Statusrapport for:


Programmet


Opplevingsnæringar
(akronym)

Program opplevingsnæringar i Sogn og Fjordane
(tittel)



STATUS:

Avslutta



RUP Norge



www.rup.no

ID 631

NØKKELDATA

FORANKRING - OMRÅDE:
S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar

TIDFESTING AV STATUSENDRINGAR:
År forslag: 2005
År godkjent: 2006
År oppstarta: 2006
År avslutta: 2010

VEDTAK:
Organ: Fylkesutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune
Møtedato: 14.12.2005
Arkivsak: 04/3616
L.nr. 22855/05
Sak: 122/05
Tittel: Felles regionalt utviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Organ: Hovudutval for plan og næring
Møtedato: 20.06.2006
Arkivsak: 06/2929
Sak: 31/06
Tittel: Budsjettdisponering 2006 - programplanar


SEKTOR:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø

INTERNASJONAL STATUS:


VERKEMIDDEL OMRÅDE:
Sogn og Fjordane

KODE OG NØKKELORD:
opplevingsnæringar, oppleving, explore, reiseliv, turisme, helse, sport, fritid, opplevsf

HEIMESIDE FOR PROSESESSEN:



ANSVAR

INSTITUSJONAR OG ROLLAR:
Programstyre
 
Sekretariat



BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR

Fylkestinget vedtok Fylkesplanen 2005 – 2008, Vegen vidare for Sogn og Fjordane den 9. juni 2004. Hausten 2004 vedtok Fylkesutvalet ei oppfølging kalla ”Frå plan til handling” og oppnemnde sju arbeidsgrupper med definerte satsingsområde som fekk i oppgåve å konkretisere mål, strategiar og forventa resultat.

Desse sju satsingsområda var:
  1. Industri
  2. Småskala næringar og lokalsamfunn, og bruk og vern
  3. Havbruk og fiske
  4. Nye næringar / tenester
  5. Folkehelse og livsutfalding
  6. Ungdom
  7. Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd. 
Arbeidsgruppene la fram sine tilrådingar i form av rapportar juli 2005. Fylkesplanen og rapportane ligg på FK sine nettsider.
Program ”opplevingsnæringar” er avleidd av desse satsingsområda. Programmet skal vurdera strategiar og forslag frå dei ulike satsingsområda, om desse kan ha noko føre seg i høve opplevingsnæringar.

I fleire av satsingsområda har ein lagt vekt på å få fram tiltak som kan vera med å utvikla den einskilde bedrift (produksjonsmåtar, produkt, verdikjeda, etc.), men også eksterne rammevilkår ( infrastruktur, lover, reglar, tilskot, skular, etc..) og utvikling av fellestiltak (organisasjonar, nettverk, marknadsføring, destinasjonsutvikling, etc..).



STRATEGI

Utlysing av midlar
Programstyret sin hovudstrategi har vore å lysa ut midlar til gode tiltak, som fører til måloppnåing i programmet, ein gong pr. år. Utlysinga har som oftast vore tidleg i mars, med søknadsfrist i april.

Grunngjevinga for denne strategien er at programstyret fyrst prøvde på eiga hand å finne ut kva tiltak ein skulle etablera, og fann at dei ikkje hadde den kunnskapen om opplevingsnæringane dei måtte ha for å ta ansvar for tiltaka.

Programstyret meinte at mangfaldet innan ei ny satsing som opplevingsnæringar, berre kunna hentast fram gjennom utlysingar.

Om "omlaupstida" for programmet hadde vore lengre frå starten, ville truleg denne strategien vorte kombinert med tiltak utvikla av programstyret i tillegg.

I 2006 vart søknader som allereie var komne inn til verkemiddelapparatet handsama i staden.

Ein har spissa utlysinga til å gjelde opplevingsbedrifter innan mat, natur og kultur

Prioriteringar av tiltak
Programstyret har hatt følgjande prioriteringar når det gjeld tildeling av økonomiske midlar: 
  1. Konkret og synleg verknad framfor utgreiingar og generelle prosjekt.
  2. Mest mogeleg oppleving pr krone.
  3. Må ha konkret effekt for næringslivet og/eller stor verdi for lokalsamfunnet.
  4. Unngå saker og tiltak som naturleg høyrer heime hjå andre finansieringskjelder.
  5. Unngå store saker som Programstyret ikkje har tilstrekkeleg økonomisk ramme til.
Arbeidet i programstyret
Programstyret har hatt som mål å fortløpande evaluera tiltaka som får støtte gjennom rapporteringar, for utvikling av programarbeidet.

Programstyret og dei som får tilskot skal bruke RUP-Norge (www.rup.no) som verkty for dynamisk rapportering på nettet.

Programstyret har hatt som mål å lage møteplassar for erfaringsutveksling mellom bedrifter og organisasjonar som driv med opplevingsnæringar.

Programstyret har drive kontinuerleg utvikling av metodikk knytt til utlysing, vurdering av søknader og rapportering, og meinar sjølve å ha kome fram til gode løysingar.



MÅL OG RESULTAT

MÅL:
Programstyret samla seg om følgjande målformulering: 
  1. Auka verdiskaping for bedrifter og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringar
  2. Fleire nye bedrifter som tilbyr opplevingar på kommersiell basis

Desse mål skulle gjelda heile programperioden.



MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR:
Utfordringa for programstyret var i starten av programmet å etablera "varige" indikatorar, med årlege tal for utviklinga, for kvart mål. 

Målet var å få på plass SMART måldefinering. 


S=Spesifikke (konkrete)
M=Målbare (for å kunna avgjera om målet er nådd eller ikkje)
A=Ambisiøse (noko å strekka seg etter = UTVIKLENDE)
R=Realistiske
T=Tidsbestemte

Løysinga måtte bli offisiell statistikk (t.d. SSB, Brønnøysundregistra, Transportøkonomisk Institutt, etc..), eller at ein samla inn data sjølv, eller ein kombinasjon av desse to løysingane.

Fleire firma, som t.d. Bedriftsdatabasen AS (BDB), har utvikla tenester som gjer det lettare for programstyret å skaffe tilveges relevante data.

Frå BDB er det mogleg å skaffe fylgjande data for ulike bransjar kvart år:
  1. Tal bedrifter
  2. Sum omsetning
  3. Sum tilsette
  4. Omsetning pr. bedrift
  5. Omsetning pr. tilsett
Programstyret har prøvd å nytte data frå BDB, og har laga ein rapport for status for alle potensielle opplevingsnæringar for eitt år i programperioden. Rapporten fekk namnet: "På jakt etter opplevingsnæringane".

Denne rapporten viste at "opplevingsnæringar" som begrep ikkje er egna som definsjon for målgruppe i eit program. "Alle" kan vera opplevingsbedrifter, og ein kan ikkje ha "alle" som målgruppe.

Dersom ein skal arbeida systematisk og målretta med ei målgruppe, så må målgruppa vera meir spesifikt definert, og aller helst ved bransjekode, eller på andre praktiske måtar, som t.d. "sportsturisme" (fylkesplanen 2005-2008).

Programstyret har også vurdert opplegg der ein hentar ut data frå dei aktuelle opplevingsbedriftene i fylket, etter "bottom - up" prinsippet, slik som i t.d. frukt- og grøntnæringa. Dette hadde truleg krevd organisering av lokale lokale samarbeidspartnarar, som kunne fungert som "feltrettleiarar" (kompetansemeglarar), som kunne teke jamleg kontakt med dei einskilde bedriftene.

På grunn av altfor kortsiktige rammevilkår, ville ikkje programstyret gå gå vidare med å utvikla metodar, verkty og andre prosedyrar for å samle inn data frå dei bedriftene som fekk hjelp frå programmet. 

Ei anna løysing var eit forslag frå programsekretæren om å få Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane til å ta ansvar for datafangst og analysar, som del av utviklingsavtale med fylkeskommunen.

Denne avtalen hadde sikra program opplevingsnæringar gode data for å drive dynamisk målstyring, samstundes som FoU-miljøet hadde fått data for sitt FoU-arbeid. Avtalen var godt likt i FoU-miljøet. Dette avtaleutkastet vart diverre forkasta av fylkeskommunen.

Det siste forsøket var å be dei som fekk tilskot om å rapportera omsetningstal for dei bedriftene som fekk hjelp i høvesvis søknad og i sluttrapport, fos å sjå ei eventuell utvikling. Dette var heller ingen suksess, sjølv om nokon tilskotsmottakarar har levert inn relativt gode oversikter på dette området.

Etter dette vart det ikkje gjort fleire forsøk frå programmet om å skaffa data frå bedriftene, som kunne dokumentera effektar av tiltak finansierte av program opplevingsnæringar.


FORVENTA EFFEKT AV RESULTATA:
Program opplevingsnæringar er forankra både rett i fleire satsingsområde, og rett i overordna mål i fylkesplanen, som er:

Det overordna målet er å halde oppe folketalet og busetnaden.

Vi ynskjer at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og Fjordane.

God helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar.


Det er derfor å forventa at måloppnåing i program opplevingsnæringar, vil ha direkte effekt på dei overordna måla.

Ansvar for dette er dei som har oppretta program opplevingsnærinar, og ikkje programstyret i program opplevingsnæringar.

Sidan dei overordna prosessane i prosesshierarkiet ikkje har definerte prosessleiarar og styringsgrupper, har det ikkje vore mogleg for programstyret å kome i dialog med dei "ansvarlege" i desse utviklingsprosessane.

Dette hadde vore interessant for å vurdera om programmet har fungert som forventa, og i tilfelle innanfor kva sektor og på kvart område. Programstyret har ikkje sett på dette som si oppgåve å granske så langt.

RESULTAT:
VURDERING AV MÅLOPPNÅING FOR MÅL 1:

Auka verdiskaping for bedrifter og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringar

Programstyret har frå 2006-2010 delt ut kr 8,72 mill til 76 tiltak i fylket. Kravet til eigendel har vore minst 50%. Tiltaka ha såleis hatt budsjett på over kr 17 mill kr.

Det som for programmet har vore "tiltak", har ofte vore lokale utviklingsprogram, som har hatt som hovudmål eller delmål å hjelpe aktuelle opplevingsbedrifter til vekst og utvikling. Mange av desse har vore store initiativ, som har engasjert store deler av lokalmiljøet til fantastiske opplegg, og som har ført til både nasjonal og internasjonal merksemd.

Kvart av dei lokale utviklingsprogramma har lista opp dei aktive bedriftene i kvart program i sluttrapportane. Sidan dei siste sluttrapportane kan kome inn så seint som 2013, så er det ikkje laga full oversikt over kor mange bedrifter som har fått hjelp endå. Talet er truleg langt over 1000 bedrifter.

Det har ikkje lukkast å få driftsøkonomiske tal frå bedriftene, som kan dokumentera vekst og utvikling. Men, det er eit krav til sluttrapporteringa frå tiltakseigarane at dei skal vurdera effekten av kvart tiltak/program i høve effekt på opplevingsbedriftene, på lokalsamfunnet og på miljøet.

Sluttrapportane så langt fortel at tilskota frå program opplevingsnæringar hatt gode effektar på vekst og utvikling av opplevingsbedriftene.

Vidare fortel sluttrapportane at dei tiltaka som har fått støtte har hatt mange postive verknader for lokalsamfunna. Ein kan t.d. visa til Fjellsportfestivalen i Sogndal som har fått æra for vekst i søknadstalet til skulane.

I tillegg har dei fleste tiltaka som har fått tilskot, også vore opptekne av å ta vare på miljøet.


VURDERING AV MÅLOPPNÅING FOR MÅL 2:

Fleire nye bedrifter som tilbyr opplevingar på kommersiell basis.

På dette området har programstyret ingen opplysningar, men det er all grunn til å tru at dei tiltaka som har fått tilskot, gjennom sine aktivitetar, har hatt stor positiv effekt på dette målet. Men, at desse effektane kon koma over tid.

Gjennom offentleg statistikk er det vanskeleg å plukke ut slike opplysningar.



PLAN OG FRAMDRIFT

ARBEIDSPLAN OG MILEPÆLAR:

Årshjulet har sett slik ut:

  1. Innlevering av programplan for året etter til oppdragsgivar i fylkeskommunen om hausten.
  2. Innlevering av årsrapport for året før i januar.
  3. Produksjon av nye retningslinjer og nye og betre søknadsskjema i februar.
  4. Utlysing kring 1. mars, med søknadsfrist midt i april. Annonsar i alle avisen i fylket og på fylkeskommunen sine nettsider.
  5. Sekretærane gjekk gjennom søknadana og laga innstilling til styringsgruppa i byrjinga av mai.
  6. Møte i programstyret i slutten av mai, med eit eventuelt oppfølgingsmøte i byrjinga av juni, for endeleg tildeling av tilskot. Av kring 50 søknader var det kring 20 som fekk tilskot.
  7. Utsending av tilsegner og avslag i slutten av juni.
  8. Mottak av eventuelle klager i august, og handsaming av desse i august - oktober.


PLANLAGDE PRODUKSJONAR OG HENDINGAR:
I August 2009 starta planane om ein reiselivskonferanse i 2010. Denne vart gjennomført i Balestrand i februar 2010, og dekka langt meir enn berre program opplevingsnæringar sine behov. Konferansen vart ein suksess, og det vart som følge av denne, ny konferanse i Florø i 2011.

KOORDINERING, LEIING OG KVALITETSSIKRING:
Ein har lagt til grunn PLP-prosessen sine definasjonar og metodar som generell "standard" for programarbeidet.

Ein har nytta RUP Norge til å halde oversikt over tiltak som har fått støtte. Desse ligg under "prosjekt" for kvart år. Det er i RUP Norge også knytt meldingar, aktivitetar og rapportar til både program, prosjekt og tiltak.

RUP Noreg er vidare nytta som dokumentarkiv, for både opne og lukka dokument. Lukka dokument er gjort tilgjengelege for styringsgruppa ved tildeling av brukarnamn og passord.

Dei to tilgongstypane er "bidragsytar" - med skrive- og lesetilgong, og "lesetilgong". Dokument og som hovudverkty til prosessstyring av program, delprosessar og tiltak.

I startfasen av programmet var det ein del "prøving og feiling" om korleis programstyret skulle fungera, både i styringsgruppa, og i høve til oppdragsgivar. Programstyret utvikla ein metode som dei kalla "rundt bordet modellen".

Føremålet med denne metoden var todelt. Programstyret skulle på den eine sida fungera som koordinatorar for den samla offentlege innsatsen retta inn mot opplevingsnæringane, og så skulle programstyrat forvalta midlane i programmet mest mogleg effektivt.

Programstyret sin metode gjorde at alle sakshandsamarane og rådgjevarane i verkemiddelapparatet vart brukte og godt utnytta, noko som var eit mål med metoden.


SPESIELLE OMSYN OG KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:
Føringar og rammer frå fylkeskommunen

Ein skulle etablera eit program for å utvikle opplevingsnæringar, som skulle følgje opp framlegg frå tre ulike arbeidsgrupper, definert sm satsingsområde i fylkesplanen 2005 - 2008:
  1. Satsingsområde Havbruk og fiskeri
  2. Satsingsområde Nye næringar og tenester
  3. Satsingsområde Småskala næringar og lokalsamfunn. Bruk og vern.  

Koordineringsbehov på tvers av oppnemnde arbeidsgrupper er dokumentert. Fylkeskommunen føreslår at arbeidet vert organisert i eit program med programstyre. 

Programstyret skal setjast saman av deltakarar frå partnarskapen – inkl. representantar for næringslivet. Fylkeskommunen legg stor vekt på at eit programstyre inneheld næringslivskompetanse. Styret må kunne identifisere på kva område det er størst kommersielt potensiale.


Fylkeskommunen ønskjer at programstyret bidreg til at utviklingsmiljøa i Sogn og Fjordane vert leiande i landet innan desse fagfelta og at internasjonalt samarbeid vert knytt opp mot arbeidet i programmet (Euromontana / Skottland-samarbeidet.

Innspel frå Sogn regionråd:
Vestnorsk fjordlandskap har fått Verdsarvstatus. Vi meiner at Nerøyfjorden bør vere nemnt i ein felles RUP. Utmerkinga kan gje mange ringverknader og bidrar til at tilhøva ligg godt til rette for utvikling av opplevingsnæringane i regionen/fylket. I denne samanheng er også vedlikehald av kulturlandskap ei stor utfordring for kommunene.    

 

Innspel frå HAFS

  1. Vidareutvikling av båtturismen. Trong for forbetring av informasjon, utbygging av gjestehamner, utbetring av farleier, auka service m.m.)
  2. Kulturhistorie som næring. Døme på konkrete utviklingsprosjekt er Jensbua Kystkultursenter, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Gulatingstaden, Utvær fyr, Vikinghistoria i Dalsfjorden.
  3. Naturopplevingar som næring. Døme er fiske i sjø og ferskvatn, sjøfuglsafari, havkjakk, havsafari, kople geografi, mat og historie.
  4. Naturvern som næring. Utvikling av næringsaktivitet basert på sjøfuglvern og naturreservat langs kysten.

KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:

Generell utviklingskompetanse hjå alle
Det er viktig at alle involverte partar, både i programmet, og i overordna og underordna prosessar i prosesshierakiet, har den kompetanse som skal til for å lukkast. Dette gjeld også dei som får tilskot, og stundom også bedriftene i målgruppa. Alle må vera med på eit felles og samkøyrt opplegg, og ha den kompetansen som skal til for å få til det.

Dette har også mykje med felles metodikk og verkty å gjera, og at programmet dekkar relle behov og interesser i næringa og i organisasjonane.

Det er spesielt viktig at oppdragsgivarane har kompetanse om kva faktorar som må vera på plass nedover i hierarkiet, på kvart nivå, for at prosessane på dei ulike nivåa skal lukkast. Dette er kompetanse dei må ha for å laga gode og realistiske rammer og oppdrag.

Det er til dømes viktig at alle kjenner til kva som meinast med program, prosjekt og tiltak, og korleis desse "prosessane" samspelar i eit logisk system.

Det er også viktig at å forstå "oppdrag og pengar" går nedover i hierarkiet, men at "resultata" vert summert "bottom - up", og at resultata i alle prosessane oppover i hierarkiet, stammar frå nederste nivå, som i dette tilfeller er bedriftene.

Og når det gjeld program opplevingsnæringar, så er det viktig at alle i heile prosesshierarkiet forstår at dei aktuelle opplevingsbedriftene må identifiserast, og vera objekt i driftsøkonomiske analysar over fleire år, utført av personar med spisskompetanse, om programmet skal levera 100% i tråd med oppdraget.

Spisskompetanse
På fleire område er det behov for spisskompetanse for å lukkast med regionale utviklingsprogram. Dette gjeld som nemnt i høgste grad når ein skal utføra og dokumentera vekst og utvikling gjennom innovasjon i bedrifter, men også når ein skal arbeida med innovasjon av infrastruktur og fellestiltak, og dokumnetera effektar av desse innovasjonane på bedriftene.

Metodar og verkty
Regional utvikling i partnarskapsprogram, som skal dekke eit heilt fylke i mange år framover, krev enkle og gode metodar og verkty som alle kan forstå med minimal opplæring. RUP Norge har desse eigenskapane, men RUP Norge er ikkje tilstrekkeleg aleine.

RUP Norge er ikkje eit verkty for å utføra driftsøkonomiske analysar, "bottom - up" hjå bedrifter. Då må ein visa til spesialverkty og spisskompetanse.

Rammevilkår og oppdrag
Rammevilkår og oppdrag er heilt avgjerande. Dei viktigaste faktorane er:

Tidsfaktoren - at alle prosessar på alle nivå får tilstrekkeleg tid til å utvikla sine metodar og prosedyrar for å lukkast.

Mynde og ansvar - at alle styringsgrupper får det heile og fulle ansvar for sine prosessar, utan unødig overstyring.

Pengar - at alle prosessar har tilstrekkeleg med midlar til å nå målsetjingane i oppdrag og eventuelle avtalar.

Prossessleiinga må ha tid - og ikkje ha for mange andre arbeidsoppgåver som konkurrerar om tida.

Oppdraget må vera eintydig og realistisk i høve rammene, med klare ambisjonsnivå. Det er viktig at oppdragsgivar tydleg forstår kva som ligg i eit oppdrag med omsyn på krav til kompetanse, rammer, ressursar verkty og metodar frå starten.

 

 



FRAMDRIFT OG LÆRING:

GEVINSTREALISERING

Med gevinstrealisering i denne samanheng så meinast det å ta i bruk og utnytta det ein har utvikla i ein utviklingsprosess, som metodar, verkty kompetanse, tiltak, røynsle, etc.. i eigarorganisasjonen.

I program opplevingsnæringar har ein "gevinstar" frå både programnivået og tiltaksnivået.

Når det gjeld gevinstane på tiltaksnivå, altså som ligg hjå dei organisasjonane som har fått tilskot, så har ikkje programstyret samla inn data med føremål å få ei slik oversikt, sjølv om noko kan hentast fram frå sluttrapportane.

Frå programnivået er nok den viktigaste gevinsten at ein innser at programarbeid tek tid, og at programstyra har behov for å utvikla seg med omsyn på metodar, verkty, kompetanse, nettverk, målgrupper, etc.. før dei blir effektiv programstyring.

Men, ein har også sett at brukarane av tilskota, søkjarane og dei bedriftene dei representerar, også har bruk for ei tilvenningstid til nye program, før dei blir dyktige programaktørar. Dette har kome tydeleg fram i søknader og rapportering. Kvaliteten har auka.

Det er ein gevinst er at ein har fått fram at eit program har ulike fasar gjennom ein programsyklus. Desse fasane kan ein kalla:

  1. Etableringsfase (år 1)
  2. Utviklingsfase (år 1 - 5 t.d.)
  3. Produksjonsfase (6-15 t.d.)
  4. Avslutingsfase (år 16-17 t.d.)
1. Etableringsfase
I denne fasen skal ein få på plass få på plass bakgrunn, utfordringar, strategiar, målsetjingar, parameter, forventingar, planar, kritiske suksessfaktorar, metodar, verkty, budsjett, eigarar, avtalar, mannskap og rollar, etc.. Målet er å kome i gang. Ein kan også kalla denne fasen for "oppstart", startfase" eller kanskje "Kick Off"?

2. Utvikling- og tilvenningsfase
I program opplevingsnæringar har det vore stor utvikling  i heile programperioden sidan 2006, spesielt med omsyn på søknadsskjema og rapportskjema. Utviklinga har vore både god og viktig. Denne fasen bør vera så kort som mogleg. Læring av andre, i fylket, nasjonalt og internasjonalt er då viktig. Men, noko fokus på utvikling skal det alltid vera. Gode verkty redusera behovet for utvikling mykje.

Men, ein skal ikkje undervurdera bedriftenem innbyggjarane, søkjarane eller målgruppa sitt behov for tid for å gjera seg kjende med eit nytt regionalt utviklingsprogram. Desse si tilvenning til programmet er også viktig, før programmet kan fungera for fullt.

3. Produksjonsfasen
Etter ein periode med utvikling og tilvenning bør programmet gå over i ein effektiv produksjonsfase. Om ein tek program opplevingsnæringar som døme, så burde ein i denne fasen fått god vekst i desse næringane, og mange nye opplevingsbedrifter.

Når ein i Sogn og Fjordane avsluttar program etter fase 2, så har dei nok hatt eit noko anna utgangspunkt enn det denne fasemodellen legg opp til.

For å halda liv i denne fasen, så er det nok eit absolutt krav til indikatorar som kan dokumentera effekt av verkemidlane. Dersom ein i det offentlege berre har kostnader av program, og aldri ser "inntektene", så manglar ein gode argument for å halda liv i eit program.

Når ein har både kostnader og inntekter knytt til eit program, så kan ein rekne bruksverdi for programmet basert på forventningar eller normtal, og på den måten finne optimal omløpstid for eit program, tilsvarande som for fruktdyrkinga (dømet):



Ingen fruktdyrkar ville funne på å rydda ei nyplanting etter 5 år. Om ein legg totalbildet til grunn for regionale utviklingsprogram, så bør ein kanskje tenke tilsvarande der. I fruktdyrkinga er det heller ikkje slik at ein tek vekk ei planting, før ein har ein betre modell å skifta ut med. Men, som figuren viser, så kan det faktisk skje etter nokre få år, om gamlemodellen er svak nok. Har ein satsa feil - så har ein satsa feil. Elles er politkk ein faktor i regional utvikling, som ein ikkje har i fruktdyrkinga.


4. Avslutningsfasen
Dei siste tilskota vart løyvde i 2010 i programmet. Det tyder at tilskotsmottakarane har frist til slutten av 2012 med å levera inn sluttrapport. Fyrst når alle sluttrapportar er på plass, kan programstyret levera ein fullstendig sluttrapport. Perioden 2011 til 2012 kan ein kalla programmet sin avslutningsfase, som kan tilsvara ryddefasen og brakkåret i fruktdyrkinga.


ØKONOMI:

BUDSJETT:
Det vart ikkje laga budsjett for programstyringa. Nesten alle midlane har gått til tiltak, basert på utlysningar og søknader til fylkeskommunen. Det har vore sett av midlar til eventuell klaging dei siste åra i programmet, som t.d. kr 50.000 i 2010. Desse vart delte ut etter klage. Litt av midlane har gått til annonsering i samband med utlysingane.

FINANSIERING:
Sogn og Fjordane fylkeskommune har finansiert programmet som fylgjer:

2006: kr 1,7 mill
2007: kr 2,0 mill
2008: kr 1,7 mill
2009: kr 1,7 mill
2010: kr 1,7 mill
SUM   kr 8,8 mill


REKNESKAP:
Tabell: Tiltak som har fått støtte frå program opplevingsnæringar i perioden 2006 - 2010, sortert etter storleik på samla støtte. Dei fleste tiltaka er å rekna som lokale utviklingsprogram, som skal hjelpa mange opplevingsbedrifter til auka inntening, gjennom ulike aktivitetar og tiltak i programma.

Nr Tiltak Søkjar og eigar         SUM
1 Fjellsportfestivalen Fjellsportfestivalen as 750 000
2 Kvernstein i Hyllestad Hyllestad kommune 400 000
3 FRAM-kultur Mentor 302 198
4 Utmarksbasert reiseliv SF Bondelag og SF Skogeigarlag 255 000
5 Nordfjord Oppleving Opplevingsnæringa i Nordfjord 250 000
6 Opne Landskap Fylkesmannen SF 250 000
7 Vi får det til - opplevingsturisme med Coast Event Knuteholmen Restaurant og pub AS 250 000
8 Reiselivskonferansen Programmet sjølv 240 000
9 Fjordkysten Vestkysten Reiseliv mfl 236 000
10 Åmot gardsopera Åmot Gard, Bygstad 222 000
11 Arven frå Vikingtida Stiftinga Jensbua 200 000
12 Brak Brak 200 000
13 Innlandsfiske som opplevingsnæring SF Bondelag og SF Skogeigarlag 200 000
14 Skiltprosjektet Jostedalen Nasjonalpark Statens Naturoppsyn 200 000
15 Sognefjord Swimfestival Sogn Fjordymjeklubb 185 000
16 Opplev Holmedal Holken AS, Holmedal 170 000
17 Vikingfjorden Vikingfjorden ved Merete Larsmoen 170 000
18 Breim Bygdekontor Breim Bygdeutviklingslag 150 000
19 Fjellfilmfestivalen Fri Flyt & Turtagrø, Luster 150 000
20 Natur- og kulturopplevingar Sognefjord Reiseliv BA 150 000
21 Norsk Brefestival Jostedal bygdelag 140 000
22 EM i flugefiske Reisemål Sunnfjord 125 000
23 High Camp Turtagrø Fri Flyt & Turtagrø, Luster 125 000
24 Nye frukt- og bærkulturar Bioforsk Njøs 125 000
25 Opplev Førdefjorden Samarbeidsprosjekt Naustdal 120 000
26 Stølsdrift i Kårdalen Sogn Jord- og Hagebruksskule 120 000
27 Nye kystopplevingar i Gulen Gulen Næringsråd 110 000
28 Nynorske Litteraturdagar Aurland kommune 110 000
29 Arrangement i Sognefjordregionen Visit Sognefjord 100 000
30 Bli bygdevert Nærøyfjorden Verdsarvpark 100 000
31 Forprosjekt Ervik Selje Vekst KF 100 000
32 Norsk Geitesenter i Aurland Norsk Geitesenter S/A 100 000
33 Online booking Sunnfjord Reisemål Sunnfjord 100 000
34 Opplevingsnæringar i Nordfjord Stryn Næringshage 100 000
35 Tru og Natur ReCap 100 000
36 Bygdeutvikling høgskulen Høgskulen Sogn  og Fjordane 80 000
37 Dei sju sansar Stryn Næringshage 75 000
38 Nordfjord vandrefestival Reisemål Stryn og Nordfjord 75 000
39 Nordsjøportpasset Reiselivsn. Værlandet & Bulandet 75 000
40 Opplev Sognefjorden Leikanger Næringshage 75 000
41 Opplevingsturisme i Gloppen Sandane Næringshage 75 000
42 Kjenn Fjordkysten Visit Fjordkysten as 70 000
43 Luftkampmuseet Håjen as 65 000
44 Guidekurs, jetteturar, Flåm Jorunn Heggdal 59 000
45 Bokbyfestivalen Stiftinga Den Norske Bokbyen 50 000
46 Felles infrastruktur for vekst i Fjærland Fjærland reiselivslag 50 000
47 FjordAlpin Jølster Skisenter AS 50 000
48 Fjordvert - Undredal Undredal Grendalag 50 000
49 Florø Havfiskefestival Florø Havfiskeklubb 50 000
50 FYR i Nordfjord SlowTur / Kråkenes Fyr 50 000
51 Harpefossen Event Harpefossen Event 50 000
52 Interpretasjon Indre Nordfjord ostedalsbreen Nasjonalparksenter 50 000
53 Klatreopplevingar i Sogn og Fjordane Birkeland, Nye eventyr 50 000
54 Kraftstasjon Måløy Kraftstasjonen Måløy AS 50 000
55 Kul-tur Kultursmia, Norway Adv. 50 000
56 Matopplevingar i Luster Lustramat, Fjordatunet 50 000
57 Munthehuset, marknadsføring Luster kommune 50 000
58 Nasjonalt senter for countrymusikk Stiftinga Norsk Countrytreff 50 000
59 Natur, kultur og aktivitet som motor… Bremanger kommune m fl 50 000
60 Program frukt og bær Bioforsk Njøs 50 000
61 Ridesti over fossane Harpefossen Skisenter as 50 000
62 Selje Kloster Selje kommune 50 000
63 Smak av Sogn Norlandia Vesterland Resort 50 000
64 Smak sakte festivalen Aurland Natur og Kulturarv 50 000
65 Sognamat før og no Musea i Sogn og Fjordane 50 000
66 Utkantfestivalen 2009 Stiftelsen Utkant 50 000
67 Utvandrarfestival i Naustdal Naustdal kommune 50 000
68 Vandreturisme i Aurland Reisemål Aurland og Lærdale 50 000
69 Ørretens Rike, fra fjell til fjord Borgund utvikling 45 000
70 Kaivertskap i Kaupanger Amlabui grendalag 40 000
71 Kystkulturmessa SF fylkeskommune, KA 40 000
72 Norges cup i flogefiske Yndestad Feriehus, Fjaler 40 000
73 Tjovura Tjovura DA, Jølster 37 000
74 Kystvegleiarkurs Norsk Kystkulturakademi 30 000
75 Støtte til nominasjonstur USA EMBLA film 20 000
76 Filmen Hemnen Førsund 15 000
8 721 198


Meldingar:

23.03.09 Utlysing av midlar program opplevingsnæringar
11.06.08 Tilskot frå program opplevingsnæringar 2008
23.04.08 Stor interesse for program opplevingsnæringar
10.03.08 Utlysing av midlar program opplevingsnæringar
23.01.08 Program opplevingsnæringar presenterte seg
06.07.07 Tilskot frå Program Opplevingsnæringar 2007
05.03.07 Verkemidlar Opplevingsnæringar i SF - katalog
16.08.06 Opplevingsnæringar fekk kr 1,7 mill for 2006



Aktivitetar:

22.08.07 Møte 10 i program opplevingsnæringar
08.08.07 Møte 9 program opplevingsnæringar
08.08.07 Møte 8 program opplevingsnæringar
08.08.07 Møte 7 program opplevingsnæringar
13.11.06 Møte 6 program opplevingsnæringar
10.10.06 Møte 5 program opplevingsnæringar
16.08.06 Møte 4 program opplevingsnæringar
16.08.06 Møte 3 program opplevingsnæringar
16.08.06 Møte 2 program opplevingsnæringar
03.05.06 Møte 1 program opplevingsnæringar



Rapportar:

16.08.06 Program opplevingsnæringar 2005-2008



Dokumentarkiv:

Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Folkehelse og livsutfolding - Rapport.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Folkehelse og livsutfolding - Tiltaksdel.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Fylkesplan SF 2005-2008 - Vegen vidare.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Havbruk og fiskeri Sluttrapport.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/oppnemningsbrev.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Småskala næringar og lokalsamfunn - Sluttrapport.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Tenester og nye næringar - Entreprenørskap.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Tenester og nye næringar - Reiseliv.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Tenester og nye næringar - Sluttrapport.pdf
Fylkesplan, satsingsområde og oppnemningsbrev/Ungdom - Sluttrapport.pdf
Programplanar/Programplan 2006.doc
Programplanar/Programplan 2007.doc
Programplanar/Programplan 2008.pdf
Programplanar/Programplan 2009.pdf
Programplanar/Programplan 2010 - føringar frå HPN.pdf
Programplanar/Programplan 2010.pdf
Utlysing 2008/Retningslinjer for program opplevingsnæringar 2008.pdf
Utlysing 2008/Søknadsskjema program opplevingsnæringar 2008.doc
Utlysing 2007/Program opplevingsnæringar Sogn og Fjordane 2007 0502.pdf
Utlysing 2009/retningslinjer program opplevingsnæringar 2009.pdf
Utlysing 2009/søknadsskjema program opplevingsnæringar 2009.pdf
utlysing 2010/Retningslinjer program opplevingsnæringar 2010.pdf
utlysing 2010/Søknadsskjema 2010 program opplevingsnæringar.pdf
Prosjektplanar og sluttrapportar - 4 døme/Fjellsportfestivalen 2008-2010/Fjellsportfestivalen 2008 - slutt.pdf
Prosjektplanar og sluttrapportar - 4 døme/Kvernsteinsparken 2006-2007/Kvernsteinsparken 2008 - slutt.pdf
Ymse rapportar/Kartlegging av kulturnæringar i Norge ØF-rapport nr 10-2004.pdf
Ymse rapportar/Vestlandsrådet Opplevingsnæringar.pdf



ORGANISERING I DELPROSESSAR

Program Opplevingsnæringar
    Delprogram jj
    Prosjekt Tilskot 2006
       Tiltak Fjordkysten
       Tiltak FRAM kultur
       Tiltak Jetteturar
       Tiltak Kvernsteinprosjektet
       Tiltak Munthehuset
       Tiltak Nye frukt- og bærkulturar
       Tiltak Online booking
       Tiltak Opne landskap
       Tiltak Program frukt og grønt
       Tiltak Skiltprosjektet
       Tiltak Sognefjord Swim Festival 2006
       Tiltak Villsauen
    Prosjekt Tilskot 2007
       Tiltak Arrangement i Sognefjorden
       Tiltak Arven frå Vikingtida
       Tiltak Breim Bygdekontor
       Tiltak EM i flugefiske
       Tiltak Forprosjekt Ervik
       Tiltak Kverstein i Hyllestad
       Tiltak Leikanger Næringshage
       Tiltak Natur- og kulturopplevingar
       Tiltak Nordsjøportpasset
       Tiltak Norsk Brefestival
       Tiltak Nynorske litteraturdagar
       Tiltak Sandane Næringshage
       Tiltak Selje kloster
       Tiltak Sognefjord Swim Festival 2007
       Tiltak Stryn Næringshage
       Tiltak Stølsdrift i Kårdalen
       Tiltak Utmarksbasert reiseliv
       Tiltak Utvandrarfestival Naustdal
    Prosjekt Tilskot 2008
       Tiltak Bli bygdevert
       Tiltak Bygdeturismekurs
       Tiltak Fjellfilmfestivalen 2008
       Tiltak Fjellsportfestivalen
       Tiltak FjordAlpin
       Tiltak High Camp Turtagrø
       Tiltak Kraftstasjonen Måløy
       Tiltak Kul-TUR
       Tiltak Kystkulturmessa
       Tiltak Nasjonalt senter country and westernmusikk
       Tiltak NC flugefiske
       Tiltak Nordfjord vandrefestival
       Tiltak Norsk Brefestival 2008
       Tiltak Nynorske litteraturdagar
       Tiltak Opplev Førdefjorden
       Tiltak Opplev Holmedal
       Tiltak Smak sakte festivalen
       Tiltak Tjovura
       Tiltak Åmot Gardsopera
    Prosjekt Tilskot 2009
       Tiltak Bokbyfestivalen
       Tiltak Fjellfilmfestivalen
       Tiltak Fjellsportfestivalen
       Tiltak Fjord- og symjeopplevingar
       Tiltak Fjordvert
       Tiltak Havfiskefestival
       Tiltak Highcamp Turtagrø
       Tiltak Innlandsfiske
       Tiltak Kystvegleiarkurs 2009
       Tiltak Natur, kultur og aktivitet
       Tiltak NC flogefiske
       Tiltak Nordfjord Oppleving
       Tiltak Norsk Brefestival
       Tiltak Norsk Geitesenter
       Tiltak Smak av Sogn
       Tiltak Tru og natur
       Tiltak Utkantfestivalen 2009
       Tiltak Vi får det til
       Tiltak Vikingfjorden
       Tiltak Åmot Gardsopera
    Prosjekt Tilskot 2010
       Tiltak Brak
       Tiltak Felles infrastruktur for vekst i Fjærland
       Tiltak Fjellfilmfestvalen 2010
       Tiltak Fjellsportfestivalen 2010
       Tiltak Fjordkysten på fyrste klikk
       Tiltak FYR i Nordfjord
       Tiltak Harpefossen Event
       Tiltak High Camp Turtagrø 2010
       Tiltak Interpretasjon i Indre Nordfjord
       Tiltak Kaivertskap i Kaupanger
       Tiltak Kjenn Fjordkysten
       Tiltak Klatreopplevingar i Sogn og Fjordane
       Tiltak Luftkampmuseet
       Tiltak Matopplevingar i Luster
       Tiltak Nordfjord Oppleving
       Tiltak Nye kystopplevingar i Gulen
       Tiltak Oppleving i Bremanger
       Tiltak Ridesti over fossane
       Tiltak Sognamat - før og no
       Tiltak Tru og Natur
       Tiltak Vandredestinasjon Aurland og Lærdal
       Tiltak Vi får det til
       Tiltak Vikingfjorden 2010
       Tiltak Ørretens Rike
       Tiltak Åmot Gardsopera 2010