Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Statusrapport Årsmelding for Regionalt forskingsfond Vestlandet - Sogn og Fjordane 2011


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 15.02.2013
 

Regionalt forskingsfond Vestlandet hadde to utlysingar i 2011. Søknadsfristen for forprosjekt var 13. april og for hovudprosjekt 12. oktober. Ramma var på inntil 6 mill. kr til forprosjekt og 21,6 mill. kr til hovudprosjekt.

Søknader til hovudprosjekt skulle vera innan tre tema: a) berekraftig matproduksjon b) energi og maritim sektor og c) offentlege utviklingsoppgåver. Søknader til forprosjekt kunne i tillegg vera med reiseliv som tema. Det var nytt i 2011.

Forprosjekt
Det kom inn til saman 75 søknader om midlar til forprosjekt. Av desse var 11 frå Sogn og Fjordane. Det var søknader innan alle tema. Det var 5 søknader frå fylket som fekk støtte, med kr 200 000 kvar. Sogn og Fjordane var i tillegg sterkt involvert i eit prosjekt frå Møreforsking:

  1. Beinhelse hos torsk, -er mangel av vitamin D og K årsaken til deformitetar? Havlandet Marin Yngel as

  2. Nettintegrasjon av offshore vindkraft utanfor Sogn og Fjordane. Vindkraftforum Sogn og Fjordane.

  3. Travelistics - kartlegge, pilot-teste og planlegge eit heilheitleg system for styringsinformasjon for reiselivet. Vestlandsforsking.

  4. Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad. Møreforsking Volda

  5. Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse. Korleis kombinere måla om berekraftig reiseliv og auka verdiskaping i Sogn og Fjordane? Vestlandsforsking.

  6. Lokal og regional sårbarhet for klimapolitikk. Vestlandsforsking

Hovudprosjekt
Det kom inn 28 godkjende søknader om midlar til hovudprosjekt. Av desse var berre 2 frå Sogn og Fjordane. Den eine var innan offentlege utviklingsoppgåver, og den andre innan berekraftig mat, om eit nytt fiskeprodukt. 

Vestlandsforsking fekk midlar til prosjektet «Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima», med inntil kr 1,9 mill. Prosjektet skal sjå på bruk av arealplanlegging til å førebygge naturskade som følgje av ekstremvêr og klimaendringar. Dette prosjektet vart i media omtalt som svært aktuelt etter uveret «Dagmar» sine herjingar. 

Sjølv om det var berre to hovudprosjekt-søknader frå Sogn og Fjordane, var partnarar frå Sogn og Fjordane med i fleire andre prosjektsøknader. Styret i det regionale forskingsfondet er opptekne av at prosjekta skal dekke fleire fylke og vera til nytte for heile Vestlandet.

Produsentar:
Arne Monrad Johnsen
Sogn og Fjordane fylkeskommune og RFF Vestlandet

Utgitt dato: 30. mars 2012

Forankra til: RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane

Kode og nøkkelord:
RFFV11 årsmelding hpn

Dokument til nedlasting:

RFFV SF årsmelding HPN 2011.pdf


Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune