Statusrapport for:


Satsningsområdet


RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane
(akronym)

Fylkesporteføljen av prosjekt finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet, saman med relatert FoU utviklingsarbeid for fylket.
(tittel)



STATUS:

Oppstarta



RUP Norge



www.rup.no

ID 1478

NØKKELDATA

FORANKRING - OMRÅDE:
Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane

TIDFESTING AV STATUSENDRINGAR:
År forslag: 2010
År godkjent:
År oppstarta:
År avslutta:

VEDTAK:
Fylkestinget, 13.10.2009, sak: 47/09
Tittel: Samarbeidsavtale om plikt og ansvar vedrørande forvaltninga av Regionalt Forskingsfond Vestlandet. Oppnemning av medlem i valkomite
Endeleg vedtak: Punkt 1 av 4: Fylkestinget sluttar seg til forslaget til Samarbeidsavtale om plikt og ansvar vedrørande forvaltninga av Regionalt Forskingsfond Vestlandet; jfr vedlegg 1.


SEKTOR:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg

INTERNASJONAL STATUS:


VERKEMIDDEL OMRÅDE:


KODE OG NØKKELORD:
fousamsf sogn og fjordane

HEIMESIDE FOR PROSESESSEN:
http://www.regionaleforskningsfond.no/vestlandet


ANSVAR

INSTITUSJONAR OG ROLLAR:
Prosessleiar:
Arne Monrad Johnsen, 
seniorrådgivar FoU
Sogn og Fjordane fylkeskommune / Regionalt forskingsfond Vestlandet
Mobil: 41530978 
arne.monrad.johnsen@sfj.no 

Prosessansvar:
Jan Heggheim, 
Fylkesdirektør Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune



BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR


ARBEID FOR SOGN OG FJORDANE SINE FOU-INTERESSER (C)

Avtalen mellom fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, seier at Sogn og Fjordane sin person i sekretariatet, skal gjere andre FoU oppgåver for fylket enn dei som er knytt til RFF

Denne prosessen som her er oppretta i RUP Norge, er forankra i denne delen av avtalen, og spesielt retta inn mot FoU-arbeid i Sogn og Fjordane, illustrert ved ring C i figuren under. 

Figuren viser korleis stillingsheimelen er delt i to oppdrag, i høvesvis Regionalt forskingsfond Vestlandet, sekretariatet (B) og i Sogn og Fjordane fylkeskommune, for arbeid med Sogn og Fjordane fylke sine FoU-interesser (C)


REGIONALT FORSKINGSFOND VESTLANDET (B)

Det typiske sekretariatsarbeidet (B) vil skje saman eller i samarbeid med dei andre i personane i sekretariatet, frå Rogaland og Hordaland. Dette arbeidet er organisert i 4-årsbolkar, der bestillinga frå fylkeskommunane og retningslinjene frå Kunnskapsdepartementet er styrande.

Det vert laga årlege handlingsplanar, med eit relativt fast årshjul. Det viktigaste arbeidet til fondet er å forvalta midlane i fondet i tråd med retningslinjer og bestilling. Det gjeld utlysing av midlar, vurdering av søknader, tildeling av midlar til prosjekt, oppfølging av prosjekt, etc. Sekretariatet arbeidar tett saman med styret for fondet. Det er 7 fond i landet, som alle jobbar tett saman med Forskingsrådet.
 
SAMSPEL OG SAMORDNING AV TO OPPDRAG (A)
Eit mål med dette FoU-arbeidet i Sogn og Fjordane er at det skal utfylla og styrka arbeidet i sekretariatet, for å nå det felles målet om styrking av forsking for regional utvikling og innovasjon i Sogn og Fjordane.

Ei viktig utfordringa er å utnytta dei moglegheitane som finst i kombinasjonen av å vera "sekretær i fondet" (B) og "rådgjevar i fylket" (C).

Denne nettsida i RUP-Norge skal utfylle og støtte opp om  RFF Vestlandet si eiga nettside, som er fondet si hovudside.


STRATEGI


STRATEGI

Strategien skal sikra at måla vert nådde. Ambisjonane er:
Før ein kan setje i verk strategiske handlingar, eller tiltak, så må ein fyrst kartlegge, eller liste opp, dei kritiske suksessfaktorane. Me kjenner mange kritiske suksessfaktorar.

  1. Brukarane, eller søkjarane, må bli flinkare til å arbeida langsiktig, målretta og systematisk. Eit FoU-prosjekt må forankrast i ei satsing med målstyring, eller eit program med programstyring. Dette gjeld ofte både bedrifter, institusjonar og organisasjonar.




MÅL OG RESULTAT

MÅL:
HOVUDMÅL
  1. Eit mål med arbeidet i satsinga er at det vert sendt inn mange FoU-søknader til RFF Vestlandet frå Sogn og Fjordane, og at søknadane har god kvalitet, oppnår støtte og seinare effekt på dei tilsikta måla for brukarane og søkjarane.

  2. Det er eit mål å arbeida for at Regionalt forskingsfond Vestlandet er optimalt innretta mot alle prioriterte mål og målgrupper i regionale planar i Sogn og Fjordane, slik at prosjekta også vil bidra til tilsikta samfunnsnytte i fylket.

  3. Det er eit mål å arbeida for at Regionalt forskingsfond Vestlandet samstundes er optimalt innretta mot Kunnskapsdepartementet sin overordna mål med ordninga, som mellom anna er at ulike FoU-mål skal nåast i alle fylke.


Figuren illustrerar utfordring for dei regionale forskingsfonda. Den som søkjer må sjølvsagt tru at han vil oppnå sine mål med FoU-prosjektet. Det er bedrifter og organisasjonar (1), og institusjonar (2). I tillegg skal resultata av prosjekta ha positiv effekt på regionalpolitiske mål i fylka (3) og nasjonale FoU-mål (4).

MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR:

1. ULIKE PARAMETER KNYTT TIL SØKNADER OG TILSKOT

Ved å analysera søknadane til RFF Vestlandet, kan ein finna mange parameter som kan relaterast til hovudmålet og dei tre delmåla:

  1. Tal søknader frå kvart fylke i sum
  2. Tal søknader frå kvart fylke, årleg
  3. Tal søknader som har fått støtte frå kvart fylke
  4. Fylkesvis utteljing i prosent
  5. Innovasjonskraft - forslag til parameter og formel
  6. Sum løyvingar totalt til kvart fylke
  7. Årlege løyvingar kvart år i perioden
  8. Løyvingar til fylket av totalet i fonded, kumulativt
  9. Karakterfordelinga på søknader
  10. Prosent søknaden med karakter 5 eller betre.



Grafane over viser at det er levert inn 44 søknader om støtte til hovudprosjekt frå Sogn og Fjordane dei fyrste fem åra. Det svarar til nesten 9 søknader i året.

Etter ein god start i 2010, var det eit botnår i 2011. Sidan har tal søknader gått opp jamnt og trutt. Det er ingen mål definert til tal søknader frå Sogn og Fjordane, men grafane gjer det lett å lage eit slikt mål, som t.d. 10 søknader pr. år.



Grafane over viser at det er 13 prosjektsøknader av 44 frå Sogn og Fjordane, som har fått støtte dei fem fyrste åra. Det svarar til ei utteljing på 30% av søknadane. Det er omtrent som for Hordaland (29%) og Rogaland (33%).

Utteljinga i prosent er ein god parameter på FoU-delmål 1,2 og 3. Di betre brukar, di betre FoU-miljø og di betre samarbeid mellom sektorane, di betre søknader vil ein få, og di betre blir utteljinga.

STØTTEINDEKSEN -  JUSTERT FOR ULIKT FOLKETAL I FYLKA

STØTTEINDEKS = Tal tilsegn pr år /folketalet x 1000000

Støtteindeks SF RFFV 2010-2014: 23,8
Støtteindeks H RFFV 2010-2014:  10,3
Støtteindeks R RFFV 2010-2014:  10,8

Sogn og Fjordane har for 2010 til 2014 ein støtteindeks som er over 2 gonger større enn i Hordaland og Rogaland etter denne metoden.

For å heva indeksen må søkjarane frå eit fylke levere inn fleire søknader av høgre kvalitet, og få fleire tilsegn. Det er kvalitet, og ikkje kvantitet, som er avgjerande.

Støtteindeksen er relativ i høve dei andre fylka i regionen. Når eitt av fylka får fleire tilsegn, så blir det oftast ferre på dei andre. Andre forhold kan også verka inn, som tilskot pr. prosjekt etc..

For Sogn og Fjordane kan støtteindeksen vera eit mål på FoU-styrke, for jamføring med dei to andre fylka. Om ein berre hadde brukt tal tilsegn, så hadde ein ikkje teke omsyn til ulikt folketal. 

Tal søknader og tilsegn i middel pr. år:
Sogn og Fjordane:   8,8 søknader - 2.6 tilsegn
Hordaland: 18,0 søknader - 5.2 tilsegn
Rogland: 15,2 søknader - 5.0 tilsegn

Folketal 1. kvartal 2014
Sogn og Fjordane 109.042
Hordaland 506.491
Rogland: 461.453




Grafane over viser at søkjarar frå Sogn og Fjordane har fått tildelt kr 26 mill i sum støtte dei fem fyrste åra. Toppåra har vore 2010 og 2014.




Grafen viser at Sogn og Fjordane etter 2010 har lege under målet om å få tildelt minst 21% av totalpotten til RFF Vestlandet. 21 % er kalkulert til å vera fylket sin rettmessige del av fondet, basert på tildelingsnøkkelen til Kunnskapsdepartementet (50% etter folketal og resten likt pr. fylke). For å nå målet på 21% måtte søkjarne frå fylket fått tildelt kring 4 mill meir dei 5 fyrste åra, som svarar til 1-2 prosjektsøkander innvilga.


Grafane over viser at Sogn og Fjordane kan konkurrera godt med Hordaland og Rogaland med omsyn på karakter. I Sogn og Fjordane har me ikkje hatt så mange søknader som har fått karakter 6, men me har hatt få søknader med dei dårlegaste karakterane. Når det gjeld summen a5 karakter 5 og 6 i prosent av totalen, så er det likt for alle fylke, med 41-42%




FORVENTA EFFEKT AV RESULTATA:



RESULTAT:
Ein må koma attende til kva som skal stå her.


PLAN OG FRAMDRIFT

ARBEIDSPLAN OG MILEPÆLAR:




PLANLAGDE PRODUKSJONAR OG HENDINGAR:


KOORDINERING, LEIING OG KVALITETSSIKRING:
RUP Norge vil bli nytta som styringsverkty for prosessane, og som verkty for koordinering, informasjon, rapportering, etc..

URL: http://rup.no/vision/vision1.aspx?hierarchyid=1478&type=2

Andre viktige metodar og verkty kan/vil vera:

Ein vil også sjå på nye metodar og verkty som kan dukka opp, og/eller utvikla slike sjølv, om det viser seg naudsynt.



SPESIELLE OMSYN OG KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:
NØKKELFAKTORAR SØKJAR OG BRUKAR
For å oppnå hovudmål 1, som i hovudsak dreier seg om mange og gode søknader frå fylket, og stor nytteverdi for brukarane av resultata, må søkjarane, eller brukarane, vera godt førebudde.

Det luraste er å knyte (forankra) prosjektet til ein eksisterande produksjon. Produksjonen må ha god styring, men likevel slita med måloppnåing. Før ein søkjer må det gjennomførast ein problemanalyse, for å vita kva problem som er mest avgrensande på produksjonen. Ein må vidare ha ein ide (forslag) på løysing, og ideen må vera analysert og definert som eit konsept.

Hovupoenget med FoU-søknaden er fyrst å finna ut om konseptet kan virka (proof of consept). Og om så er tilfelle, utvikla konseptet til bruk for brukeren, via ein prototype (laboratorium) og ein pilot som fungerar under realistiske forhold, og få eigenskapane til det ferdig utvikla konseptet dokumenterte.

Her er nøkkelfaktorane litt meir i detalj:


1. Produksjonen - med mål og resultatstyring - sjølve utgangspunktet

Er brukarane, eller søkjarane, flinke nok til å arbeida langsiktig, målretta og systematisk.
  
Har FoU-prosjektet vakse fram som eit resultat av manglande måloppnåing i ein eksisterande produksjon eller regional satsing? 

Viser søkjarane fram høg kompetanse på mål- og resultatstyring? Har dei definert langsiktig prosessansvar. Finst det årlege ressursar og årlege reknskap og årsrapportar? Har dei SMARTe-mål og GAP-analysar?

SMARTE-resultatmål - frå mål og resultatstyring i staten

  1. Spesifikke: Resultatmåla må vera tydeleg definerte, slik at det er klart kva som skal oppnåast
  2. Målbare: Det må vera mogleg å måla i kva grad verksemda når sine mål
  3. Aksepterte: Resultatmåla må opplevas som rette, relevante og interessante å arbeida etter, og bør fastsettast etter dialog mellom over- og underordna nivå
  4. Realistiske: Ambisjonsnivået må ikkje settast høgre enn at det blir opplevd som mogleg å innfri krava, men samstundes skal det vera noko å strekkja seg etter.
  5. Tidfesta: Det må vera klart når resultatmåla skal vera oppfylte.
  6. Enkle: Resultatmåla må vera enkle å forstå og måla.


    Utan slik forankring i prosessar med mål- og resultatstyring og SMARTE-mål, er det vanskeleg å generera FoU-prosjekt retta mot ekte behov.

    Det blir då også vanskeleg å svare godt på alle spørsmåla i utlysinga. Og kven eig prosessen? Kven skal bruke resultatet av prosjektet, eller fullføra utviklinga etter FoU-prosjektet?

    Under er ein graf for utviklinga av epledyrkinga i Sogn og Fjordane. Så enkelt kan ein presentera resultat av eit arbeid. Merk tydinga av E i SMARTE - enkelt å måle og lett å forstå. Les om Frukt- og grøntprogrammet HER!

2. Problemanalyse - kvar trykker skoen mest?
Er søkjarane flinke nok til å finne fram til dei rette problema, før dei set i gong med eit FoU-prosjekt? Blir det gjennomført flaskehalsanalysar, eller "tønnestavanalysar" i førekant. 

3. Idejakt - å finna forslag til løysingar på problem


4. Moglegheitsanalyse - frå ide til konsept
  1. Ein moglegheitstudie er ein analyse for å finna ut levedyktigheiten til en idé gjennom en disiplinert og dokumentert prosess, der ein skal tenke gjennom ideen frå sin logiske start til sin logiske slutt. 
  2. Ein moglegheitstudie blir utført for å vurdere levedyktigheten til et nytt prosjekt. 
  3. Ein moglegheitstudie er det fyrste og det viktigaste ein må gjera i samband med utvikling av prosjekt
Gjennom ein moglegheitsstudie kan ein ta eit forslag på løysing frå IDÈ fram til eit DEFINERT og ANALYSERT KONSEPT, som kanskje tilrådast vidareførast i ein innovasjonsprosess. Etter ein moglegheitstudie har ein fullført trinn 2 på TRL-skalaen (under).


Prins2TM om feasibility studies:
Kjem meir seinare


FRAMDRIFT OG LÆRING:



ØKONOMI:

BUDSJETT:
Tabel:
Post

20xx

20xx

20xx

20xx

20xx

SUM

post1

0

0

0

0

0

0

post2

0

0

0

0

0

0

post3

0

0

0

0

0

0

post4

0

0

0

0

0

0

Totalsum

0

0

0

0

0

0



FINANSIERING:
Tabel:
Post

20xx

20xx

20xx

20xx

20xx

SUM

post1

0

0

0

0

0

0

post2

0

0

0

0

0

0

post3

0

0

0

0

0

0

post4

0

0

0

0

0

0

Totalsum

0

0

0

0

0

0



REKNESKAP:
Samla budsjett for 2014-2016:
kr 0 mill 2014
kr 0 mill 2015
kr 0 mill 2016
kr 0 mill sum

Samla finansiering for 2103 - 2016:
kr 0 mill: Sogn og Fjordane fylkeskommune
kr 0 mill: Kommunane i SF:
kr 0 mill: VRI, via NFR
kr 0 mill: sum

Meldingar:

31.10.14 Innovasjon i offentleg sektor
19.03.14 Utlysing av midlar til FoU frå dei regionale forskingsfonda - infohefte for Sogn og Fjordane
10.05.13 Forskingsmeldinga 2013
05.05.13 Søknadsfrist utlysing hovudprosjekt RFFV 15% potten 2. oktober 2013
05.05.13 Søknadsfrist 2.utlysing hovudprosjekt RFFV 16.oktober 2013
05.05.13 Søknadsfrist forprosjekt RFFV 2013
05.03.13 Søknadsfrist RFF Vestlandet i april 2013



Aktivitetar:

05.05.13 Styremøte RFFV jun13
06.05.13 Årskonferansen 2013 Svolvær
05.03.13 Læringsarena RFF mar13
05.05.13 Styremøte RFFV feb13
05.05.13 Styremøte RFFV des12
05.05.13 Styremøte RFFV okt12
15.05.13 Årskonferansen 2012 Hamar
05.05.13 Styremøte RFFV mai12
05.05.13 Styremøte RFFV feb12
05.05.13 Styremøte RFFV des11
05.05.13 Styremøte RFFV okt11
05.05.13 Styremøte RFFV jun11
11.05.13 Årskonferansen 2011 Bergen
05.05.13 Styremøte RFFV feb11
04.05.13 Styremøte RFFV nov10
04.05.13 Styremøte RFFV sep10



Rapportar:

15.02.13 Årsmelding for Regionalt forskingsfond Vestlandet - Sogn og Fjordane 2011



Dokumentarkiv:

Innovasjon i offentleg sektor - policy for Forskingsrådetets arbeid anno 2014.pdf
Regionale forskingsfond - utlysingar våren 2014 - SFv2.pdf



ORGANISERING I DELPROSESSAR

Satsingsområde RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane
    Program RFFVsf ENERGI
       Prosjekt 2011fp Nettintegrasjon
       Prosjekt 2012hp Nettintegrasjon
       Prosjekt 2014fp Choke turbine
    Program RFFVsf FOLKEHELSE
       Prosjekt 2014fp Samhandling i lokalt folkehelsearbeid
       Prosjekt 2015hp Selvstendige selvhjulpne og aktive eldre
    Program RFFVsf INTEGRERING OG INNVANDRING
       Prosjekt 2010fp Dei nye hendene
       Prosjekt 2010hp Multicultural community
       Prosjekt 2012hp Arbeidsinnvandrere som ressurs
    Program RFFVsf KLIMA OG MILJØ
       Prosjekt 2010fp Vestlandslandbruket og klima
       Prosjekt 2011fp Lokal sårbarheit klimapolitikk
       Prosjekt 2011hp AREALKLIM
       Prosjekt 2014hp Klimatilpassing Aurland
       Prosjekt 2015hp Samhandling for grønt skift
    Program RFFVsf MAT BLÅ
       Prosjekt 2011fp Beinhelse hos torsk
       Prosjekt 2012fp Katte og hundemat
       Prosjekt 2012fp Kystsoneplanlegging
       Prosjekt 2012hp Betre hjartehelse
       Prosjekt 2013hp Ny teknologi for kveiteyngelproduksjon
       Prosjekt 2013hp Production of sterile farmed cod
       Prosjekt 2014fp Makrellstørje
       Prosjekt 2014fp Ørretrogn til konsum
       Prosjekt 2014hp Brunalger til mat
       Prosjekt 2016hp Hermetisert kjæledyrfor
    Program RFFVsf MAT GRØN
       Prosjekt 2010hp BRINGINN
       Prosjekt 2010hp LERROTE
       Prosjekt 2011hp Presisjonsgjødsling
       Prosjekt 2012fp Biologisk kontroll fruktdyrking
       Prosjekt 2012fp Kvalitetsproduksjon bringebær
       Prosjekt 2012hp Frisk salat
       Prosjekt 2013fp Aromaterroir
       Prosjekt 2014fp Dekk og diesel
       Prosjekt 2014fp Kompost til frukt- og bærdyrking
       Prosjekt 2014fp Meir og betre frukt
       Prosjekt 2014fp Miljøvennlig produksjon
       Prosjekt 2014hp Integrert bekjempelse
       Prosjekt 2015hp Indeks i mjølkeproduksjonen
       Prosjekt 2016hp Kvalitetskompost
    Program RFFVsf OFFENTLEG ADMINISTRASJON
       Prosjekt 2013fp Digitalisering mindre kommunar
       Prosjekt 2013fp Rapporteringskrav mot kommunane
       Prosjekt 2015hp Nytt forvaltningssystem fleirbruk utmark
       Prosjekt 2015hp Smartare rapportering
    Program RFFVsf REISELIV
       Prosjekt 2011fp Berekraftige naturopplevingar
       Prosjekt 2011fp Ekstremsport
       Prosjekt 2011fp Motivsegmentering
       Prosjekt 2011fp Travelistics
       Prosjekt 2011fp VESTAVEG
       Prosjekt 2012fp Nærøyfjorden besøksforvaltning
       Prosjekt 2012fp Travel Notebook
       Prosjekt 2012fp Verdiskaping - kvar?
       Prosjekt 2012hp Berekraftig reiseliv
       Prosjekt 2012hp Revenue optimization
       Prosjekt 2013hp Quality assurance outdoor
       Prosjekt 2013hp Sustainable cruises
       Prosjekt 2014fp Konfliktløysing sykkel og hjort
       Prosjekt 2014hp Besøksforvaltning og lokalsamfunnsutvikling
       Prosjekt 2015hp Lærdalslaksen
    Program RFFVsf SKULE
       Prosjekt 2012fp Psykologisk førstehjelp
       Prosjekt 2015fp Innovasjon i utdanning
    Program RFFVsf VESTLANDET 2025
       Prosjekt 2013fp Berekraftig Vestlandslandbruk
       Prosjekt 2013fp Havforsuring og sjømatnæringen
    Prosjekt 2011HS: Landbruk og FoU - Hordaland og SF
    Prosjekt 2011RFFV: Forsking kommunal sektor Vestlandet