Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

Reiseliv Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1070
Akronym:   
Reiseliv Sogn og Fjordane
Tittel:
Reiselivsplan SF 2010 - 2025
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:

(HAR IKKJE VORE AKTIVT BRUKT)
Fylkeskommunen ved hovudutval for plan og næring vedtok å setje i gong arbeidet med planen sommaren 2007, og oppnemnde styre og vedtok budsjett for arbeidet i november same året. Bakgrunnen for arbeidet med planen var mellom anna rapporten Statusanalyse av reiselivet i Sogn og Fjordane. (VF-rapport 03/07) og innspel frå Sogn Regionråd. Arbeidet fall også naturleg saman med rullering av reiselivsplanen i fylkesplanen 2005-2008(10).

Ei målsetting med reiselivsplanprosjektet har vore å laga ein plan som sikrar ”Auka verdiskaping og berekraft i reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane, og styrking av reiselivet som regional utviklar og samfunnsøkonomisk bidragsytar”. Planen skal sikra god samordning og betre grunnlag for partane til å ta avgjerder. Planen skal vere med på å styrke statusen og rammevilkåra til reiselivsnæringa i fylket, og medverke til at ansvar, roller, verkemiddelbruk og oppgåver i reiselivsarbeidet vert klarare.

Planen skal vera retningsgivande for arbeidet med utvikling av reiselivet i fylket fram mot 2025. Det er eit mål  at planen skal bli brukt av alle reiselivsaktørane, som til dømes verkemiddelapparat, reisemålselskap, regionråd, kommunar, interesseorganisasjonar innan reiseliv (bl.a. NHO reiseliv og Hanen), slik at offentlege verkemiddel vert brukt saman med næringa sine eigne ressursar på ein effektiv og samordna måte.

UTFORDRINGAR
Hovudutfordringane for næringa er auke i tal gjestedøgn over heile året, betre lønnsemd og auka verdiskaping over heile fylket. Samtidig skal reiselivsnæringa utvikla seg på ein berekraftig måte som tek vare på miljøet og lokalsamfunna. 

Dette krev at vi konsentrerer oss om å utvikle gode autentiske produkt, og at vi gjer dette etter fyrtårnmodellen slik at nokre hovudprodukt vert løfta fram som ”primærattraksjonar” og bidreg til å bane veg for nye og mindre kjende produkt.

Betre og meir effektiv marknadsføring gjennom destinasjonsselskap, landsdelsselskap og Innovasjon Norge, samt auka bruk av IKT skal bidra til fleire og meir lønsame gjestedøgn. 

I tillegg må vi jobbe med å utvikle kompetanse og kunnskap i næringa. Gjennom betre dialog, felles møtestader, betre statistisk materiale og FoU skal kompetansen i næringa aukast og kvaliteten på produkta forbetrast. Samla håpar ein at fleire gjestedøgn, betre lønsemd og høgare kvalitet  skal bidra til at private investorar vil sjå på næringa som ei attraktiv næring å investere i.

VF rapport 03/07 (Vestlandsforsking)
I denne rapporten kom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane fram til fylgjande kjenneteikn ved reiselivet i Sogn og Fjordane:

  • Me har nokre få store reiselivsbedrifter og føretak som er katalysatorar for anna reiselivsverksemd.
  • Me har eit stort tal småskala opplevings- og overnattingsbedrifter som er ein sentral del av reiselivsproduktet, men som gjennomgåande har avgrensa driftsomfang og økonomi, og som ikkje er synlege i SSB - statistikken.
  • Me har eit stort potensiale for vidareutvikling av opplevingsnæringar i natur- og kulturlandskapet. Dette omfattar både harde og mjuke aktivitetar knytt til natur- og kulturlandskapet.
  • Me har store sesongsvingingar og høg del ferie/fritidsgjester - spesielt utanlandske.
  • Me har generelle utfordringar knytt til tilgong på arbeidskraft, innovasjon, kompetanse, styrka samhandling/nettverk/partnarskap, fellesgodeansvar, finansiering og virkemiddelbruk.

I tillegg fann dei utfordringar for reiselivet i fylket knytt til fylgjande behov:

  • Auka tilrettelegging for  baseferie med sjølvhushald – stor årleg vekst i etterspurnaden  og stor del av marknaden.
  • Utvikling av eksisterande og nye oppleving- og overnattingstilbod for å nå måla om auka verdiskaping og fleire gjestedøgn.
  • Betre samferdsle for turistane ( m.a. rutenett, fly, kollektivtransport, vegstandard)
  • Trong for betre tilgang til marknaden - mange små aktørar utan profesjonelle salsledd
  • Å få turistane til å opphalde seg lengre i fylket om gongen [1]
  • Betre profilering, spissing av det mest attraktive og unike vi har i fylket, synlegheit i digitale media.
  • Meir profesjonalitet og innovasjon - mange små aktørar som treng kompetanseheving
  • Utvikling av eit berekraftig reiseliv
  • Utvikling av heilskaplege reisemål og avklaring av fellesgodeansvar
  • Styrka samhandling, nettverk og partnerskap mellom små og store aktørar i næringa og offentleg sektor
  • Styrka og meir konsentrert verkemiddelbruk og investeringar

SNF -rapport 07/06 (Senter for Næringsforsking - NHH)
I denne rapporten vart identifisert sju utfordringar for opplevingsnæringane på Vestlandet:

  • Felles profilering,
  • Samordning/nettverk,
  • Samarbeid mellom små og store reiselivsaktørar,
  • FoU, kursing og kunnskapsutveksling,
  • IKT - bruk; opplæring og systemutvikling,
  • Berekraft og geoturisme i praksis og
  • Marknadskunnskap for marknadsbasert produktutvikling. 

Utfordringane for dei andre reiselivsnæringane er i stor grad tilsvarande, men større bedrifter (hotell, transport, senter/museum o.l.) har gjennomgåande større kunnskap innan dei fleste av områda. Likevel vi det vera samanfallande utfordringar innan desse sju områda for heile reiselivsnæringa.

Desse og fleire konkrete utfordringar er oppsummerte i dei strategiske handlingsområda i planen, med eigne strategiar og forslag til tiltaksområde. Så langt det let seg gjere skal det arbeidast parallelt med tiltak innafor alle dei strategiske handlingsområda.


 

[1] Landsgjennomsnittet ligg på omlag 1,7 døgn, medan gjennomsnittleg opphaldstid i Sogn og Fjordane er omlag 1,4 døgn pr. hotell pr. gong.

Strategi:

Med utgangspunkt i situasjonsanalysen, tidlegare relevante analysar og foresight-prosessane, er det sett opp sju strategiske handlingsområde, for å nå dei langsiktige måla i planen.  Dette er:

1.    Samhandling

2.    Berekraft

3.    Produktutvikling

4.    Verkemiddelbruk og private investeringar

5.    Infrastruktur

6.    Marknadskommunikasjon

7.    Kunnskap og kompetanse.

MEIR OM KVART HANDLINGSOMRÅDE

1.Samhandling

Ein vil sørgje for at kontakten mellom aktørgrupper i reiselivsnæringa, andre næringar, kunnskapsmiljøa og ulike deler av offentleg sektor skal bli enda tettare. Slik skal ein oppnå samhandling om auka lønsemd, innovasjon og berekraft.

For å få til dette må  ein styrke eksisterande nettverk og etablere nye fysiske og digitale møteplassar, til dømes gjennom ein årleg reiselivskonferanse og oppretting av regionale ”idélab’ar”, i tillegg til ei styrka bruk av digitale hjelpemiddel som RUP Norge og web 2.0.

 

2. Berekraft

Det skal  etablerast ei lønsam reiselivsnæring som aukar trivselen i lokalsamfunna og som reduserar miljøbelastninga lokalt og globalt. Berekraftig forvaltning skal vera eitt av Sogn og Fjordane sine viktigaste konkurranseføremoner. Utviklinga av reiselivet skal baserast på prinsippa for berekraftig reiseliv, som definert av FN-WTO (World Tourist Organisation.

For å styrke miljøprofilen, må ein sikre mest mogeleg lokal bruk av arbeidskraft, råvarer og tenester, i tillegg til å auke bruken av miljøvenlege alternativ som til dømes kollektivtrafikken. Etablering og marknadsføring av miljøfyrtårn, satsing på økoturisme og bruk og vern av nasjonalparkar og verdsarvområde er tiltak som bør prioriterast. Dei økonomiske og kulturelle overrislingseffektane og av reiselivet på lokalsamfunna skal tilleggjast stor vekt. Ein skal starta arbeide med ei kartlegging av berekraftutfordringane.

3. Produktutvikling

Ein har ein målsetting om at produkta skal vera unike, tilgjengelege, vennlege og betre enn forventa. For å oppnå dette må ein fokusere på utviklinga av nokre utvalde produktområde, som å utnytta våre unike naturkvalitetar, og drive langsiktig investering i produkt, føretak og reisemål.

Ein skal satsa meir på utvikling av naturbaserte opplevingar, som vandring, sykling, jakt og fiske, og meir på sportsturisme, saman med fokus på historie, kultur og lokal mat. Produkta skal stimulera til baseferie som ei framtidsretta ferieform.


 

4. Verkemiddelbruk og private investeringar

Reiselivet skal  etablerast som  ei prioritert satsingsnæring for privat kapital. Ein må styrke og konsentrere den offentlege verkemiddelbruken knytt til utvalde tiltak og satsingar i reiselivet, og samtidig tiltrekke private investorar ved eit tett samarbeid mellom næringa, kommunane og finansmiljø. Ein skal skape verktøy, møteplassar og tilbod som styrker satsinga og innovasjonen i reiselivsnæringa.

5. Infrastruktur

Det skal vera lett å reisa til og i Sogn og Fjordane, både med tanke på informasjon og samferdsle. Det skal vera vakre, reine og godt tilrettelagde omgjevnader. Ein formell dialog mellom reiselivsnæringa, fylkeskommunen, vegvesenet og transportselskapa må styrkast for å sikre framtidige samferdselsbehov, som ruter, korrespondanse, tilgjenge, kapasitet og kvalitet. Særskilt sikring av rutetilbod utanfor sommarsesongen og satsing på rundreiser liknande ”Norway in a nutshell” er viktige satsingsområde.

6. Marknadskommunikasjon

Reisemålet Sogn og Fjordane og produkta i fylket skal vera synlege og lett å finne, dekke behov og vere freistande, og lett å kjøpe (booking). Samhandling og ressursbruk om felles profilering og marknadskommunikasjon med vekt på bruk av IKT må styrkast. Nye sosiale media skal lærast og utnyttast (web 2.0). Det skal vera fokus på behovsdekking i utvalde marknadssegment med vekt på tematurisme og unike, naturbaserte fortrinn og profilen ”Fjordane under breen” skal nyttast aktivt.

7.Kunnskap og kompetanse

For å styrka lønsemd, innovasjon og berekraft må ein sørgje for auka kunnskap og kompetanse i reiselivsnæringa og offentleg forvaltning. FoU i reiselivet må styrkast ved tettare kopling mellom næringa, verkemiddelapparatet og relevante kunnskapsmiljø.  Ein må ha sikre system for kunnskapsoverføring, og synleggjere og eventuelt bidra til å utvikle opplæringsprogram ut frå behov i reiselivsæringa.

Til kvart av dei strategiske områda er dei kritiske suksessfaktorane vurderte, og det er lista opp ei rekkje med forslag på tiltak, til bruk for dei som har ansvar for utviklinga av reiselivet framover, på fylkesnivå, regionnivå, kommunenivå og bedriftsnivå.

Status:
Oppstarta
Vedtak:
Fylkestinget 08.06.2010
SAK 31/10 Reiselivsplan for Sogn og Fjordane 2010 - 2025.

VEDTAK:

1. Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 til 2025 vert vedteken slik den ligg føre. Det vert i tillegg innarbeidd omtale av privat hyttebygging. Fylkestinget gjev hovudutval for plan og næring fullmakt til å godkjenne omtale av privat hyttebygging.

Fylkeskommunen har ansvar for å skaffe betre statistikkgrunnlag som skal leggast til grunn for langsiktig avtale for finansiering.

2. Fylkeskommunen tek planen i bruk straks, ved å etablera styringsgrupper, program og delprogram som skissert i planen, i samarbeid med næringa og den regionale partnarskapen.

3.Fylkeskommunen formar bestillingar til programstyra for 2010, og syter for at arbeidet startar opp i tråd med planen og dei metodar og verkty som der er skisserte.

4. Fylkeskommunen startar straks arbeidet med å førebu avtalar med programstyra for perioden 2011 til 2013.

5. Utgifter i samband oppfølgingsarbeidet i 2010 skal dekkast av midlar på plan og næring sitt budsjett avsett til føremålet.

6. Fylkeskommunen sin vidare økonomiske medverknad til gjennomføring av planen vert å ta stilling til i arbeidet med budsjett 2011/økonomiplan 2011 - 14.

7. Reiselivsplanen vert evaluert når den regionale planstrategien for Sogn og Fjordane er vedteken.

Som oppfølging til punkt 1 i fylkestingvedtaket vart forslag om tekst til privat hyttebygging lagt fram til hovudutval for plan og næring, som gjorde fylgjande vedtak den 7. september 2010:


Hovudutval for plan og næring 07.09.2010 SAK 52/10: Tekst om privat hyttebygging i ny reiselivsplan:

VEDTAK:

Forslag til tekst om privat hyttebygging, som framlagt i denne saka, skal inn i den endelege utgåva av Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 – 2025.
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2010
År oppstarta: 2010
År avslutta: 2012
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
reiselivsf2025 vpsf14rl

Program

Aktørprogrammet
Berekraftprogrammet
Infrastrukturprogrammet

Prosjekt

Ekstremsport
Travelistics

Tiltak

Reiselivskonferansen 2011
Reiselivskonferansen 2012

Meldingar

Destinasjon Norge - regjeringens reiselivsstrategi lansert
Distriktssenteret med skryt til reiselivsplanen i Sogn og Fjordane

Aktivitetar

Reiselivsstrategi Sogn og Fjordane - april 2011

Rapportar

Supplement 4 - Korleis konkretisere arbeidet for eit berekraftig reiseliv?
Supplement 3 - Oppsummering av strategiworkshop Fjærland mai 2008
Supplement 2 - Oppsummering av Kreativ idé-lab våren 2008
Supplement 1 - Tre Scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane mot 2025
Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 - 2025

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune