Statusrapport for:


Satsningsområdet


Reiseliv Sogn og Fjordane
(akronym)

Reiselivsplan SF 2010 - 2025
(tittel)



STATUS:

Oppstarta



RUP Norge



www.rup.no

ID 1070

NØKKELDATA

FORANKRING - OMRÅDE:
Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv Sogn og Fjordane

TIDFESTING AV STATUSENDRINGAR:
År forslag: 2007
År godkjent: 2010
År oppstarta: 2010
År avslutta: 2012

VEDTAK:
Fylkestinget 08.06.2010
SAK 31/10 Reiselivsplan for Sogn og Fjordane 2010 - 2025.

VEDTAK:

1. Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 til 2025 vert vedteken slik den ligg føre. Det vert i tillegg innarbeidd omtale av privat hyttebygging. Fylkestinget gjev hovudutval for plan og næring fullmakt til å godkjenne omtale av privat hyttebygging.

Fylkeskommunen har ansvar for å skaffe betre statistikkgrunnlag som skal leggast til grunn for langsiktig avtale for finansiering.

2. Fylkeskommunen tek planen i bruk straks, ved å etablera styringsgrupper, program og delprogram som skissert i planen, i samarbeid med næringa og den regionale partnarskapen.

3.Fylkeskommunen formar bestillingar til programstyra for 2010, og syter for at arbeidet startar opp i tråd med planen og dei metodar og verkty som der er skisserte.

4. Fylkeskommunen startar straks arbeidet med å førebu avtalar med programstyra for perioden 2011 til 2013.

5. Utgifter i samband oppfølgingsarbeidet i 2010 skal dekkast av midlar på plan og næring sitt budsjett avsett til føremålet.

6. Fylkeskommunen sin vidare økonomiske medverknad til gjennomføring av planen vert å ta stilling til i arbeidet med budsjett 2011/økonomiplan 2011 - 14.

7. Reiselivsplanen vert evaluert når den regionale planstrategien for Sogn og Fjordane er vedteken.

Som oppfølging til punkt 1 i fylkestingvedtaket vart forslag om tekst til privat hyttebygging lagt fram til hovudutval for plan og næring, som gjorde fylgjande vedtak den 7. september 2010:


Hovudutval for plan og næring 07.09.2010 SAK 52/10: Tekst om privat hyttebygging i ny reiselivsplan:

VEDTAK:

Forslag til tekst om privat hyttebygging, som framlagt i denne saka, skal inn i den endelege utgåva av Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 ? 2025.


SEKTOR:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg

INTERNASJONAL STATUS:


VERKEMIDDEL OMRÅDE:


KODE OG NØKKELORD:
reiselivsf2025 vpsf14rl

HEIMESIDE FOR PROSESESSEN:



ANSVAR

INSTITUSJONAR OG ROLLAR:
Prosessleiing

Jan Heggheim, prosessansvarleg
Fylkesdirektør for næring, fylkeskommunen
Jan.Heggheim@sfj.no


Styringsgruppa

Halvor Flatland 
Fylkesdirektør, Innovasjon Norge Sfj
halvor.flatland@innovasjonnorge.no

Christian Rekkedal
Landbruksdirektør, Fylkesmannen Sfj
christian.rekkedal@fmsf.no

Leif Øverland,
Konasernsjef fjord 1,
leif.overland@fjord1.no

Kristian B. Jørgensen,
Adm. dir. Fjord Norge
kristian@fjordnorway.no

Kari Pavelich,
Operasjef, Nordfjord
post@operanordfjord.no

Siv Merethe Stadheim,
Lufthamnsjef, Florø Lufthamn
siv.merete.stadheim@avinor.no


Medhjelpar frå Innovasjon Norge
Åsne Folstad,
Asne.Folstad@innovasjonnorge.no



Organisering Styringsgruppa iht program




BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR

(HAR IKKJE VORE AKTIVT BRUKT)
Fylkeskommunen ved hovudutval for plan og næring vedtok å setje i gong arbeidet med planen sommaren 2007, og oppnemnde styre og vedtok budsjett for arbeidet i november same året. Bakgrunnen for arbeidet med planen var mellom anna rapporten Statusanalyse av reiselivet i Sogn og Fjordane. (VF-rapport 03/07) og innspel frå Sogn Regionråd. Arbeidet fall også naturleg saman med rullering av reiselivsplanen i fylkesplanen 2005-2008(10).

Ei målsetting med reiselivsplanprosjektet har vore å laga ein plan som sikrar ”Auka verdiskaping og berekraft i reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane, og styrking av reiselivet som regional utviklar og samfunnsøkonomisk bidragsytar”. Planen skal sikra god samordning og betre grunnlag for partane til å ta avgjerder. Planen skal vere med på å styrke statusen og rammevilkåra til reiselivsnæringa i fylket, og medverke til at ansvar, roller, verkemiddelbruk og oppgåver i reiselivsarbeidet vert klarare.

Planen skal vera retningsgivande for arbeidet med utvikling av reiselivet i fylket fram mot 2025. Det er eit mål  at planen skal bli brukt av alle reiselivsaktørane, som til dømes verkemiddelapparat, reisemålselskap, regionråd, kommunar, interesseorganisasjonar innan reiseliv (bl.a. NHO reiseliv og Hanen), slik at offentlege verkemiddel vert brukt saman med næringa sine eigne ressursar på ein effektiv og samordna måte.

UTFORDRINGAR
Hovudutfordringane for næringa er auke i tal gjestedøgn over heile året, betre lønnsemd og auka verdiskaping over heile fylket. Samtidig skal reiselivsnæringa utvikla seg på ein berekraftig måte som tek vare på miljøet og lokalsamfunna. 

Dette krev at vi konsentrerer oss om å utvikle gode autentiske produkt, og at vi gjer dette etter fyrtårnmodellen slik at nokre hovudprodukt vert løfta fram som ”primærattraksjonar” og bidreg til å bane veg for nye og mindre kjende produkt.

Betre og meir effektiv marknadsføring gjennom destinasjonsselskap, landsdelsselskap og Innovasjon Norge, samt auka bruk av IKT skal bidra til fleire og meir lønsame gjestedøgn. 

I tillegg må vi jobbe med å utvikle kompetanse og kunnskap i næringa. Gjennom betre dialog, felles møtestader, betre statistisk materiale og FoU skal kompetansen i næringa aukast og kvaliteten på produkta forbetrast. Samla håpar ein at fleire gjestedøgn, betre lønsemd og høgare kvalitet  skal bidra til at private investorar vil sjå på næringa som ei attraktiv næring å investere i.

VF rapport 03/07 (Vestlandsforsking)
I denne rapporten kom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane fram til fylgjande kjenneteikn ved reiselivet i Sogn og Fjordane:

I tillegg fann dei utfordringar for reiselivet i fylket knytt til fylgjande behov:

SNF -rapport 07/06 (Senter for Næringsforsking - NHH)
I denne rapporten vart identifisert sju utfordringar for opplevingsnæringane på Vestlandet:

Utfordringane for dei andre reiselivsnæringane er i stor grad tilsvarande, men større bedrifter (hotell, transport, senter/museum o.l.) har gjennomgåande større kunnskap innan dei fleste av områda. Likevel vi det vera samanfallande utfordringar innan desse sju områda for heile reiselivsnæringa.

Desse og fleire konkrete utfordringar er oppsummerte i dei strategiske handlingsområda i planen, med eigne strategiar og forslag til tiltaksområde. Så langt det let seg gjere skal det arbeidast parallelt med tiltak innafor alle dei strategiske handlingsområda.


 

[1] Landsgjennomsnittet ligg på omlag 1,7 døgn, medan gjennomsnittleg opphaldstid i Sogn og Fjordane er omlag 1,4 døgn pr. hotell pr. gong.




STRATEGI

Med utgangspunkt i situasjonsanalysen, tidlegare relevante analysar og foresight-prosessane, er det sett opp sju strategiske handlingsområde, for å nå dei langsiktige måla i planen.  Dette er:

1.    Samhandling

2.    Berekraft

3.    Produktutvikling

4.    Verkemiddelbruk og private investeringar

5.    Infrastruktur

6.    Marknadskommunikasjon

7.    Kunnskap og kompetanse.

MEIR OM KVART HANDLINGSOMRÅDE

1.Samhandling

Ein vil sørgje for at kontakten mellom aktørgrupper i reiselivsnæringa, andre næringar, kunnskapsmiljøa og ulike deler av offentleg sektor skal bli enda tettare. Slik skal ein oppnå samhandling om auka lønsemd, innovasjon og berekraft.

For å få til dette må  ein styrke eksisterande nettverk og etablere nye fysiske og digitale møteplassar, til dømes gjennom ein årleg reiselivskonferanse og oppretting av regionale ”idélab’ar”, i tillegg til ei styrka bruk av digitale hjelpemiddel som RUP Norge og web 2.0.

 

2. Berekraft

Det skal  etablerast ei lønsam reiselivsnæring som aukar trivselen i lokalsamfunna og som reduserar miljøbelastninga lokalt og globalt. Berekraftig forvaltning skal vera eitt av Sogn og Fjordane sine viktigaste konkurranseføremoner. Utviklinga av reiselivet skal baserast på prinsippa for berekraftig reiseliv, som definert av FN-WTO (World Tourist Organisation.

For å styrke miljøprofilen, må ein sikre mest mogeleg lokal bruk av arbeidskraft, råvarer og tenester, i tillegg til å auke bruken av miljøvenlege alternativ som til dømes kollektivtrafikken. Etablering og marknadsføring av miljøfyrtårn, satsing på økoturisme og bruk og vern av nasjonalparkar og verdsarvområde er tiltak som bør prioriterast. Dei økonomiske og kulturelle overrislingseffektane og av reiselivet på lokalsamfunna skal tilleggjast stor vekt. Ein skal starta arbeide med ei kartlegging av berekraftutfordringane.

3. Produktutvikling

Ein har ein målsetting om at produkta skal vera unike, tilgjengelege, vennlege og betre enn forventa. For å oppnå dette må ein fokusere på utviklinga av nokre utvalde produktområde, som å utnytta våre unike naturkvalitetar, og drive langsiktig investering i produkt, føretak og reisemål.

Ein skal satsa meir på utvikling av naturbaserte opplevingar, som vandring, sykling, jakt og fiske, og meir på sportsturisme, saman med fokus på historie, kultur og lokal mat. Produkta skal stimulera til baseferie som ei framtidsretta ferieform.


 

4. Verkemiddelbruk og private investeringar

Reiselivet skal  etablerast som  ei prioritert satsingsnæring for privat kapital. Ein må styrke og konsentrere den offentlege verkemiddelbruken knytt til utvalde tiltak og satsingar i reiselivet, og samtidig tiltrekke private investorar ved eit tett samarbeid mellom næringa, kommunane og finansmiljø. Ein skal skape verktøy, møteplassar og tilbod som styrker satsinga og innovasjonen i reiselivsnæringa.

5. Infrastruktur

Det skal vera lett å reisa til og i Sogn og Fjordane, både med tanke på informasjon og samferdsle. Det skal vera vakre, reine og godt tilrettelagde omgjevnader. Ein formell dialog mellom reiselivsnæringa, fylkeskommunen, vegvesenet og transportselskapa må styrkast for å sikre framtidige samferdselsbehov, som ruter, korrespondanse, tilgjenge, kapasitet og kvalitet. Særskilt sikring av rutetilbod utanfor sommarsesongen og satsing på rundreiser liknande ”Norway in a nutshell” er viktige satsingsområde.

6. Marknadskommunikasjon

Reisemålet Sogn og Fjordane og produkta i fylket skal vera synlege og lett å finne, dekke behov og vere freistande, og lett å kjøpe (booking). Samhandling og ressursbruk om felles profilering og marknadskommunikasjon med vekt på bruk av IKT må styrkast. Nye sosiale media skal lærast og utnyttast (web 2.0). Det skal vera fokus på behovsdekking i utvalde marknadssegment med vekt på tematurisme og unike, naturbaserte fortrinn og profilen ”Fjordane under breen” skal nyttast aktivt.

7.Kunnskap og kompetanse

For å styrka lønsemd, innovasjon og berekraft må ein sørgje for auka kunnskap og kompetanse i reiselivsnæringa og offentleg forvaltning. FoU i reiselivet må styrkast ved tettare kopling mellom næringa, verkemiddelapparatet og relevante kunnskapsmiljø.  Ein må ha sikre system for kunnskapsoverføring, og synleggjere og eventuelt bidra til å utvikle opplæringsprogram ut frå behov i reiselivsæringa.

Til kvart av dei strategiske områda er dei kritiske suksessfaktorane vurderte, og det er lista opp ei rekkje med forslag på tiltak, til bruk for dei som har ansvar for utviklinga av reiselivet framover, på fylkesnivå, regionnivå, kommunenivå og bedriftsnivå.




MÅL OG RESULTAT

MÅL:
Sogn og Fjordane fylke sin visjon for utvikling av reiselivet fram mot 2025 er:

Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse

Sogn og Fjordane skal bli ei av verdas fremste regionar for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet i møte med engasjerte menneske og unik fjordnatur ? fjord, bre, fjell, fossar og kyst ? som skal styrke grunnlaget  for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket.

Me skal levere lokalt særpreg, høg kvalitet, engasjerte menneske, trivsel og berekraftige opplevingar i verdsklasse i unik fjordnatur ? fjord, bre, fjell, fossar og kyst. Profilen i fylket er:

?Fjordane under breen?



Reiselivsplanen har tre hovudmål

  1. Auka verdiskaping
  2. Auke i tal gjestedøgn
  3. Eit meir berekraftig reiseliv

 

Dei viktige måla er knytt til hovudmål 1 og 3. Auke i tal gjestedøgn skal føra til auka vediskaping i reiselivnæringa og auka økonomiske overrislingseffektar i lokalsamfunnet, slik at dette styrkar, heller enn svekkar, effektane av turismen på miljø, klima, lokal kultur og andre viktige berekraftfaktorar.

 

 



MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR:

Tal gjestedøgn på fylkesnivå skal nyttast som hovudindikator for utviklinga av reiselivet i fylket. Dette er ein indikator som vert nytta i alle land og regionar, og som seier mykje om utviklinga.

Målet er å auka frå 1,5 til 2,3 mill gjestedøgn i fylket innan 2025.

Starflower

Vi vil ha fleire turistar i vinterhalvåret og skuldersesongane, for å oppnå fleire heilårs arbeidsplassar i fylket. Og me vil ha fleire norske turistar, for redusera den globale miljøbelastninga ved turisme.

Målet er å få på plass indikatorar for alle hovudmål og delmål, i tillegg til mange strategiske indikatorar knytt til FoU.




FORVENTA EFFEKT AV RESULTATA:


RESULTAT:



PLAN OG FRAMDRIFT

ARBEIDSPLAN OG MILEPÆLAR:


PLANLAGDE PRODUKSJONAR OG HENDINGAR:


KOORDINERING, LEIING OG KVALITETSSIKRING:

PROGRAMHIERARKI

Dei tre programma skal forankrast i Satsingsområde Reiseliv Sogn og Fjordane (RSF). Styringsgruppa for satsingsområde RSF skal vera overordna koordinator for dei fylkesdekkande programma. Desse skal vera koordinator for eventuelle regionprogram Grunnstrukturen (startoppstillinga) for prosesshierarkiet ser slik ut:

 

Satsingsområde Reiseliv Sogn og Fjordane 2010 - 2025

Program Aktørprogrammet (fylkesnivå)

Program Berekraftprogrammet (fylkesnivå)

Program Infrastrukturprogrammet (fylkesnivå)

Delprogram Kysten

Delprogram Nordfjord

Delprogram Sognefjorden

Delprogram Sunnfjord

 

 Styringsgruppa for satsingsområde RSF skal ha omtrent same rolle i høve program og delprogram, som styret i eit idrettslag i høve grupper i laget, eller som styret i eit konsern i høve avdelingane i konsernet. Det tyder at styringsgruppa RSF skal vera oppteken av at programma fungerar godt i høve overordna målsetjingar, at dei arbeidar godt og effektivt saman, har gode rammevilkår og at målsetjingane i reiselivsplanen og programma vert nådde på ein effektiv måte.

Det skal vera eit mål for styringsgruppa RSF å få på plass 4-årige avtalar mellom verkemiddelapparatet og program og delprogram. Styringsgruppa RSF har ansvar for evaluering og oppdatering av reiselivsplanen kvart fjerde år, som grunnlag for nye politiske vedtak om støtte, rammer og føringar, definert i nye avtalar.



SPESIELLE OMSYN OG KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:

1. PROGRAMSTYRING SOM METODE


Dersom ein skal lukkast med den nye reiselivsplanen, så må planen legge opp til ein enkel, attraktiv, god og gjennomprøvd metode for koordinering og styring. Me legg difor til grunn ”programstyring” som metode (program management (Wikipedia)):

Programstyring er prosessen med å administrera fleire prosjekt, med føremål å oppnå målsetjingane i eit program. Typiske programmål er knytt til auka inntening, reduserte kostnader, redusert risiko, osb. Programstyret skal syta for måloppnåing. Gjennom bruk av parameter skal ein kunne vurdera graden av måloppnåing.

Programleiinga skal konsentrera seg om det samla resultatet av fleire prosjekt, kva prosjekt som skal etablerast, fordelinga av ressursar på dei ulike prosjekta, risiko, osb. Ein organisasjon kan etablera fleire program. Utfordringa for organisasjonsleiinga er då å få dei ulike programma til arbeida godt saman mot felles visjonar.

Prosjekt skil seg frå program ved at prosjekta skal levera konkrete aktivitetar, eller tiltak. Tiltaka skal i neste omgang syte for måloppnåing i programmet. Prosjekt er tidsavgrensa. Prosjekt skal levera til tid, etter budsjett og etter spesifikasjonar.

Med konkrete tiltak kan meinast nytt skisenter, ny cruisekai, ny metode, ny organisasjon, ny IT- løysing, osb. Tiltaka vert utgreidde og analyserte i prosjekt. Eit program kan ha mange prosjekt, og kvart prosjekt kan utvikla mange tiltak.

 

Nøkkelfaktorar for programleiing

Styring

Struktur, prosess og prosedyrar som må til for å kontrollera aktivitetar og endringar i høve programmålet. Styringa må inkludera eit sett med indikatorar, for kontroll av status og utvikling av programmet på dei mest vitale område.

 

Forankring

Eit program må støtte eit høgare nivå med visjonar og målsetjingar (som t.d. i fylkesplanen). Det vil i praksis seia at ein får eit prosesshierarki, der prosessar er overordna og underordna kvarandre. Ulike aktørar og eigarar av prosessane gjer at ”underordninga” må vera frivillig, eller basert på avtalar.

 

Måldefiniering

Måla må vera definerte som SMART-mål. Det vil seia at målsetjingane skal vera Spesifiserte, Målbare, Aksepterte, Realistiske og Tidfesta. Å oppnå 2,3 mill gjestedøgn i Sogn og Fjordane innan 2025 er eit døme på eit mål som er definert etter SMART-metoden.

Kvalitetssikring

Etterprøving og godkjenning av programmet, som sikrar etterleving av standardar og innretning med visjonen.

 

Leiing

Forsikring om at det er regelmessige vurderingar, at prosessen vert styrd på ein ansvarleg måte, at prosjekta har fått på plass prosjektleiing, og at aktørar og leverandørar er på plass.

Integrering

Å passe på at alle komponentane i programmet passar godt saman til ein heilskap, og at dei dreg lasset effektivt saman mot same mål på ein optimal måte. Fokus på verdikjeda, funksjonar, teknikk og metodar.

 

Økonomi

Å alltid ha oversikt over kostnadene i programmet, både basiskostnader og andre kostnader.

 

Planlegging

Å utvikla ein programplan tyder å setje saman informasjon om prosjekt, ressursar, tidfristar, styring og kontroll.

 

Forbetring

Å fortløpande vurdera programstyringa, undersøke nye metodar og verkty, sjå på nye moglegheiter og kontinuerleg tilføre læring og kunnskap til programmet og programstyringa.

 


2. FOU-FØRING

 

I FoU-strategien for næringsutvikling i Sogn og Fjordane står det at den nye reiselivsplanen skal legge føringar for FoU satsingar i reiselivsbransjen.

Den viktigaste FoU-føringa i reiselivsplanen er at FoU-aktivitetar, eller forskingsaktivitetar, skal forankrast i dei utviklingsprosessane som vert etablerte som fylgje av planen. Dette gjeld aktørprogramma, infrastrukturprogramma og eventuelle berekraftprogram.

 

FoU skal skje i prosjekt som er forankra i desse programma, med føremål om å hjelpa programstyra til å nå måla i programma, ved å skaffe til veg ny kunnskap som kan nyttast til etablering av konkrete tiltak. På denne måten vil ein sikra seg at FoU-prosessane har eit praktisk føremål, som dekkar behov i fylket.

 

FoU skal gi prosessleiarane kunnskap, som gjer dei betre i stand til å nå hovud-målsetjingane og delmåla i reiselivsplanen. Hovudmålsetjingane er:

 

  1. Auka verdiskaping i reiselivsnæringa
  2. Auke i tal gjestedøgn
  3. Eit berekraftig reiseliv

     

    Dette krev at styringsgruppene i programma er aktive, og tingar oppdrag frå forskarane og ekspertane. Dei strategiske handlingsområda i planen definerar kva tema som er prioriterte:

     

    1. Samhandling
    2. Berekraft
    3. Produktutvikling
    4. Verkemiddelbruk og private investeringar
    5. Infrastruktur
    6. Marknadskommunikasjon
    7. Kunnskap og kompetanse.

     

    Av dette har ein at reiselivsplanen i seg sjølv er ein FoU-strategi for utvikling av reiselivet i Sogn og Fjordane. Planen definerar føringar for dei målretta utviklingsprosessane, som er programma, som skal definera oppdrag for forskarane og ekspertane.

    Prioritering av mål, delmål og dei sju strategiske handlingsområda er FoU-føring for både programstyra, forskarane, ekspertane og dei som rår over FoU-midlar for reiselivsretta FoU i Sogn og Fjordane.

     



    FRAMDRIFT OG LÆRING:



    ØKONOMI:

    BUDSJETT:
    Kjem seinare

    FINANSIERING:
    Kjem seinare

    REKNESKAP:
    Kjem kanskje seinare

    Meldingar:

    11.04.12 Destinasjon Norge - regjeringens reiselivsstrategi lansert
    24.06.11 Distriktssenteret med skryt til reiselivsplanen i Sogn og Fjordane



    Aktivitetar:

    15.06.11 Reiselivsstrategi Sogn og Fjordane - april 2011



    Rapportar:

    15.06.11 Supplement 4 - Korleis konkretisere arbeidet for eit berekraftig reiseliv?
    15.06.11 Supplement 3 - Oppsummering av strategiworkshop Fjærland mai 2008
    15.06.11 Supplement 2 - Oppsummering av Kreativ idé-lab våren 2008
    15.06.11 Supplement 1 - Tre Scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane mot 2025
    15.06.11 Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 - 2025



    Dokumentarkiv:

    Destinasjon Norge - nasjonal strategi for reiselivsnæringen.pdf
    kommunens-rolle-i-reisemaalsutvikling-sluttrapport-juni-2011.pdf
    Møte og workshop 29042011.docx
    Reiselivsplan for Sogn og Fjordane 2010 - 2025.pdf
    reiselivsplan supp 4f[1].pdf
    Supplement 1 - oppsummering av kreativ idelab Flåm Skei Florø og Leirvik[1].pdf
    Supplement2 - tre scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane mot 2025[1].pdf
    Supplement3 - oppsummering av stratgeiworkshop for styringsgruppa og referansegruppa[1].pdf
    Reiselivsplanen vedteken i fylkestinget juni 2010 med vedlegg/Reiselivsplan for Sogn og Fjordane 2010 - 2025.pdf
    Reiselivsplanen vedteken i fylkestinget juni 2010 med vedlegg/Supplement 1 - Oppsummering av kreativ idelab Flåm Skei Florø og Leirvik.pdf
    Reiselivsplanen vedteken i fylkestinget juni 2010 med vedlegg/Supplement 2 - Tre scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane mot 2025.pdf
    Reiselivsplanen vedteken i fylkestinget juni 2010 med vedlegg/Supplement 3 - Oppsummering av stratgeiworkshop for styringsgruppa og referansegruppa.pdf
    Reiselivsplanen vedteken i fylkestinget juni 2010 med vedlegg/Supplement 4 - Korleis konkretisera arbeidet for eit meir berekraftig reiseliv.pdf



    ORGANISERING I DELPROSESSAR

    Satsingsområde Reiseliv Sogn og Fjordane
        Program Aktørprogrammet
        Program Berekraftprogrammet
        Program Infrastrukturprogrammet
        Prosjekt Ekstremsport
        Prosjekt Travelistics
        Tiltak Reiselivskonferansen 2011
        Tiltak Reiselivskonferansen 2012