Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane


Forankring: Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1729
Akronym:   
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane
Tittel:
Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane 2014 - 2025. Forankra i regional planstrategi Sogn og Fjordane 2012 - 2016
Regional dekning:
Sogn og Fjordane
Heimeside:
http://verdiskapingsplanen.no/
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
I arbeidet med regional planstrategi 2012 kom fylkespolitikarane fram til at den store utfordringa for fylket var svak folketalsutvikling samanlikna med landet elles.  Det vart sett eit mål om 112000 innbyggarar i 2016.

I regional planstrategi vart det lista opp kva planlegging fylkestinget ønska gjennomført i valperioden 2011-2015.  Eit oppdrag var å utforme ein verdiskapingsplan med formell status som regional plan.

Planlegginga skulle vere resultatorientert.  Utvikling av attraktive arbeidsplassar for framtida var viktig.

Verdiskapingsplanen skulle legge eit grunnlag for forpliktande samarbeid i partnarskapen. Verdiskapingsplanen skal vere partnarskapen sin plan.  

Verdiskapingsplanen skal tydleggjere kva som er politikk og kva som er fag.  Dei politisk prosessane finn du dokumenterte på fylkeskommunen si heimeside (www.sfj.no).  Nettstaden for det operative samarbeidet i partnarskapen finn du her på www.rup.no.


Strategi:
Flinke folk er den viktigaste ressursen vår.  Hovudstrategien er derfor:
- Nyskaping basert på dei naturgjevne fortrinna vi har
- Å vere attraktive for folk som vil skape arbeidsplassar
- Ta kunnskapen i bruk

Det vert oppretta langsiktige og målretta regionale utviklingsprosessar for å nå målet:

  • Nyskaping.  Det offentlege skal utvikle evna si som god hjelpar.
  • Kunnskap. Ei bransjenøytral satsing, men som også inkluderer offentlege tenester og privat tenesteyting
  • Bransjesatsingar innan:
  • Fornybar energi
  • Sjømatnæringar
  • Landbruk
  • Reiseliv
  • Olje / gass

Ein samla industristrategi skal binde saman innsatsen retta mot industrien.

Potensialet innan kulturnæringane og mineralressursane skal utgreiast.


Status:
Oppstarta
Vedtak:
Endeleg vedtak i fylkestinget 11. juni 2014:

VEDTAK:

1 Fylkestinget vedtek verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane i samsvar med revidert plantekst. Viktige endringar som følgje av høyringsrunden ligg i saksframstillinga, kap. 4.
2 Fylkestinget føreset at det er utforma forpliktande partnarskapsavtalar når første handlingsprogram vert lagt fram i desember 2014.
3 Fylkestinget ber om at fylkesdelplanen for landbruk vert revidert og at det vert utarbeidd ein eigen strategi for industrisatsing. Desse to områda må bli ein del av verdiskapingsplanen. Arbeidet med industristrategien og eit opplegg for revisjon av fylkesdelplan for landbruk skal leggast fram for planutvalet hausten 2014.
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2012
År godkjent: 2014
År oppstarta: 2015
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Sogn og Fjordane
Kode og nøkkelord:
vpsf25
Administrativt ansvarleg:
Fylkedirektør Jan Heggheim, Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: jan.heggheim@sfj.no (905 66 623)

Prosessleiing
Lars Hustveit (lars.hustveit@sfj.no / 415 30 972)
Kristin Arnestad (for tida i permisjon)
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Telefon til sentralbord: 5765 6100
Post: postmottak.sentraladm@sfj.no

Satsingsområde

A. Kunnskap / "Ta kunnskapen i bruk"
A. Nyskaping i SF
B. Fornybar energi SF (seinare)
B. Landbruk SF (seinare)
B. Olje og gass SF
B. Reiseliv i SF
B. Sjømatnæringar i Sogn og Fjordane

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Gode mål
Industristrategi
Verdiskapingsplanen - god arbeidsmetode

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Regional analyse frå Telemarksforsking er no tilgjengeleg
Fylkeskommunen vedtok 4-årig handlingsprogram i desember 2014
Fylkestinget vedtok verdiskapingsplanen 11. juni 2014

Aktivitetar

Næringsforum 5. september
Møte om: Statusgjennomgang av verdiskapingsplanen
Næringsforum 15. juni 2017
Næringsforum 5. april 2017
Møte i Næringsforum 7. februar 2017
Næringsforum 29/11 2016
Næringsforum 25/8 2016
Næringsforum 5/2 2016 om kunnskapssatsinga
Møte for operativt ansvarlege 3-4/2 2016
Næringsforum 3. november 2015
Næringsforum i Måløy 2. september 2015
Møte i næringsforum 23/6 2015
Møte i næringsforum 14/4 2015 på Skei
Møte for koordinatorane i verdiskapingsplanen 6/2
Møte i næringsforum 3/2 2015 i Florø
Møte for operativt ansvarlege i verdiskapingsplanen
Møte om olje/gass
Kurs for operativt ansvarlege 18. juni 2014

Rapportar

Regional analyse for Sogn og Fjordane 2015

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune