Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Tilskot frå Program Opplevingsnæringar 2007


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 06.07.2007
 

Programstyret delte 18. juni 2007 ut kr 2 mill i fylkeskommunale midlar i tilskot, fordelt på 18 prosjekt. Tildelinga var gjort på grunnlag av ei målretta utlysing. Det vart lyst etter tiltak av tilretteleggjande karakter, som skulle bidra til vekst i eksisterande opplevingsbedrifter, eller til skaping av nye slike bedrifter. Tiltaka skulle vera områdedekkande, og helst fylkesdekkande.

Programstyret, som er samansett av representantar frå det offentlege verkemiddelapparatet, destinasjonsselskapa og næringa, handsama til saman 33 prosjektsøknader. Det vart søkt om til saman kr 7.1 mill i tilskot. Sidan satsinga på opplevingsnæringar er ny i fylket, ynskte programstyret å lysa ut midlane. Føremålet var å utfordra bedrifter, lag og organisasjonar i fylket på gode tiltak. Utlysinga var effektiv, og det kom inn mange gode forslag på tiltak. Søknadane vart fordelte i 9 grupper. Nokre søknader dekka fleire grupper.
  1. Internett (4 søknader)
  2. Festivalar og arrangement (6 søknader)
  3. Opplevingssenter, lokal kulturhistorie (6 søknader)
  4. Marknadsføring, sal, booking, utstilling, pakking, turpass, etc.. (11 søknader)
  5. Rådgjeving og produktutvikling (8 søknader)
  6. Programstyring og FoU (1 søknad)
  7. Skule og utdanning (2 søknader)
  8. Studieturar for bedrifter (1 søknad)
  9. Turstiar - kart og merking (1 søknad)

Gjennom innkomne søknader fekk programstyret eit godt innblikk i kva type tiltak det var interesse for kringom i fylket. Søknadane gav programstyret også eit godt grunnlag til å vurdera dei ulike gruppene, og dei ulike prosjektsøknadane i kvar gruppe.

På spørsmål om kva opplevingsbedrifter som skulle få hjelp av dei ulike tiltaka, vart det namngitt over 300 bedrifter. Sidan ikkje alle søknadane fekk tilskot, vil tal bedrifter som no blir hjelpte bli noko mindre, men programstyret er likevel godt nøgd med å nå svært mange bedrifter via dei støtta tiltaka. Dei 18 tiltak som fekk støtte i 2007 var:

Tiltak / prosjekt

Søkjar

Tilskot

Utmarksbasert reiseliv

SF Bondelag og SF Skogeigarlag

Kr 255.000

Kvernstein i Hyllestad

Hyllestad kommune

Kr 200.000

Arven frå vikingtida

Stiftinga Jensbua

Kr 200.000

Breim Bygdekontor

Breim Bygdeutviklingslag

Kr 150.000

Natur- og kulturopplevingar

Sognefjord Reiseliv BA

Kr 150.000

EM i fugefiske

Reisemål Sunnfjord

Kr 125.000

Stølsdrift i Kårdalen

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Kr 120.000

Forprosjekt Ervik

Selje Vekst KF

Kr 100.000

Arrangement i Sognefjordregionen

Visit Sognefjord

Kr 100.000

Sognefjord Swimfestival

Sogn Fjordsymjeklubb

Kr 100.000

Opplevingsturisme i Gloppen

Sandane Næringshage

Kr 75.000

Dei sju sansar

Stryn Næringshage

Kr 75.000

Opplev Sognefjorden

Leikanger Næringshage

Kr 75.000

Nordsjøportpasset

Reiselivsnæringa Værlandet og Bulandet

Kr 75.000

Utvandrarfestival i Naustdal

Naustdal kommune

Kr 50.000

Norsk Brefestival

Jostedal Bygdelag

Kr 50.000

Nynorske Litteraturdagar

Aurland kommune

Kr 50.000

Selje Kloster

Selje kommune

Kr 50.000

 

Forankra til: Opplevingsnæringar

Kode og nøkkelord:  opplevsf, reiseliv




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune