Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

Osterfjord Næringssamarbeid


Forankring: Osterfjord Næringssamarbeid
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
886
Akronym:   
Osterfjord Næringssamarbeid
Tittel:
Osterfjord Næringssamarbeid sine regionale utviklingsprosessar
Regional dekning:
Hordaland
Heimeside:
www.rup.no
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
Ved sist årtusenskifte innleidde kommunane Modalen, Osterøy og Vaksdal eit formelt samarbeid ved oppretting av Osterfjordrådet. Osterfjordrådet er samansett av ordførarane og rådmennene i dei 3 kommunane. Leiarfunksjonen går på omgang med eitt kalenderår om gangen. For å samordne næringsutviklingsarbeidet i kommunane vart Osterfjord Næringssamarbeid oppretta. Deltakarar ved etableringa av samarbeidet i 2001 var; Næringskonsulenten i Modalen, Industrikonsulenten på Osterøy, Osterøy Utvikling, Vaksdal Næringsselskap AS og Osterfjord Reiselivslag. Osterøy Utvikling vart avvikla i 2004. Osterfjord Næringssamarbeid får midlar frå Hordaland fylkeskommune med basis i ein partnarskapsavtale. Osterfjord Næringssamarbeid forvaltar også Regionalt næringsfond for Osterfjord som får tildelt statlege midlar via Hordaland fylkeskommune.
Strategi:
Osterfjord Næringssamarbeid er ein fagleg og praktisk samarbeidsforening for å fremje næringsutvikling i Osterfjordregionen.
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Vedtak om opprettinga av Osterfjord Næringssamarbeid vart gjort i 2001.
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2000
År godkjent: 2001
År oppstarta: 2001
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Regionalt næringsfond vert forvalta av Osterfjord Næringssamarbeid etter retningslinjer frå fylket. Det er oppretta eit eige fondsstyre der m.a. ordførarene i dei 3 Osterfjordkommunane sit. Fellestiltak som dekkjer fleire kommunar vert prioriterte. Det vert normalt ikkje gitt støtte til einskildverksemder. Unnatak kan gjerast for: Tiltak som gir nytte i meir enn ein kommune. Tiltak som er spesielt i samsvar med satsingsprosjekt i regi av Osterfjord Næringssamarbeid.
Kode og nøkkelord:
ONS

Satsingsområde

Ingen registrerte

Program

Samarbeidsavtale mellom Høgskolen i Bergen og Osterfjordregionen

Prosjekt

Autoadm
Biovarme Osterfjord

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Årsrapport Osterfjord Næringssamarbeid 2006

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune