Statusrapport for:


Satsningsområdet


VRI4 Sogn og Fjordane
(akronym)

Rekruttering og mobilisering til FoU i Sogn og Fjordane 2017 - 2019
(tittel)



STATUS:

Oppstarta



RUP Norge



www.rup.no

ID 1863

NØKKELDATA

FORANKRING - OMRÅDE:
Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > VRI4 Sogn og Fjordane

TIDFESTING AV STATUSENDRINGAR:
År forslag: 2016
År godkjent: 2017
År oppstarta: 2017
År avslutta:

VEDTAK:
Kontrakten mellom Forskingsrådet og Sogn og Fjordane fylkeskommune vart akseptert av prosjektansvarleg Jan Heggheim den 13. mars 2017.

SEKTOR:
Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Miljø, FoU, Offentleg

INTERNASJONAL STATUS:
målgrupper, aktivitetar, finansiering, deltaking

VERKEMIDDEL OMRÅDE:
Sogn og Fjordane

KODE OG NØKKELORD:
vri4 vri4sf forregion

HEIMESIDE FOR PROSESESSEN:
https://www.facebook.com/vrisfj/?fref=ts


ANSVAR

INSTITUSJONAR OG ROLLAR:

Vi har etablert satsinga som eit prosjekt med prosjektansvarleg og prosjektleiar og ei arbeidsgruppe. I prosjektperioden vil me likevel operere meir som eit program med programmål og målstyring, enn eit typisk prosjekt, som skal levera eit resultat ved prosjektslutt. Arbeidsgruppa har oppgåver knytt til fleire aktivitetar.

Stillingane som kompetansemeklarar skal lysast ut som oppdrag på å utføra kompetansemeklartenester, etter reglane for offentlege innkjøp. Kompetansemeklarane skal vera medlemer i arbeidsgruppa.

Overordna ansvar

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane / fylkespolitikarane

Prosjektansvar

Jan Heggheim, fylkesdirektør NKA, SF fylkeskommune

Prosjektleiar

Arne Monrad Johnsen, seniorrådgjevar FoU,  SF fylkeskommune

Arbeidsgruppe - medlem

Dag Lothe, Forskingsrådet regionansvarleg / SF fylkeskommune engasjement

Arbeidsgruppe - medlem

NN, RFF Vestlandet, fylkesrepresentant Sogn og Fjordane

Arbeidsgruppe - medlem

Zuzana Nordeng, forskar/EU-rådgjevar, samarbeidsavtalen SFFK, HISF og VF, PL internasjonal del og med i Regionalt EU-nettverk

Arbeidsgruppe - medlem

Ingvild Håvardstun Kjørrefjord, IN Hordaland, Horizon 2020 for SF også

Karianne Kojen Andersen, IN Hordaland, med for Ingvild frå 1. april 2017.

Kompetansemeklarar

NN, 1-4, er lyst ut.

Tabellen viser mannskap og rollar i prosjektet. Suppleringar kan skje i prosjektperioden.

Stillingane som kompetansemeklarar skal lysast ut. Kompetansemeklarane skal berre drive med aktivitetar og tenester som skal vere tilgjengelege for alle, og ikkje vera av konkurransevridande karakter i høve andre bedrifter.

For å få til rådgjeving til bedrifter på ein lovleg måte, vil me lyse ut tilskota knytt til rekruttering til bedrifter, som bagatellmessig støtte. Utlysingane skal vera opne for alle bedrifter i satsingsområda, og kjende for alle.


FORANKRING

ANDRE REGIONALE STRATEGIAR
Denne satsinga er forankra i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014 -2025, som i dag er fylket sin regionale strategi for næringsutvikling. Sjå http://verdiskapingsplanen.no/

REGIONALE PARTNERSKAPEN
Verdiskapingsplanen til Sogn og Fjordane er den regionale partnarskapen i Sogn og Fjordane sin plan. Den regionale partnarskapen er representert i dei ulike satsingsområda og dei regionale utviklingsprogramma. Programleiarane er aktive i hovudaktivitet 7.

ANNA INNSATS
Koordinering med andre verkemiddelaktørar er definerte som hovudaktivitet 6. Koordineringa vil skje gjennom møte og avtalar og fordelinga av ansvar og oppgåver. Dette vil også skje utanom sjølve prosjektet i stor grad.

RFF-VESTLANDET
Prosjektet er i sin heilskap retta inn mot det regionale forskingsfondet og andre FoU-program. Koordineringa er skildra i hovudaktivitet 6, men, RFF Vestlandet sin fylkesansvarlege vil også vera medlem av arbeidsgruppa og ha ansvar for å skaffe statistikk til delmål 2.




BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR

Kva vil vi oppnå gjennom regional satsing

I Sogn og Fjordane er satsinga forankra i Verdiskapingsplanen 2014-2015 og Regional planstrategi. Ved å mobilisera til meir forskingsbasert innovasjon, vil me oppnå auka berekraftig verdiskaping i bedrifter og fleire arbeidsplassar i fylket. Det skal i neste omgang føra til auka folketal, som er det overordna politiske målet.

Motivasjon og grunngjeving

Grunngjevinga for å satsa meir på mobilisering til forskingsbasert
innovasjon, er at det kan bidra til å løysa ut store verdiskapingspotensial i bedrifter i fylket. Me har mange bedrifter som treng hjelp for å kome i gang med forskingsbasert innovasjon. Trua på at dette prosjektet vil vera til hjelp og nytte er god motivasjon.

Det regionale innovasjonssystemet, utfordringar og moglegheiter

Innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane er kjenneteikna av ein relativ stor og viktig offentlege sektor, og ein liten akademisk sektor (FoU og UiH) (Nesse og Skogseid 2014).

Bedrifter i Sogn og Fjordane er lite med i nasjonale og internasjonale FoU-prosjekt. Det gjeld både BIA-programmet, Skattefunn og EU-prosjekt. Statistikk frå RFF Vestlandet viser at det er like mange prosjekt frå offentleg sektor som frå privat sektor som ha fått støtte.

Utdanningsnivået i bedrifter i Sogn og Fjordane er noko lågare enn elles i landet. (VRI2 Innovasjonsprosjektet, publikasjon Jon Gunnar Nesse (HiSF) et.al), noko som kanskje kan forklara relativt lågare interesse for FoU i bedriftene enn i mange andre fylke.

Forskarprosjektet i VRI 2 viste at Sogn og Fjordane har mange samarbeidskonstellasjonar, og liten avstand til verkemiddelapparatet, som til IN, næringsavdelinga i fylkeskommunen, Forskingsrådet sin regionale representant, Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet), næringslivsaktørar og FoU-miljøa. Det gir rom for utveksling av idear og kunnskap som utgangspunkt for utviklingsprosjekt i bedrifter. Denne utvekslinga går også på tvers av nettverk og næringar av dei same grunnane.

Prioriteringar

Vi vil prioritera informasjon, rådgjeving, hjelp og økonomisk støtte til vekstbedrifter med FoU-potensiale i Sogn og Fjordane, innanfor fylgjande bransjar/næringar og tema.

• Fornybar energi 
• Landbruk 
• Reiseliv 
• Sjømatnæringar
• Kunnskapsnæringar (KIFT)

Prioriteringane er politisk forankra i Sogn og Fjordane sin verdiskapingsplan. Dette er næringar og tema som er viktige for fylket, som har vore det historisk, som me har spesielle føresetnader for, og som representerer berekraftige verdiskapingsmoglegheiter.

Dei generelle utfordringane er at me ynskjer auka vekst og fleire arbeidsplassar i desse næringane, eller unngå at tal arbeidsplassar går ned, som innanfor energibransjen.

For å få vekst og utvikling vil me at satsinga skal føra til fleire produktinnovasjonar. Det kan vera nye attraksjonar innan reiseliv, eller nye sortar og artar innan landbruk og sjømat. Innan fornybar energi har me satsingar på både bøljekraft og hydrogen. Det er ei stor og viktig utfordring å få fram dei gode idéane, som kan bli til nye produktinnovasjonar.

I dei prioriterte næringane finst mange problem og utfordringar. Miljøutfordringane kan vera store. Det kan vera problem med sjukdomar og skade på både produkt og produksjonsanlegg. Det kan vera problem knytt til råstoff og underleverandørar, og problem knytt til distribusjon og marknad. Det kan vera produksjonar med høg risiko og store variasjonar i produksjon, innkjøp og inntening. Det kan vera uttrygge arbeidsplassar og problem med å skaffa kompetanse. Det kan vera problem knytt til helse og trivsel på arbeidsplassen. Dette er døme på utfordingar som kan løysast med forskingsbasert innovasjon.

Sogn og Fjordane ynskjer å vera i front på det grøne skiftet. Vi ynskjer reine fjordar og fjell med rikt fiske- og dyreliv, vi ynskjer reine bygder og tettstader, med frisk luft og trivsel for alle. Me ynskjer rein, sunn og kortreist mat. Me ynskjer friske og sunne innbyggjar, etc..





STRATEGI

VERKEMIDLANE

Verkemiddel 1: Kompetansemekling

Kompetansemeklarane skal informera om aktuelle FoU-støtteordningar og aktuelle FoU-miljø, og drive rådgjeving til bedrifter på ein ikkje konkurransevridande måte. Fylkeskommunen har lyst ut oppdrag, som offentleg innkjøp, men vil også sjå på andre måtar.


Verkemiddel 2: FoU-startpakke      => gå til utlysing

Utlysing til bedrifter. Inntil kr 140.000 som bagatellmessig støtte.

Vi trur at det er mogleg å få fleire bedrifter til å ta i bruk forsking, om vi tilbyr bedriftene hjelp, motiverer og driv aktiv rekruttering saman med mobiliseringsarbeidet. Derfor ynskjer vi å utvikle og ta i bruk dette verkemiddelet, som er ein liten rekrutteringspakke.

Prosessleiing: Inntil kr 40.000. Støtte til prosjektleiar til å leia FoU-prosjektet (innovasjonsprosessen), trinn A, B, C, D (figuren). Innovasjonsprosessleiaren kan gjennomføre alle analysane sjølve, eller nytte andre kompetente. Bedrifta bestemmer kven som skal vera innovasjonsprosessleiar.

Trinn 1: Driftsanalyse og mål: Inntil kr 25.000. Skal her få definert alle trendar og mål, for å få fram GAP mellom mål og trend = ambisjonar. Analysane seier noko om FoU-potensialet.

Trinn 2: Problemanalyse: Inntil kr 25.000. Skal her finna kva problem som er avgransande faktorar i høve måloppnåing. det kan vera produktet, teknologi eller anna.

Trinn 3: Idéskaping:  Inntil kr 25.000. Skal her finne forslag (idéar) på moglege løysingar på problema. 

Trinn 3: Idé-analyse: Inntil kr 25.000. Analyse av idéane med omsyn på marknad, teknologi, forretningsplan, etc.. Skal finne trong for tekknologi og FoU. 

Trinn 4: Organisering av FoU-prosjekt: Restmidlane av kr 140.000 kan nyttast til å førebu neste trinn i innovasjonsprosessen.



VRI4 Sogn og Fjordane modellen (c)  for trinnvis innovasjon er generisk, og bør tilpassast dei einskilde prosessane


Verkemiddel 3: FoU-forprosjekt eller små FoU-prosjekt  => gå til utlysing

Høve til å søkja små FoU-prosjekt, av kategori forundersøkingar eller eksperimentell utvikling. Midlane er lyst ut via Forskingsrådet. Må ta kontakt med fylkeskommunen fyrst, for å få tilsend skjema. Send e-post til arne.monrad.johnsen@sfj.no 




VRI4 Sogn og Fjordane modellen (c)  for trinnvis innovasjon er generisk, og bør tilpassast dei einskilde prosessane


Verkemiddel 4: Nettverksmøte.
Opne møte mellom bedrifter, FoU-miljø og andre aktørar for å diskutera problemstillingar og moglege løysingar. Midlane blir disponert av arbeidsgruppa og kompetansemeklarane for dekka utgifter til møterom og servering.


Verkemiddel 5: Mobilitet eller utplassering.
Vi ynskjer å involvera studentar frå Høgskulen på Vestlandet, Sogn og Fjordane, i næringsretta innovasjonsprosessar. Aktuelle aktivitetar kan vera kartlegging, observasjonar, analyse av verdiskapingspotensiale etc. Aktivitetane skal rettast mot målsetingane i VRI4. Høgskulen disponerar ei ramme basert på definerte vilkår.




MÅL OG RESULTAT

MÅL:
Hovudmålet i prosjektet i Sogn og Fjordane er å mobilisere og stimulere til meir forskingsbasert innovasjon, for større verdiskaping, konkurransekraft og berekraft i bedrifter i fylket. Næringslivet skal i større grad ta i bruk forskingsbasert kunnskap. Prosjektet skal redusere barrierar næringslivet har for å ta i bruk forskingsbasert kunnskap. Som indikatorar for hovudmålet skal m.a. nyttast:
  1. Tal FoU-søknader frå fylket per år
  2. Tal stetta FoU-søknader frå fylket per år
  3. Tal stetta søknader i prosent av tal søknader per år (tilslag)


MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR:
Delmål 1: Fleire søknader til regionale FoU-program
Fleire FoU-søknader til Regionalt forskingsfond
Vestlandet frå Sogn og Fjordane. Prosjekta skal ha høg kvalitet, og forventa stor nytteverdi på minst eitt regionalpolitisk mål i fylket.

Delmål 2: Fleire søknader til nasjonale FoU-program
Fleire FoU-søknader til Forskingsrådet sine program frå
Sogn og Fjordane. Prosjekta skal ha høg kvalitet, og forventa stor nytteverdi på minst eitt regionalpolitisk mål i fylket.

Delmål 3: Fleire søknader til internasjonale FoU-program
Fleire FoU-søknader til internasjonale fond frå Sogn og
Fjordane. Prosjekta skal ha høg kvalitet, og forventa stor nytteverdi på minst eitt regionalpolitisk mål i fylket. 

Satsing og delmål

Mål tal søknader

Mål tal søknader stetta

Mål % tilslag

Nærings-PhD

2

2

50

Forprosjekt RFF Vestlandet

15

15

100

Forskingsrådet - skattefunn

100

100

100

RFF Vestlandet  - bedrifts- hovudprosjekt

10

5

50

Forskingsrådet – ulike program

9

3

33

Horisont 2020

2

0.5

25

SMB-programmet i H2020

1

1

100

Interreg og andre EU-program

0

0

0



Måltal pr. år for aktivitetsmål, som Forskingsrådet har bedd om (kan justerast):

  1. Tal bedrifter kontakt med: 100 bedrifter
  2. Tal mobiliseringsprosjekt student: 2 prosjekt     forskar: 0 prosjekt
    næringsliv: 0 prosjekt
  3. Tal forprosjekt i mobiliseringsprosjektet: 4 prosjekt


FORVENTA EFFEKT AV RESULTATA:
Med «forventa effektar» forstår me forventa effektar av «resultatmåla» i prosjektet, som er mange og gode FoU-søknader til regionale-, nasjonale- og internasjonale FoU-program.

Vi må forventa at forskarar og utviklingspersonell gjennom FoU-prosjekta klarar å utvikla nye eller forbetra produkt, prosessar eller tenester, som bedriftene skal ta i bruk, for å oppnå sine mål, og at innovasjonane vil fungera, og at bedriftene opplever vekst og utvikling.

Når bedriftene oppnår sine mål, så må vi forventa at vi i neste omgang oppnår regionale mål, heilt eller delvis.

Det er også forventa at måloppnåing hjå bedrifter og regional måloppnåing vil ta lang tid, og at det eventuelt vil skje lenge etter at prosjektet er slutt.


RESULTAT:



PLAN OG FRAMDRIFT

ARBEIDSPLAN OG MILEPÆLAR:

HOVUDAKTIVITETAR

MÅL

1. Administrasjon

Målet er god økonomistyring, god rapportering til overordna, godt forvalta prosjekt på alle måtar, halde tidsfristar, høg trivsel for mannskap og rollar

2. Målstyring

Målet er å styre prosjektet så effektivt og godt som mogleg i høve tildelte ressursar, mål, føringar og samarbeidspartnerar, og kunne rapportera på måloppnåing og effektiv verkemiddelbruk.

3. Informasjonsarbeid

Målet er å nå alle relevante bedrifter og andre aktørar i fylket med informasjon, gjennom møteverksemd, bedriftsbesøk, nettsider og sosiale media, og at alle relevante/interesserte bedrifter og aktørar  til ei kvar tid skal vera oppdatert, og ha høve til å ringe prosjektarbeidarane i arbeidsgruppa.

4. Kompetansemekling

Målet er å ha kontakt med bedrifter som har behov for FoU, eller ser moglegheiter i FoU, og informera om relevante FoU-program, relevante FoU-miljø og anna FoU-hjelp. Kompetansemeklarane kan hjelpe bedriftene noko, men ikkje så mykje at det vert konkurransevriding med bruk av offentlege midlar i høve andre bedrifter. Kompetansemeklarane skal også informera om starpakke 1 for rekruttering til FoU.

5. Utlysing av verkemiddel

Målet er å få mange bedrifter og nettverk i fylket med FoU-behov til å søkje om støtte til FoU-prosjekt, som vert lyst ut i prosjektet. Målet er å få bedrifter med FoU-potensiale til søkje støtte til å kome i gang med forsking, startpakke 1, rekruttering. Målet er å til god forskarmobilitet og studentmobilitet.

6. Koordinering og samarbeid med andre verkemiddelaktørar i fylket.

Det er eit mål å få til god koordinering og samordning med andre verkemiddelaktørar i fylket, som gir støtte til FoUoI-prosjekt. Her kjem forvaltarane av regionale-, nasjonale- og internasjonale FoU-program også inn.

7. Koordinering og samarbeid med regionale utviklingsprogram og den regionale partnarskapen.

Det er eit mål å få til eit godt og målretta samarbeid med leiarane av dei regionale utviklingsprogramma og den regionale partnarskap. Det er eit mål å få til samarbeid om felles møteplassar for dei bedriftene som er målgrupper for dei ulike programma, som bransjemøteplassar på ein måte.

8. Samarbeid med lokale og regionale vekstselskap

Målet er systematisk samarbeid med lokale, kommunale og interkommunale vekstselskap inkludert næringshagar og Kunnskapsparken SF. Det er eit mål å få hjelp av desse til å skape møteplassar for bedrifter og nettverk frå ulike bransjar, slik at prosjektet kan  informera og kommunisera også med desse.

9. Samarbeid med FoU-institusjonar og UiH-sektoren

Det er eit mål å få til godt FoU-samarbeid mellom høgskulemiljøa og FoU-institusjonane i fylket. Det er eit mål å få til godt samarbeid med høgskulen og Vestlandforsking sitt internasjonale arbeid, knytt til samarbeidsavtalen med fylkeskommunen, og det er eit mål å få til godt samarbeid om mobilitet.

10. Statistikk og analyse

Det er eit mål å få til god statistikk årleg, for både hovudmålet og dei tre delmåla, som grunnlag for god programstyring og optimal verkemiddelbruk.

11. Prosjektleiing (pilot) rekrutteringsprosjektet – konseptutvikling og pilot

Målet er å gjennomføra eit moglegheitstudium for vår idé om rekruttering av bedrifter til FoU, gjennom praktisk utprøving, som ein pilot.


HOVUDAKTIVITETAR

Framdriftsplan og eventuelle milepælar

1. Administrasjon

Kontinuerleg arbeid frå før prosjektstart til etter prosjektslutt.

Milepålar knytt til årsrapportering og sluttrapportering.

Milepålar knytt til statusrapportering til prosjektmedarbeidarane og andre gjennom året.

2. Målstyring

Kontinuerleg arbeid frå før prosjektstart til etter prosjektslutt.

Milepålar knytt til statusrapportering til prosjektmedarbeidarane og andre gjennom året. Avhengig av statistikk (10). Skal involvera arbeidsgruppa.

3. Informasjonsarbeid

Kontinuerleg arbeid frå før prosjektstart til etter prosjektslutt.

Nettsider skal vera på plass innan 1. februar 2017.

Møteplan kvart år skal på plass innan  1. februar 2017, og 1. desember seinare.

4. Kompetansemekling

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden

Det er eit mål å få på plass minst ein kompetansemeklar innan 1. januar 2017.

5. Utlysing av verkemiddel

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden .

Må samordna utlysingane med Forskingsrådet og med fylkeskommunen i høve «regionalforvaltning».

6. Koordinering og samarbeid med andre verkemiddelaktørar.

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Det er eit mål å få oversikt over kven som gir støtte til dei ulike forprosjekta og FoU-prosjekta, og på kva vilkår innan 1. mars 2017.  

7. Koordinering og samarbeid med den regionale partnarskapen.

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Målet er å få til to bedriftsmøte med kvart program kvart år. Møte 1 innan 1. mars og møte 2 innan 1. oktober.

8. Samarbeid med lokale og regionale vekstselskap

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Målet er å få til to bedriftsmøte med kvart vekstselskap kvart år. Møte 1 innan 1. mars og møte 2 innan 1. oktober.

9. Samarbeid med FoU og UiH-sektoren

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Prosjektleiaren for internasjonalt FoU-arbeid inngår i arbeidsgruppa

10. Statistikk og analyse

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Målet er å få oppdatert statistikk ein månad etter kvar utlysing/tildeling av midlar, og for året før innan 1. februar.

11. Prosjektleiing (pilot), rekrutteringsprosjektet

Det må setjast opp ein eigen prosjektplan for dette prosjektet. Målet er at planen skal vera ferdig før 1. januar 2017.



PLANLAGDE PRODUKSJONAR OG HENDINGAR:


KOORDINERING, LEIING OG KVALITETSSIKRING:


SPESIELLE OMSYN OG KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:

Kritiske suksessfaktorar for måloppnåing - tal søknader FoU-bedriftsprosjekt

Det finst kritiske suksessfaktorar, som kan gjere det vanskeleg å nå måla om tal FoU-søknader, om ein ikkje finn løysingar. Lista under er dynamisk:
  1. Interessa for FoU hjå bedrifter og nettverk. Om denne ikkje er til stades i tilstrekkeleg omfang, kan det bli vanskeleg. 
  2. Bedriftene er nøgde med situasjonen. Dei har det tilsynelatande bra. Om dei ikkje har ambisjonar, noko å strekke seg etter, vil dei kanskje heller ikkje tenke utvikling og FoU.
  3. Programstyring /målstyring. Om bedrifter og nettverk ikkje ikkje har fått på plass system og funksjonar for arbeide langsiktig, systematisk og målretta, vil det vera meir eller mindre tilfeldig om FoU-prosjektet vil vera til nytte.
  4. Små bedrifter kan ha bruk for FoU, men har sjeldan nok ressursar til å etablera "store og gode" FoU-prosjekt. Forsking er dyrt.
  5. Statsstøtteregelverket må følgjast. Dei ansvarlege for FoU-programma må lyse ut midlar slik at det er lett å treffe statsstøtteregelverket for offentleg støtte til FoU. Dei må alltid opplysa om kva statsstøtteregel som gjeld. Utlysing, skjema og vurderingskriterium må vera 100% innretta mot den aktuelle regel. Dei må vera i stand til å skilje ut søknader og aktivitetar som er utanfor. Spelereglane må vera eintydige og favorisera dei som gjer det rett.
  6. Statsstøtteregelverket må utnyttast. Dei ansvarlege for FoU-programma må tillata alt som er lov. Mange av reglane er laga for å stimulera til FoU-prosjekt i svake næringar og i distrikta, som landbruk, reiseliv, fiskeri etc. Når det vert sett tilsvarande krav til næringar som har unnatak frå regelverket, som til næringar som ikkje har det, kan det fort bli umogleg å etablera FoU-prosjekt i desse næringane.
  7. Facebook. Facebook er ein av våre hovudkanalar for kommunikasjon. Men, det viser seg at mange i målgruppene, eller sentrale personar, ikkje er på Facebook, tek i mot invitasjon, eller sjølve tek initiativ, til å bli "ven" med VRI4 på Facebook. Og då når me ikkje desse. Ei løysing kan her vera å ta i bruk RUP Norge sin funksjon for nyheitsbrev. Då når me alle som har e-postadresse i RUP-Norge.
  8. Definere alle relevante verkemiddel til TRL-skalaen og reglane for statsstøtte. Dette kan lett gjerast som ein tabell. VRI4 vil lage utkast til tabell, som fangar opp alle trinna i innovasjonsmodellen. Naudsynt for å lage gode søknader, handsame søknader, treffe statsstøtteregelelverket, rettferd i konkurransen om midlar, samordning og samarbeid, rådgjeving, etc..
  9. FoU må bli daglegdags i små bedrifter. FoU må bli noko vanleg og folkeleg, som skjer hyppig, også i små bedrifter som driv med utviklingsarbeid. For å få eit godt og levande FoU-miljø blant bedriftene i ei bygd, bør det kanskje vera minst 10 bedrifter i bygda, som har fleire FoU-prosjekt kvart år. 


Kritiske suksessfaktorar for søknader å kunne dokumenter regional relevans og samfunnsnytte

I retningslinjene frå departementa står det at programstyra / fondsstyra skal rapportera på regional måloppnåing og effektiv verkemiddelbruk. Når dei ulike FoU-programma evaluerer FoU-søknader, vurderer dei regional relevans for søknaden. Det må altså stå noko overbevisande om dette i søknadane.

For å gjere det mogleg for søkjarane å skrive noko om søknaden sin moglege nytteverdi for samfunnet, slik at dei som vurderer søknadane skal kunne vurdere søknadane i høve til kvarandre på eit objektivt grunnlag, må regionane og FoU-programma legge til rette for dette. Då finst dei ein metode med ein viktig suksessfaktor, og det er bruk av SMART-mål:

1. Kritisk suksessfaktor: Regionale SMART-mål.

Når regionane har definert sine mål som SMART-mål, er det mogleg for søkjarane å kalkulera prosjekta sine foventa effektar på måla, og konkurrera på like vilkår.

S=Smesifisert
M=Målbart
A=Akseptert
R=Realistisk
T=Tidfesta

Vurdering av søknader ved hjelp av SMART-mål
Ved hjelp av SMART-mål-metoden, kan ein vurdera prosjekt både på førehand (søknader) og i ettertid (relle effektar).

Vurdering på førehand - søknader (trinn D i innovasjonsprosessen)
Utrekning av tiltaket (ide, konsept, innovasjon) sine forventa effektar på mål, forventa effektar av verkemiddelbruken og forventa samfunnsnytte. Denne analysen høyrer heime i trinn D i VRI4-modellen for trinnvis innovasjon. Resultata kan ein bruke til å vurdera framhald, og t.d. bruke i søknader om FoU-prosjekt seinare.

Vurdering i ettertid - driftsanalyse (TRL9 og seinare)
Utrekning av tiltaket (ide, konsept, innovasjon) sine reelle effektar på mål, reelle  effektar av verkemiddelbruken og reell samfunnsnytte. Dette er ei driftsoppgåve, som statistikk og analyseavdelinga i produksjonen har ansvar for, og som leiarane er avhengige av, for å drive programstyring og evt. porteføljestyring.



Enkle døme og utrekningar
Sogn og Fjordane har mål om 500 nye arbeidsplassar årleg. Dette er eit OK SMART-mål etter definisjonen.


VURDERING PÅ FØREHAND

1. Forventa effekt på målet.

Eit prosjekt forventar 5 nye arbeidsplassar i året, om dei lukkast med innovasjonen. Forventa effekt er 1% av målet på 500.

2. Forventa effekt av verkemidlane
Prosjekt A får kr 1 mill i støtte => forventar 5 nye arbeidplassar.
Prosjekt B får kr 2 mill i støtte => forventar 8 nye arbeidsplassar.

Prosjekt A: kr 200.000 pr. arbeidsplass (
best!)
Prosjekt B: kr 250.000 pr. arbeidsplass 

VURDERING I ETTERTID

1. Reell effekt på målet og rapportering på måloppnåing.
Det viser seg at bedrifta etter 10 år hadde 10 ny arbeidsplassar. På fylkesnivå vart det berre 300 nye arbeidsplassar i middel pr. år dei fyrste 10 åra.

a. Måloppnåinga var 60%. (300 = 60% av 500)
b. Bedrifta sitt bidrag (effekt) på måloppnåinga: 3,3% (10 = 3,3% av 300)


2. Reell effekt av verkemidlane etter 10 år
Prosjekt A fekk kr 1 mill i støtte => oppnådde 10 nye arbeidplassar.
Prosjekt B fekk kr 2 mill i støtte => oppnådde 40 nye arbeidsplassar.

Prosjekt A: kr 100.000 pr. arbeidsplass 
Prosjekt B: kr 50.000 pr. arbeidsplass 
(best!)

Viktig å vita om analysane
Om ein ser på analysane i ettertid, så er utfordringan i fyrst å stadfesta effektane på bedriftsnivå. Når dei er sikre, vil det ikkje vera problem knytt til dei regionale effektane ved denne metoden.

Om effektar i bedrifter:
Dersom dei to prosjekta i dømet var knytt til to ulike bedrifter, dette var dei einaste tiltaka, og alle andre faktorar var like, så kan ein seia at resultata skuldast desse to tiltaka.

Dersom det vart gjennomført fleire tiltak i kvar bedrift, så kan ein prøve å vurdera effekten av dei ulike tiltaka i høve kvarandre i prosent, og justera for det. Det er viktig i programstyring.

Om effektar regionalt:
Regionale effektmålingar kan gjere når det finst regionale SMART-mål, som prosjekta er retta inn mot, det finst målbare mål på bedriftsnivå, og det er samanheng mellom måla på bedriftsnivå og regionalt nivå.

Dersom tiltaka gjeld fleire bedrifter, eller det er snakk om store fellestiltak eller infrastrukturtiltak, så kan ein bruke same metode. Men, då blir det straks verre å kalkulera dei kausale effektane i bedriftene. 

Det et kritisk for bruk av SMART-mål-metoden at dei regionale SMART-måla er definerte i dei regionale planane, saman med ansvar, programstyring og porteføljestyring. Det er kritisk at dei regionale SMART-måla er definerte i bestillingane til FoU-programma, og at dei regionale SMART-måla er å finna att i utlysingane om FoU-midlar. Dette gjeld FoU-program på alle nivå. 


2. SPESIELLE OMSYN

Korleis vil kjønn, internasjonalisering, kommunikasjon og berekraft bli teke omsyn til i mobiliseringsprosjektet?

Me vil arbeida for at det er samla kjønnsbalanse for prosjektleiinga, kompetansemeklarane, arbeidsgrupper og styringsgrupper. Status i dag er 3 menn inkludert prosjektansvarleg, og 2 kvinner. Me vil ta omsyn til kjønnsbalanse i utlysingane.

Internasjonalisering.
Samarbeidsavtalen om internasjonalisering av FoU mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandforsking er sentral. Prosjektleiaren, som er forskar og EU-rådgjevar, vil vera med i arbeidsgruppa. Det sikrar også koordinering med dei regionale EU-nettverka. Innovasjon Norge sin EU-rådgjevar for Hordaland og Sogn og Fjordane er også med i arbeidsgruppa. Vi har mål om fleire søknader til internasjonale FoU-program. I EU vert regionale strategiar og geografisk nærleik brukt som verkemiddel for å oppnå måla i forskings- og innovasjonspolitikken.

Kommunikasjon
Heile prosjektet er eit stort informasjons- og kommunikasjonsprosjekt. Arbeidsgruppa er sett saman av personar som har ansvar for å informera om kvar sine FoU-program. Det gjeld denne ordninga, Regionalt forskingsfond Vestlandet sine utlysingar, Forskingsrådet sine program, og EU sine program i Horizon 2020. I tillegg er det kompetansemeklarane si hovudoppgåve å informera og kommunisera med bedriftene om FoU-program og FoU-miljø.

Strategien er å få til bransjeretta møteplassar for informasjon om FoU-programma, saman med dei respektive fylkesplanprogramma i verdiskapingsplanen for fylket (hovudaktivitet 7). Vidare vil me få til møteplassar med bedrifter frå fleire bransjar saman med vekstselskap i fylket (hovudaktivitet 8).

Prosjektet vil i nytte fylkeskommunen sine nettsider og sosiale media for kommunikasjon. I tillegg vil det vera mykje aktuell informasjon på www.rup.no, som skal nyttast som dynamisk styringsverkty i prosjektet.

Berekraft:
I Sogn og Fjordane har me mange typar berekraftutfordringar. Det kan vera berekraft knytt til økonomi kultur, miljø, etc.. I dette prosjektet har me ingen slike berekraftutfordringar. Det einaste kan vera litt utslepp knytt til reising.

I arbeidet med rekruttering og mobilisering er sjølvsagt økonomiske berekraftmål viktig, men også berekraft knytt til miljø og kultur. Seinare, når prosjektet har ført til konkrete FoU-søknader, vil det i FoU-programma også vera krav til berekraft. Det blir omfattande å gå inn på berekraftmåla til dei ulike satsingsområda. Vi tek derfor med berekraftmåla i reiselivsplanen for fylket 2010 til 2015 som døme:
  1. Å redusera den lokale miljøbelastinga frå reiselivsnæringa i fylket 
  2. Å redusera den globale miljøbelastinga frå reiselivsnæringa i fylket
  3. Å styrke den lokale eigenarten ved reiselivet i fylket
  4. Å styrke den lokale verdiskapinga (overrislingseffektar av reiselivet)
  5. Å styrke ressursgrunnlaget for den miljøbaserte reiselivsutviklinga
Politikarane i fylket er svært opptekne av at FoU vert nytta i det grøne skiftet.


FRAMDRIFT OG LÆRING:
Framdrift og læring i VRI4:

17.06.20: Sende ut dei dei fyrste ferdighandsama tilskotsbreva. Til Osland Settefisk og Huseby Hotelldrift. Me fekk søknadane den 23. mai. Trinna ein søknad skal gjennom er:

  1. Søkjar skriv søknad i Regionaløforvaltning (23.mai)
  2. PL lagar forslag til innstilling i eigen mal
  3. Arbeidsgruppa får forslaget til godkjenning, og kan kome med merknader, som må rettast opp, til alle er samde om innstillinga.
  4. Arbeidsgruppa si innstilling blir sendt til Forskingsrådet, som gjer vedtak om støtte eller avslag.
  5. PL lagar tilskotsbrev i e-sak
  6. Leiar godkjenner tilskotsbrevet
  7. PL sender tilskotsbrevet til søkjar (20. juni)
Dei to fyrste søknadane tok 28 dagar. No er malane på plass, og me vonar at prosedyren går raskare neste gong.

17.06.09: Ny versjon av modellen for trinnvis innovasjon på plass, som skil meir mellom system og teknologi, innleiande aktivitetar og FoU. Heile TRL-skalaen med i kronologisk rekkefølge. Grunnforsking sett som TRL0. Trinn A-D (FoU-startpakken) er ei "BRU", for å få bedrifta fram til FoU.



17.06.09: AMJ adminstratortilgang til VRI Sogn og Fjordane si facebookside. Deling frå RUP Norge fungerar.

17.06.09: Heile planen lagt inn i RUP Norge

17.05.24: 4 kompetansemeklarrollar innstilt

17.05.24: Fyrste møte i arbeidsgruppa. Hjå Innovasjon Norge fylkeshuset. Alle fire til stades. Sjå agenda og referat under aktivitetar. Kom ikkje gjennom heile agendaen.

17.05.23: To søknader til FoU-startpakken.

17.05.03: Fyrste utlysing på plass. Gjeld FoU-startpakken, FoU-prosjekt og forundersøkingar. På nettsida til fylkeskommunen og på Regionalforvaltning.

17.04.21: Frist søknad kompetansemeklarar. Fekk inn søknader frå 3 tilbydarar. Segel, Njøs Næringsutviklin og Kunnskapsparken SF. Eitt tilbod kom inn for seint.


Frå VRI1-3 har me lært fylgjande:



ØKONOMI:

BUDSJETT:
Budsjettet ved oppstart 2017:

KOSTNAD / AKTIVITET

SPESIFISERT

2017

2018

2019

SUM

1. PROSJEKTLEIAR TIMAR

 

 

 

 

 

Administrasjon

Økonomi og rapportering

100 000

100 000

100 000

300 000

Programstyring

Målstyring regionale mål

100 000

100 000

100 000

300 000

Informasjonsarbeid

Nettsider og anna info

50 000

50 000

50 000

150 000

Kompetansemekling

I møte med bedrifter etc

100 000

100 000

100 000

300 000

Statistikk og analyse

Styringsverkty

50 000

50 000

50 000

150 000

Prosjektleiing pilot

Prosjektleiar

200 000

200 000

200 000

600 000

SUM

 

600 000

600 000

600 000

1 800 000

2. ARBEIDSGRUPPA TIMAR

 

 

 

 

 

Prosjektarbeid

Saman med prosjektleiar

50 000

50 000

50 000

150 000

Møteverksemd

Saman med prosjektleiar

50 000

50 000

50 000

150 000

Kompetansemekling

Møte med bedrifter

50 000

50 000

50 000

150 000

Informasjonsarbeid

Nettsider og anna info

50 000

50 000

50 000

150 000

SUM

 

200 000

200 000

200 000

600 000

3. PARTNARSKAP TIMAR

 

 

 

 

 

Verkemiddelaktørar

Koordinering

50 000

50 000

50 000

150 000

Regionale programleiarar

Koordinering /møteplassar

100 000

100 000

100 000

300 000

FoU og UiH - sektoren

Koordinering / samarbeid

50 000

50 000

50 000

150 000

SUM

 

200 000

200 000

200 000

600 000

SUM TIMAR I KRONER

 

1 000 000

1 000 000

1 000 000

3 000 000

 

 

 

 

 

 

4. KRONEBUDSJETT

 

 

 

 

 

Verkemiddel 1

Kompetansemekling

600 000

600 000

600 000

1 800 000

Verkemiddel 2

Rekruttering (pilot)

1 000 000

1 000 000

1 000 000

3 000 000

Prosessleiing

Innovasjonsprosessleiar

 

 

 

 

Trinn 1

Kartlegging & problem

Trinn 2

Idéutvikling

Trinn 3

Konseptutvikling

Trinn 4

FoU-prosjektorganisering

Verkemiddel 3

FoU-prosjekt

500 000

500 000

500 000

1 500 000

Verkemiddel 4

Nettverksmøte

150 000

150 000

150 000

450 000

Verkemiddel 5

Mobilitet

200 000

200 000

200 000

600 000

Andre driftskostnader

Reiser, opphald, ymse

100 000

100 000

100 000

300 000

SUM KRONER

2 550 000

2 550 000

2 550 000

7 650 000

SUM

3 550 000

3 550 000

3 550 000

10 650 000


Nye versjonar kan leggast til




FINANSIERING:
Finansiering ved oppstart 2017:

FINANSIØR

2017

2018

2019

SUM

Forskingsrådet, regional satsing

2 550 000

2 550 000

2 550 000

7 650 000

Fylkeskommunen og regional partnarskap,  eigeninnsats

1 000 000

1 000 000

1 000 000

3 000 000

SUM FINANSIERING

3 550 000

3 550 000

3 550 000

10 650 000




REKNESKAP:


Meldingar:

19.09.17 EU-nett Sogn og Fjordane
15.06.17 VRI4 kompetansemeklarane på plass
29.05.17 VRI4 - tilskot til FoU-forundersøkingar
24.05.17 VRI4 - tilskot til FoU-prosjekt
24.05.17 VRI4 FoU-startpakke - tilskot



Aktivitetar:

28.10.17 EU-nett inviterte til prosjektverkstad på Kaupanger
18.08.17 VRI4/FORREGION - prosjektleiarsamling 26-27. september
15.09.17 Konferanse om marin energi i Florø
15.09.17 FoU-workshop i Florø for aktørar i havbruksnæringa
18.08.17 VRI4 planleggingsmøte for hausten 2017
30.06.17 Kompetansemeklar på seminar med oppdrettsverksemder
30.06.17 Samling for kompetansemeklarar i Oslo
30.06.17 Kick-off for kompetansemeklarane
30.06.17 Møte mellom VRI4 og Forskingsrådet
23.05.17 VRI4 møte i arbeidsgruppa
27.10.17 Informasjonsmøte VRI4 på Høgskulen
30.10.17 VRI4 i programstyret Frukt og Grønt
30.10.17 VRI4 møte Gulen og Masfjorden Næringshage
30.10.17 Kompetansemeklarar kravspesifikasjon
30.10.17 Om kompetansemekling utlysing
30.10.17 VRI4 infomøte Vestlandsforsking
28.10.17 Om utlysing av rollar som kompetansemeklarar
28.10.17 Møte med økonomiavdelinga i fylkeskommunen



Rapportar:




Dokumentarkiv:

2017-08-21 agenda VRI4 stormøte Nordfjordeid.docx
VRI4 raadgjevarar kontaktdata.pdf
VRI4 plan og søknad/Mobilisering til forskningsbasert innovasjon Sogn og Fjordane VRI4 - 30januar 2017 - elektronisk søknad.pdf
VRI4 plan og søknad/Mobilisering til forskningsbasert innovasjon Sogn og Fjordane VRI4 - 30januar 2017.pdf



ORGANISERING I DELPROSESSAR

Satsingsområde VRI4 Sogn og Fjordane
    Program a. VRI4 prosjekt
       Delprogram a1. VRI4 FoU-startpakken
          Prosjekt 2017 Fiskeslam
          Prosjekt 2017 Hotellovernatting
       Delprogram a2. VRI4 FoU-forundersøkingar
       Delprogram a3. VRI4 FoU-prosjekt
       Delprogram a4. VRI4 studentmobilitet
    Program b. RFF Vestlandet
       Delprogram RFF Vestlandet forundersøkingar
       Delprogram RFF Vestlandet hovudprosjekt
    Program c. Skattefunn
    Program d. Forskingsrådet
    Program e. Horizon 2020 SMB
    Program f. Horizon 2020
    Program g. Interreg ol
    Program h. Nærings PhD