Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

Vestlandet - Vestlandsrådet


Forankring: Vestlandet - Vestlandsrådet
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
574
Akronym:   
Vestlandet - Vestlandsrådet
Tittel:
Vestlandssamarbeidet ved Vestlandsrådet
Regional dekning:
Noreg
Heimeside:
http://www.vestlandsraadet.no/
Bakgrunn, skildring og utfordringar:

Fylkestinga på Vestlandet har funne det føremålstenleg å etablere eit formelt samarbeidsråd, eit Vestlandsråd. Ambisjonen er å overføre reell avgjerdsmynde til rådet. Dei fire fylkeskommunae, som har etablert rådet, er Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

20 medlemar
Vestlandsrådet består i alt av 20 personar, 5 frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant fylkestinget sine medlemar. Leiinga av Vestlandsrådet skal gå på omgang med intervall på om lag eitt år. Fylkesordførar i det fylket som har leiarskapen, er leiar for rådet. Fylkesrådmann i same fylke har ansvar for å leia sekretariatet, og har også innstillingsretten til rådet. No er rådet leia av fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Vestlandsrådet skal arbeide for å utvikle Vestlandsregionen gjennom m.a.:

  • Felles satsing, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen
  • Fremme interessene til regionen
  • Arbeide for å kunne forvalte, heilt eller delvis, statlige oppgåver, ressursar og virkemiddelstyring

Vestlandsrådet skal ikkje erstatte fylkestinga, og det blir sentralt å finne ei god arbeidsfordeling mellom rådet og fylkeskommunane.

Sterk maktfaktor
Ein vestlandsregion med 26 % av folket i landet vil vere ein tilstrekkeleg sterk maktfaktor til å utfordre og balansere den sterke sentralstyrte statsmakta i Noreg. Dette gjeld både å bli høyrd i utforminga av nasjonal politikk for samfunnsutviklinga, og å ta over oppgåver/funksjonar som i dag blir løyste på nasjonalt nivå og dermed gje desse ei regionalpolitisk styring og regional tilpassing.

Motvekt mot sentralisering
Ein Vestlandsregion skal ut i frå dette gje innhald til nærleiksprinsippet, både gjennom at det er ei motvekt mot sentralisering i samfunnet, og av di det representerer eit avgjerdsnivå som ligg nærare borgarane og kommunane enn det nasjonale nivået. Dette vil også styrkje folkestyret. Regionen kan sikre ei betre og meir effektiv forvalting gjennom å inneha kunnskap som dei nasjonale styresmaktene ikkje har.

Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2000
År godkjent: 2000
År oppstarta: 2000
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Satsingsområde

Marine næringar

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune