Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Sluttrapport Produktkartlegging og differensieringsstrategier for ulike langeprodukter


Publisert av Lena Merete Søderholm (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 26.01.2015
 

Møreforsking AS har saman med Høgskolen i Ålesund gjennomført ei produktkartlegging for lange (Molva molva) med tanke på å finne strategiar som kan bildra til å auke verdiskapinga basert på denne råvaren.

Prosjektet har kartlagt maknadsstatus og potensial for auka forbruk av ulike produkt av lange i Norge, Sverige og Italia.
I Norge er det gjennomført uttesting av fersk lange i restauranter, fiskebutikker og i ei kantine. Det er også gjennomført uttesting av lutefisk av lange i norske restauranter.

I Sverige er det gjennomført intervju av importørar/grossistar og produsentar av lutefisk.

I Italia er importørar av saltfisk/filet, Desse peiker på at sidan Norge ikkje bruker fosfat i produksjonen, framstår fisken som meir grå i kjøttet enn fisk frå Island, Færøyane og Danmark.

Vidare har prosjektet gjennomført utbyttemålingar og sensorisk test av "refreshed" lange.

Dei største konkuransefortrinna til lange er produktkvalitet og fangsmetode.

Mål med prosjektet
Det overordna målet med prosjektet er å auke pris og forbruket av lange. Prosjektet skal kartlegge marknadsstatus og potensial for auka forbruk av ulike produkt av lange. Ein vil også kartlegge korleis lange kan differensierast frå andre kvitfiskartar og bygge ein eigen merkevare.

Delmål:

  • I kva grad har raudlisting av lange påverka konsum i Sverige
  • Kartlegge forbrukere /marknaden sine ønsker om eksisterende og «nye» produkt
  • Kartlegge moglegheiter for å videreutvikle eksisterande marknader
  • Kartlegge årsaker til nedgang av saltfisk/filet i viktige marknader som Italia, Spania og Hellas.
  • Kartlegge faktorar som kan brukes til produktdifferensiering og merkevarebygging. Utarbeiding av langsiktige strategiar som kan bygge opp under auka verdiskaping av lange.


Produsentar:
Møreforsking AS
Postboks 5075
N-6021 Ålesund

Utgitt dato: 15. januar 2015

ISBN: 0804-54380

Forankra til: VestMarin

Kode og nøkkelord:
Lange, Molva molva, lutefisk, saltfisk, marknad, differensiering, merkevarebygging




Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune