Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1478
Akronym:   
RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane
Tittel:
Fylkesporteføljen av prosjekt finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet, saman med relatert FoU utviklingsarbeid for fylket.
Heimeside:
http://www.regionaleforskningsfond.no/vestlandet

Bakgrunn og utfordringar
:

ARBEID FOR SOGN OG FJORDANE SINE FOU-INTERESSER (C)

Avtalen mellom fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, seier at Sogn og Fjordane sin person i sekretariatet, skal gjere andre FoU oppgåver for fylket enn dei som er knytt til RFF

Denne prosessen som her er oppretta i RUP Norge, er forankra i denne delen av avtalen, og spesielt retta inn mot FoU-arbeid i Sogn og Fjordane, illustrert ved ring C i figuren under. 

Figuren viser korleis stillingsheimelen er delt i to oppdrag, i høvesvis Regionalt forskingsfond Vestlandet, sekretariatet (B) og i Sogn og Fjordane fylkeskommune, for arbeid med Sogn og Fjordane fylke sine FoU-interesser (C)


REGIONALT FORSKINGSFOND VESTLANDET (B)

Det typiske sekretariatsarbeidet (B) vil skje saman eller i samarbeid med dei andre i personane i sekretariatet, frå Rogaland og Hordaland. Dette arbeidet er organisert i 4-årsbolkar, der bestillinga frå fylkeskommunane og retningslinjene frå Kunnskapsdepartementet er styrande.

Det vert laga årlege handlingsplanar, med eit relativt fast årshjul. Det viktigaste arbeidet til fondet er å forvalta midlane i fondet i tråd med retningslinjer og bestilling. Det gjeld utlysing av midlar, vurdering av søknader, tildeling av midlar til prosjekt, oppfølging av prosjekt, etc. Sekretariatet arbeidar tett saman med styret for fondet. Det er 7 fond i landet, som alle jobbar tett saman med Forskingsrådet.
 
SAMSPEL OG SAMORDNING AV TO OPPDRAG (A)
Eit mål med dette FoU-arbeidet i Sogn og Fjordane er at det skal utfylla og styrka arbeidet i sekretariatet, for å nå det felles målet om styrking av forsking for regional utvikling og innovasjon i Sogn og Fjordane.

Ei viktig utfordringa er å utnytta dei moglegheitane som finst i kombinasjonen av å vera "sekretær i fondet" (B) og "rådgjevar i fylket" (C).

Denne nettsida i RUP-Norge skal utfylle og støtte opp om  RFF Vestlandet si eiga nettside, som er fondet si hovudside.
Strategi:

STRATEGI

Strategien skal sikra at måla vert nådde. Ambisjonane er:
  • Strategien skal sikra at det vert sendt inn mange gode søknader frå Sogn og Fjordane, og at mange FoU-prosjekt frå fylket får tilskot frå fondet.
  • Strategien skal sikra at søkjarane arbeidar effektivt og målretta for å etterspørja FoU-hjelp, og at dei får den alle beste hjelp til å nå sine mål raskt og effektivt.

  • Strategien skal sikra at Regionalt forskingsfond Vestlandet er optimalt innretta mot prioriterte mål og målgrupper i regionale planar i Sogn og Fjordane
  • Strategien skal sikra at Regionalt forskingsfond Vestlandet er optimalt innretta mot overordna mål for ordninga i Kunnskapsdepartementet sine retningslinjer til fonda, og at det desse måla skal nåast i alle fylke.

Før ein kan setje i verk strategiske handlingar, eller tiltak, så må ein fyrst kartlegge, eller liste opp, dei kritiske suksessfaktorane. Me kjenner mange kritiske suksessfaktorar.

  1. Brukarane, eller søkjarane, må bli flinkare til å arbeida langsiktig, målretta og systematisk. Eit FoU-prosjekt må forankrast i ei satsing med målstyring, eller eit program med programstyring. Dette gjeld ofte både bedrifter, institusjonar og organisasjonar.

  • Betre brukarar (bedrifter, institusjonar, organisasjonar)
  • Betre bruksretta forsking
  • Betre sektorsamarbeid
  • Betre regionale innovasjonssystem
  • Betre brukarar
  • Styrka aktuelle brukarmiljø i Sogn og Fjordane som regionale utviklingsaktørar, for å oppnå mogne og topp kvalifiserte bestillarar og brukarar av FoU. 
  • Betre FoU-miljø
  • Styrka forskingsmiljøa i Sogn og Fjordane som oppdragstakarar og leverandørar av bruksretta forsking, utvikling og innovasjon, og deira evne og moglegheit til langsiktig og målretta samarbeid med brukarane. 
  • Betre sektorsamarbeid
  • Utvikla og/eller styrka nye og eksisterande former for samarbeid mellom dei fire sektorane (offentleg, privat, akademia/FoU og frivillig) i Sogn og Fjordane, for å skapa innovasjonar som grunnlag for å oppnå økonomisk vekst og andre målsetjingar.
  • Betre regionale innovasjonssystem
  • (meir her)
  •  
  • Strategien er at det vert etablert langsiktige og målretta utviklinsprosessar for kvart delmål.
  • I figuren under er delmåla illustrert ved dei tre ringane, medan hovudmålet er illustrert ved den gule trekanten, som eit symbol på optimal "mix" av dei tre delmåla.


Status:
Oppstarta
Vedtak:
Fylkestinget, 13.10.2009, sak: 47/09
Tittel: Samarbeidsavtale om plikt og ansvar vedrørande forvaltninga av Regionalt Forskingsfond Vestlandet. Oppnemning av medlem i valkomite
Endeleg vedtak: Punkt 1 av 4: Fylkestinget sluttar seg til forslaget til Samarbeidsavtale om plikt og ansvar vedrørande forvaltninga av Regionalt Forskingsfond Vestlandet; jfr vedlegg 1.
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2010
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
fousamsf sogn og fjordane
Prosessleiar
Arne Monrad Johnsen,
seniorrådgivar FoU
Sogn og Fjordane fylkeskommune / Regionalt forskingsfond Vestlandet
Mobil: 41530978
arne.monrad.johnsen@sfj.no

Prosessansvar:
Jan Heggheim,
Fylkesdirektør Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Program

RFFVsf ENERGI
RFFVsf FOLKEHELSE
RFFVsf INTEGRERING OG INNVANDRING
RFFVsf KLIMA OG MILJØ
RFFVsf MAT BLÅ
RFFVsf MAT GRØN
RFFVsf OFFENTLEG ADMINISTRASJON
RFFVsf REISELIV
RFFVsf SKULE
RFFVsf VESTLANDET 2025

Prosjekt

2011HS: Landbruk og FoU - Hordaland og SF
2011RFFV: Forsking kommunal sektor Vestlandet

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Innovasjon i offentleg sektor
Utlysing av midlar til FoU frå dei regionale forskingsfonda - infohefte for Sogn og Fjordane
Forskingsmeldinga 2013
Søknadsfrist utlysing hovudprosjekt RFFV 15% potten 2. oktober 2013
Søknadsfrist 2.utlysing hovudprosjekt RFFV 16.oktober 2013
Søknadsfrist forprosjekt RFFV 2013
Søknadsfrist RFF Vestlandet i april 2013

Aktivitetar

Styremøte RFFV jun13
Årskonferansen 2013 Svolvær
Læringsarena RFF mar13
Styremøte RFFV feb13
Styremøte RFFV des12
Styremøte RFFV okt12
Årskonferansen 2012 Hamar
Styremøte RFFV mai12
Styremøte RFFV feb12
Styremøte RFFV des11
Styremøte RFFV okt11
Styremøte RFFV jun11
Årskonferansen 2011 Bergen
Styremøte RFFV feb11
Styremøte RFFV nov10
Styremøte RFFV sep10

Rapportar

Årsmelding for Regionalt forskingsfond Vestlandet - Sogn og Fjordane 2011

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune