Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Plan Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 - 2025


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 15.06.2011
 

Reiselivsplanen vart vedteken i fylkestinget den 8. juni 2010, med eit supplerande oppfølgingsvedtak i hovudutval for plan og næring den 7. september 2010. Planen er styresmaktene og næringa sitt felles verkty for å utvikle reiselivet i Sogn og Fjordane. Planen er ein bruksplan, med vekt på organisering, langsiktige mål og ansvar.

Fylkeskommunen ved hovudutval for plan og næring vedtok å setje i gong arbeidet med planen sommaren 2007, og oppnemnde styre og vedtok budsjett for arbeidet i november same året.

Bakgrunnen for arbeidet med planen var mellom anna rapporten Statusanalyse av reiselivet i Sogn og Fjordane. (VF-rapport 03/07) og innspel frå Sogn Regionråd. Arbeidet fall også naturleg saman med rullering av reiselivsplanen i fylkesplanen 2005-2008(10).

 

Ei målsetting med reiselivsplanprosjektet har vore å laga ein plan som sikrar ”Auka verdiskaping og berekraft i reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane, og styrking av reiselivet som regional utviklar og samfunnsøkonomisk bidragsytar”.

Planen skal sikra god samordning og betre grunnlag for partane til å ta avgjerder. Planen skal vere med på å styrke statusen og rammevilkåra til reiselivsnæringa i fylket, og medvirke til at ansvar, roller, verkemiddelbruk og oppgåver i reiselivsarbeidet vert klarare.

 

Planen skal vera retningsgivande for arbeidet med utvikling av reiselivet i fylket fram mot 2025.

Det er eit mål  at planen skal bli brukt av alle reiselivsaktørane, som til dømes verkemiddelapparat, reisemålsselskap, regionråd, kommunar, interesseorganisasjonar innan reiseliv (bl.a. NHO reiseliv og Hanen), slik at offentlege verkemiddel vert brukt saman med næringa sine eigne ressursar på ein effektiv og samordna måte.

Produsentar:

Styringsgruppa for planarbeidet:

 

  • Arne Monrad Johnsen, prosjektansvarleg Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Ståle Brandshaug, prosjektleiar Høgskulen i Sogn og Fjordane/Vestlandsforsking
  • Jens Christian Skrede, Sogn og Fjordane Reiselivsråd
  • Heidi Hauge og Gunnar Helle Transportnæringa
  • Roar Werner Vangsnes og Bjørn Harald Haugsvær, Fylkesmannen Sogn og Fjordane Lorentz Hjelle, NHO reiseliv
  • Noralv Distad, Reisemålselskapa
  • Marita Solheim, Reisemålselskapa
  • Marianne Bugge, Norsk Bygdeturisme og Gardsmat - HANEN
  • Åsne Folstad, Innovasjon Norge
  • Johannes Sjøtun, Regionråda og kommunane

Utgitt dato: 7. september 2010

Forankra til: Reiseliv Sogn og Fjordane

Kode og nøkkelord:
reiselivsf201025

Dokument til nedlasting:

Reiselivsplan for Sogn og Fjordane 2010 - 2025.pdf


Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune