Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Sluttrapport Bruk av deponigass frå Mjelstad avfallsdeponi på Osterøy


Publisert av Lars Mjøs (Osterfjord Næringssamarbeid), 23.09.2011
 

Liquiline i Bergen har pr 26.8.2011 utarbeidd rapporten; "Mjelstad. Muligheter for oppgradering/ transport av rå biogass."
Det er BIR AVfallsenergi som eig og driv deponiet på Osterøy.
For å redusere lukt og drivhuseffekt vert deponigassen i dag samla opp og fakla. Flammen representerer ein årleg energimengde på ca 8 GWh, t.d. drift av over 20 gassbussar.
Prosjektet har utvikla 3 alternative tekniske løysingar som alle bør kunne gjennomførast med lønnsemd. Alle 3 alternativa vil spare miljøet for opptil 1.500 tonn CO2 utslepp årleg ved å erstatte fossile energikjelder.

Alternativ 1: investere i gasstørking, H2S fjerning, deponigasskompressor og transporttankar. Metangass og CO2 fraktast til til brukar, t.d. brukar av fossil gass, evt i samkøyring med biogassanlegget som Bergen kommune planlegg i Rådalen.

Alternativ 2: investere i komplett oppgraderingsanlegg for biogass, gasskompressor og transporttankar. Bruk av gassen til drivstoff i køyretøy.

Alternativ 3: investere i ein deponigassmotor med system for el. produksjon på plassen og varmeutnytting. God varmeutnytting kan vere vanskeleg å få til på plassen.

Prosjektet var initiert av Liquiline AS, og er finansiert med kr 150.000 frå Osterfjord Næringssamarbeid (på vegne av Hordaland fylkeskommune)/ ”Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland”, kr 150.000 frå Hordaland fylkeskommune samt eigeninnsats frå  medverkande parter.

Produsentar:

Liquiline AS

Eystein Helland/ Andre Torbjørnsen

Utgitt dato: 26. august 2011

Forankra til: Pilotprosjekt bioenerginæring

Kode og nøkkelord:

Dokument til nedlasting:

LIQ-6.68.001.E.R.001.08M - Mjelstad Rapport.pdf


Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune