Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Sluttrapport Pilotprosjekt bioenerginæring i Hordaland fullført


Publisert av Lars Mjøs (Osterfjord Næringssamarbeid), 15.12.2011
 

"Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland" som starta opp i 2006, er no fullførd. Til saman 16 verksemder har motteke tilskott og heile ramma på 4 mill kr frå fylkestinget er fordelt. Resultatmåla for prosjektet er oppnådde sjølv om det tok lengre tid enn først tenkt.

2 anlegg for biobrenselproduksjon har fått støtte. Dette er Palle Karm og Kassefabrikken AS/ Brikettfabrikken AS sin brikettproduksjon som starta opp på Raknes på Osterøy og som er flytta til Dale i Vaksdal kommune og vesentleg utvida. Og Kvinnherad Bioenergi AS har fått tilsegn knytt til flisproduksjon i Rosendal.

6 anlegg for biovarmeproduksjon har også fått tilskott.

Ein større del av tilskotta enn først tenkt er nytta til planlegging. Ved avslutninga av prosjektet er det 9 verksemder som har fått pilotprosjektstøtte som har 5-6 biobrenselanlegg under planlegging/førebuing og 4 verksemder som har minst 4 anlegg for biovarmeproduksjon under planlegging/førebuing.

No som prosjektet er fullført, rører det seg meir i bioenergibransjen på våre kantar enn nokon gong. Og for å stimulere det vidare arbeidet er eit vidt spekter av interessentar i bransjen gått saman om Hordaland bioenergiforum.

Osterfjordrådet har vore prosjektansvarleg. Prosjektet er leia av eit eige styre. Og Osterfjord Næringssamarbeid har vore prosjektleiar.

Produsentar:
Osterfjord Næringssamarbeid
ved Prosjektleiar Lars Mjøs
Industrikonsulenten på Osterøy

Utgitt dato: 14. november 2011

Forankra til: Pilotprosjekt bioenerginæring

Kode og nøkkelord:

Dokument til nedlasting:

Pilotprosjekt_bioenerginaring_Sluttrapport.pdf


Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune