Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Anna Supplement 1 - Tre Scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane mot 2025


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 15.06.2011
 

Scenariar til strategidiskusjonen for ny reiselivsplan i Sogn og Fjordane og VRI reiseliv. Det er presentert tre scenarier: ”Disneyland – kommersielle fyrtårn”, ”Europa – regionalt mangfald” og ”Glittertind – berekraftige, unike lokalsamfunn”.

Scenariane startar med ei kort oppsummering av særtrekk ved scenarioet, vidare litt om utgangspunktet for scenarioet – ”det heile starta med…” – og til slutt eit bilete av korleis situasjonen for reiselivet i fylket er i 2025.

Det er utvikla 3 scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane i 2025. Scenariane syner korleis reiselivet i fylket kan sjå ut som følgje av ulike drivkrefter som påverkar samfunnsutviklinga.

Scenariane er ikkje planar, ønskebilete eller visjonar, men karikerte framtidsbilete som skal danne grunnlag for strategisk diskusjon og vegval. Scenariane skal bidra til at ein tek betre beslutningar om strategiske vegval for reiselivet i fylket.
 
Situasjonen for reiselivet i Sogn og Fjordane i 2025 kan kome til å innehalde element frå alle scenariane, men scenariane er her spissa som tre alternative, særprega utviklingsretningar.  Scenariane er utvikla ut frå tilgjengeleg informasjon om reiselivet globalt, nasjonalt og regionalt, og vurderingar av framtidig samfunnsutvikling.

I tillegg til vurderingar av fakta og kunnskap om reiselivet i fylket, har innspela frå næringa og offentlege aktørar frå dei regionvise Kreativ idé-lab møta i april 2008 bidrege til utforming av scenariane.

For å kunne utforme ein samfunnslogikk som ein lett kan forstå, må nokre trekk i scenariane framhevast framfor andre. Dette gjer det også lettare å skilje scenariane frå kvarandre. Det er tatt utgangspunkt usikre utviklingstrekk i kvart scenario, og korleis ein velte å møte utfordringane fram mot 2025. Det finns fleire løysingar på utfordringane, og i kvart av dei 3 scenariane har ein velt ulike løysingar for å møte utfordringane i reiselivet.

Produsentar:
Foresight Norge, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og VR1.

Arbeidet er forankra i arbeidet med ny reiselivsplan for Sogn og Fjordane.

Prosjektleder for reiselivsplanen, og koordinator for strategiworkshopen, har vært Ståle Brandshaug (bildet) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Idé og gjennomføring av workshopen har vært ved William Fagerheim og Eirikur Ingolfsson fra Foresight Norge AS.

Utgitt dato: 7. mai 2008

Forankra til: Reiseliv Sogn og Fjordane

Kode og nøkkelord:
reiselivsf

Dokument til nedlasting:

Supplement 2 - tre scenariar for reiselivet i Sogn og Fjordane mot 2025.pdf


Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune