Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

S&Fj - Fylkesplan 2005-2008


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
463
Akronym:   
S&Fj - Fylkesplan 2005-2008
Tittel:
Fylkesplanen i Sogn og Fjordane 2005 til 2008
Regional dekning:
Sogn og Fjordane
Heimeside:
www.sf-f.kommune.no
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 2005 – 2008 er eit styringsdokument for utvikling i fylket. Kommunane, offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar har i fellesskap utvikla strategien under leiing av fylkeskommunen. Det er også denne regionale partnerskapen som vil arbeide med strategiane gjennom felles program og konkrete prosjekt.

, Det overordna målet er å halde oppe folketalet og busetnaden. Vi ynskjer at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og Fjordane. God helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar.

Sogn og Fjordane vil truleg halde fram med å vere eit fylke av små og store bygder og bygdebyar. Vi må såleis halde fram å utforske korleis vi kan nytte vår struktur som ein ressurs. Verdiskapinga må styrkast gjennom å ta heile fylket i bruk og nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte.

Tenestenæringane må styrkast, men det er lite truleg at det kan skapast nok slike arbeidsplassar til å vege opp for tapet i landbruket og industrien. Vi må satse på dei tradisjonelle næringane, samstundes som vi stimulerer nye næringar bygd på natur- og kulturgrunnlaget.

Vi har mange fordeler – sterk lokal identitet, historie og kulturarv, gode bumiljø med dugnadsånd og aktivt friviljug organisasjonsliv, kunnskapar om å utnytte og ta vare på lokale ressursar, tradisjonar for mangesysleri og fleksibel arbeidskraft.

Dette skulle borge for at mange fleire tek fatt og skaper sitt eige levebrød i Sogn og Fjordane. Men dette kjem ikkje av seg sjølv og det er viktig å dra i gang etaberarprosessar, og ha nok midlar og evne til å stø opp om etableringar, omstillingsprosessar og utvikling av verksemder.

Det blir også satsa mykje på konkret trening og haldningsarbeid i skulen for å skape entreprenørar og aktive tiltaksmenneske generelt.

Næringslivet i Sogn og Fjordane har vore internasjonalt retta sidan vikingetida! Det er mykje å vinne på å arbeide systematisk med å utveksle kunnskapar og løyse oppgåver som i sin karakter er internasjonale.

Strategi:
I dokumentet Fylkesplanen 2005 - 2008, vegen vidare for Sogn og Fjordane, er definert 7 satsingsområde:

Verdiskaping i:

- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn
- Sjøretta aktivitet
- Tenesteyting
 

”Bu og leve” gjennom arbeid med:

- Folkehelse
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd

Til kvart satsingsområde vart det oppretta ei arbeidsgruppe, som la fram sine rapportar for satsingsområda hausten 2004. Ei ny arbeidsgruppe leia av fylkeskommunen, med folk frå den "regionale partnerskapen" (Innovasjon Norge, Fylkesmannen, Høgsksulen SF, etc) og regionane, vart samde om å føra forslaga frå satsingsområda vidare i 5 program. Fylkesutvalet gjorde i møte 14.12.2005 i arkivsak: 04/3616 L.nr.      22855/05  i sak: 122/05 fylgjande vedtak:



Felles regionalt utviklingsprogram for Sogn og Fjordane

1. Handlingsplanen for Fylkesplanen har sju satsingsområde. Det blir etablert eit felles regionalt utviklingsprogram (felles RUP) for Sogn og Fjordane som eitt av fleire tiltak i høve oppfølgjinga av Handlingsplanen. Den felles RUP’en har følgjande tema:

* Opplevingsnæringar
* Fiskeri og havbruk
* Entreprenørskap og nyskaping
* Folkehelse
* Fornying av offentleg sektor og IKT

2. Programorganiseringa blir valt som organisasjonsform

Det blir valt eit programstyre for kvart av programma. Samansetjinga av desse blir slik det går fram av saksutgreiinga. Fylkesrådmannen får fullmakt til å peike ut sekretariat for og faglege ressurspersonar i programstyra.

Den politiske representasjonen i programstyra blir slik:

* Opplevingsnæringar:    Harry Mowatt
* Havbruk og fiske:    Mathias Råheim
* Folkehelse:    Åshild Kjelsnes
* Fornying av offentleg sektor og IKT:    Svein Ottar Sandal
* Entreprenørskap og nyskaping:    Knut M. Olsen

4. Fylkesrådmannen får fullmakt til utforme ei bestilling til programstyra i samsvar med dei føringar som er gitt i saksutgreiinga

5. Den endelege fylkeskommunale finansieringa av programma blir vedteken av Hovudutval for plan og næring i januarmøtet 2006.

-----

I praksis vert dette 5 program, forankra til "visjon"
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Vedteke av fylkestinget Sogn og Fjordane 9. juni 2004
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2004
År godkjent: 2004
År oppstarta: 2005
År avslutta: 2008
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Sogn og Fjordane
Kode og nøkkelord:

Satsingsområde

Folkehelse og Livsutfolding
Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd
Havbruk og fiskeri
Industri
Nye næringar og tenester
Småskala næringar og lokalsamfunn. Bruk og vern

Program

Entreprenørskap og nyskaping
Folkehelse
Fornying av offentleg sektor og IKT
Opplevingsnæringar

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune