Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Program opplevingsnæringar presenterte seg


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 23.01.2008
 

Tre av fylkesplanprogramma presenterte seg for hovudutval for plan og næring (HPN) den 23. januar 2008. Dette var eit viktig møte i forkant av neste møte, der dei ulike programma skal få tildelt midlar for 2008.

Sekretærane for Program opplevingsnæringar, Bjørn Harald Haugsvær og Arne Monrad Johnsen, la vekt på å få fram det store potensialet som var knytt til desse næringane, og at dei var avhengige av mange andre aktørar og samarbeid for å lukkast.
 
Sekretærane fekk også fram kor komplisert det var å arbeida mot ei målgruppe, som ikkje var definert ved eigen bransje, og behovet for statistikk og langsiktig, målretta satsing for å lukkast.

Politikarane fekk lista opp alle gode tiltak som hadde fått støtte, saman med ei rettleiing om kor dei kunne finna meir informasjon om prosjekta i RUP Norge.
 
Sekretærane hevda at å satsa på opplevingsnæringar var den aller beste form for satsing på ungdom.
 
Planen for 2008 vart lagt fram, saman med eit budsjettbehov på kr 3 mill.

Forankra til: Opplevingsnæringar

Kode og nøkkelord:  opplevsf, reiseliv




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune