Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Tilskot frå program opplevingsnæringar 2008


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 11.06.2008
 

Styret for program opplevingsnæringar hadde møte den 6. juni, der dei fordelte kr 1.549 mill kr på 20 prosjekt. Tilskota skal syta for at det vert utvikla gode fellestiltak for utvikling av opplevingsnæringane i fylket. Det var totalt 55 søknader, og mange av desse var gode.

Det var derfor hard kamp om midlane. Programstyret har lagt vekt på at prosjekta som fekk støtte var gode fellestiltak i tråd med utlysingsteksten. Prioriterte satsingsområde var festivalar, arrangement og kulturformidling, kompetansehevande tiltak, marknadstiltak og produktutvikling, og infrastruktur og møteplassar. Det har også vore teke geografiske omsyn, for å få til ei viss fylkesfordeling.
 
SØKJAR
KR TILSKOT
Norgescup i flugefiske
Yndestad Feriehus, Fjaler
    20 000
Highcamp Turtagrø
Fri Flyt & Turtagrø, Luster
    25 000
Tjovura
Tjovura DA, Jølster
    37 000
Kystkulturmessa
SF fylkeskommune, KA
    40 000
Fjellfilmfestivalen
Fri Flyt & Turtagrø, Luster
    50 000
FjordAlpin
Jølster Skisenter AS
    50 000
Kraftstasjon Måløy
Kraftstasjonen Måløy AS
    50 000
Kul-tur
Kultursmia, Norway Adv.
    50 000
Nasjonalt senter for countrymusikk
Stiftinga Norsk Countrytreff
    50 000
Norsk brefestival
Jostedal Bygdelag
    50 000
Smak sakte festivalen
Aurland Natur og Kulturarv
    50 000
Nynorske litteraturdagar
Aurland kommune
    60 000
Åmot gardsopera
Åmot Gard, Bygstad
    72 000
Nordfjord vandrefestival
Reisemål Stryn og Nordfjord
    75 000
Bygdeutvikling høgskulen
Høgskulen Sogn  og Fjordane
    80 000
Bli bygdevert
Nærøyfjorden Verdsarvpark
  100 000
Opplevingsnæringar i Nordfjord
Stryn Næringshage
  100 000
Opplev Førdefjorden
Samarbeidsprosjekt Naustdal
  120 000
Opplev Holmedal
Holken AS, Holmedal
  170 000
Fjellsportfestivalen
Fjellsportfestivalen as
  300 000
 
 
1 549 000
 

Forankra til: Opplevingsnæringar

Kode og nøkkelord:  opplevsf, reiseliv, reiselivsf




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune