 3,5 milliardar.  Det skal i tillegg investerast minimum 1 milliard i nye nett.

Eit overslag tilseier ei utbygging av inntil 400 MW vindkraft. Dette kan gje lokale leveransar på om lag 720 millionar kroner i byggjefasen. Ideelt sett skal alle desse utbyggingane gjennomførast i løpet av ein sjuårsperiode.

I driftsfasen vil desse utbyggingane gje driftskostnader med potensielle lokale leveransar på inntil  40 millionar kroner for vasskraft og inntil 120 millionar for vindkraft.

Kor raskt og i kor stort omfang desse utbyggingane kjem, avheng av nasjonale føringar, konsesjonar, skatteregime, avskrivingsreglar, handsamingstider, andre politiske føringar og vedtak, og til slutt reine bedriftsøkonomiske vurderingar av utbyggjar.

Marknaden må karakteriserast som labil. Talmaterialet ovanfor må lesast med eit slikt utgangspunkt. Vi kan summere opp status innan fornybar energi i fylket slik:



Økonomiske tal er berre frå verksemder som er registrerte med adresse/hovudkontor i Sogn og Fjordane, og som er pliktige til å levere rekneskap til Brønnøysund. I praksis er dette i all hovudsak aksjeselskap. Når det gjeld tal tilsette har vi óg med eit breiare grunnlag.

Vi har verksemder som produserer og leverer fornybar energi innan vasskraft, vindkraft, bioenergi (både elektrisitet og varme) og fjordvarme. I tabellen over har vi også med ei verksemd innan bølgjekraft som pr. i dag er på FoU-stadiet. Leverandørindustri til desse fornybarteknologiane er ikkje med i tabellen.

Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging (vasskraftplanen) og Regional plan for vindkraft (vindkraftplanen) legg føringar for handsaming av vasskraft- og vindkraftutbygging i fylket.

Vasskraft og både landbasert og offshore vindkraft er analysert nærare i framlegget frå eiga arbeidsgruppe.

Analysar for dei andre fornybare energiteknologiane er vert kort omtala her:

Ved utbygging av anlegg for fjordvarme og bioenergi er det stort potensial for lokale leveransar. Det ligg ikkje inne nye søknader om konsesjon for slike anlegg i fylket. Teoretisk er potensialet stort både nasjonalt og internasjonalt. Leiande verksemder i Norge innan fjordvarme er lokaliserte i Sogn og Fjordane (Nordfjordeid).

Innan bølgjekraft har vi i dag ei verksemd som er i ein utviklingsfase. Det er i dag ingen nasjonal marknad for bølgjekraftanlegg, men det finst ein internasjonal marknad. Ein er i dag avhengig av subsidiar for at produksjon av elektrisitet frå bølgjekraft skal vere lønsamt.

Innan solenergi er det ingen produksjonsbedrifter. Vi har to industribedrifter som leverer til den internasjonale solcelleindustrien. Desse er sterkt konkurranseutsette. Bak desse står sterke nasjonale/internasjonale eigarar.
Strategi:
I arbeidet med fornybar energi set vi søkjelyset på dei områda og tiltaka som vi regionalt og lokalt har størst påverknadskraft på og styring med.

Vi prioriterer korleis vi skal gjere lokale leverandørar best i stand til å levere mest mogeleg i samband med utbyggingane innan fornybar energi i Sogn og Fjordane.

Lokale leverandørar må gjerast i stand til å levere varer og tenester innan vedlikehald og drift av anlegg for fornybar energi.

Figuren: Organisering av arbeidet under satsingsområde Fornybar Energi. Det vert framleis arbeidd med struktur og ansvarsplassering

PROGRAM FOR LEVERANDØR- OG INDUSTRIUTVIKLING
I løpet av ein sjuårsperiode reknar vi med at det vert bygd vasskraftverk med ein total investeringskostnad på minimum 7 milliardar kroner. Lokale leveransar kan utgjere 50 prosent av dette, altså minst 3,5 milliardar. I tillegg skal det investerast minimum 1 milliard i nye nett.

Eit fornuftig anslag tilseier ei utbygging av 400 MW vindkraft. Dette kan gje lokale leveransar på om lag 720 millionar kroner i byggjefasen. I driftsfasen vil desse utbyggingane gje driftskostnader med potensielle lokale leveransar på inntil 40 millionar for vasskraft og inntil 120 millionar for vindkraft.

Det vert i første omgang etablert eit program for leverandør- og industriutvikling basert på delmål 1 og 2 nedanfor.



Delmål 1:
Auke lokale leveransar knytte til utbygging av fornybar energi gjennom leverandørutvikling og etablering av nye samarbeidskonstellasjonar.   

Dette delmålet er retta mot å nytte utbyggingane innan vasskraft, vindkraft og nett til å legge til rette for at lokale verksemder kan utvikle seg og å bli i stand til å hevde seg nasjonalt og internasjonalt om dei ønskjer det. Isolert sett vil ein auke i lokale leveransar uansett gje stor auke i verdiskapinga i regionen.

Måleindikatorar

2014

2017

2019

2022

2025

Omsetnad lokale leverandørar nye prosjekt i Sogn og Fjordane i % av total prosjektkostnad vasskraft

-           Småkraftverk (< 10MW)

-           Større kraftverk (> 10 MW)

 

 

 

50 %

13 %

 

 

+ 1

Prosent-poeng

 

 

+ 1

Prosent-poeng

 

 

+ 1

Prosent-poeng

 

 

+ 1

Prosent-poeng

Omsetnad lokale leverandørar i nye prosjekt i Sogn og FJordane i % av total prosjektkostnad vindkraft

Min.

15 %

+ 0,5

Prosent-poeng

+ 0,5

Prosent-poeng

+ 0,5

Prosent-poeng

+ 0,5

Prosent-poeng

Omsetnad lokale leverandørar i nye prosjekt i Sogn og Fjordane i % av total prosjektkostnad nett

Min.

35 %[1]

+ 1

Prosent-poeng

+ 1

Prosent-poeng

+ 1

Prosent-poeng

+ 1

Prosent-poeng

 

Delmål 2:
Auke lokale leveransar knytte til drift og vedlikehald gjennom leverandørutvikling.


Dette delmålet er retta mot å auke lokal verdiskaping innan
drift og vedlikehald knytt til vasskraft, vindkraft og nett, og då
spesielt nytte dei utbyggingane som no skal skje som drivkraft i
denne utviklinga.

Det er vanskeleg å finne gode generelle måltal, og vi bør bruke tal frå dei prosjekta som vert sette i gang.

Dette er dei viktigaste tiltaka som skal gjennomførast i ein fireårig handlingsplan:
  • Etablere kultur for samarbeid mellom aktørar i bransjane, både privat og offentleg sektor.
  • Program for leverandørutvikling vasskraft innan utbygging, drift og vedlikehald.
    o    Ulike tilbod innan kvalifisering/sertifisering
    o    Bedriftsnettverk
  • Program for leverandørutvikling vindkraft innan utbygging, drift og vedlikehald.
    o    Samarbeide og vidareutvikle pågåande prosjekt
  • gjennom Vindkraftforum
  • Program for leverandørutvikling nett innan utbygging, drift og vedlikehald.
  • Ulike tilbod innan kvalifisering/sertifisering
  • Bedriftsnettverk



PROGRAM FOR INNOVASJON OG KLYNGEUTVIKLING

Delmål 3:
Innovasjon og industriutvikling med fokus på auka bruk av eigne energiressursar.

Innovasjon innan energifeltet kan opne nye marknader. Partnarskapen må overvake utviklinga for å justere fornybar energi-satsinga i tråd med utviklinga. Innovasjon Norge skal prioritere støtte til bedriftsutvikling som bidreg til å styrkje Sogn og Fjordane som nyskapande «fornybar-fylke».

Sogn og Fjordane har eit kraftoverskot på 7 TWh. Dette vil auke med ca. 2–3,2 TWh med dei planlagde utbyggingane. Delmålet inneber eit felles arbeid mot at ein større del av kraftoverskotet vert nytta i fylket.


FOU-PROGRAMMET? (ER IKKJE DEFINERT)

Delmål 4:
Utnytte effekten av høgare utdanning og forskingsmiljø i fylket innan fornybar energi og auke verdiskaping innan kunnskapsintensive arbeidsplassar.

Sogn og Fjordane har høgskuleutdanning i Sogndal med bachelorgrad i fornybar energi og bachelorgrad i elkraft i Førde. Det er plass til fleire kunnskapsverksemder som arbeider med fornybar energi og som etterspør arbeidskraft frå desse utdanningane.

Målet er å etablere ei fornybar energi-klynge. Den praktiske indikatoren er å få etablert status som nasjonalt Arena-prosjekt og etter kvart status som norsk ekspertsenter (NCE) i løpet av den kommande tiårsperioden.Rammevilkåra rundt næringa er mange. Prosessar for å avklare areal- og interessekonfliktar er kjende og viktige. Fylkeskommunen har arbeidd me
d arealavklaringar for småkraft og for vindkraft.[2]

Ulike reglar og reguleringar innan fornybar energi pålegg næringa store ekstra kostnader.


POLITISKE PROBLEMSTILLINGAR 

Viktige politiske problemstillingar er:

  1. Utvikle samarbeid i energibransjen for å utvikle eit sterkt næringsmiljø i Sogn og Fjordane.
  2. Handsamingstid for konsesjonar for fornybar kraft – elsertifikat etter 2020.
  3. Grunnrenteskatt.
  4. Regionalnett – tariffar.
  5. Vassdirektivet/vilkårsrevisjon.

 

INFRASTRUKTURTILTAK

Desse infrastrukturtiltaka vert trekte fram som særleg viktige:

  • Utdanning – Studieplassar på elektro i fylket. (Næringa ønskjer fleire klasser innan elektro på dei vidaregåande skulane i fylket.)
  • Breibandutbygging


[1] Tal frå SFE tilseier at mellom 30 – 40 % av leveransane er lokale (frå Sogn og Fjordane), inkl SFE sine eigne leveransar i prosjekta.

[2] http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/pages/partnarskap

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2013
År godkjent: 2014
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
fornybar energi, vpsf25energi,

Program

Innovasjon og klyngeutvikling SF
Leverandør og industriutvikling SF
Utdanning og forsking SF

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune