Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende EU-nett Sogn og Fjordane


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 19.09.2017
 

EU-nett Sogn og Fjordane skal hjelpe aktørar i fylket til å søkje om prosjektmidlar frå EU sitt forskingsprogram, Horizon 2020. Prosjektleiar er seniorrådgjevar i EU-forsking, Zuzana Nordeng, Vestlandsforsking. Zuzana er medlem av arbeidsgruppa til VRI4. Hennar to rollar utfyller kvarandre godt - mobilisering til fleire internasjonale FoU-prosjekt.

Oppstart nettside: 29. august 2017

EU-nett Sogn og Fjordane nettside

Energi, miljø, klima og IT

EU-nettverket vil gje draghjelp til prosjekt innan energi, miljø, klima og IT. Desse satsingsområda famnar så vidt at nettverket vil vere relevant for ei rekkje bransjar – alt frå matprodusentar til reiselivsaktørar.

"I VRI4 er satsinganer knytt til bransjane energi, sjømatnæringar, landbruk og reiseliv. Alle desse er aktuelle for EU-nett Sogn og Fjordane - i alle fall som sekundærmålgruppa, eller indirekte målgruppe."

Medan EU-nett har hovudfokus på teknologileverandørane, har VRI4 hovudfokus på brukarane av teknologi, bransjar som er viktige for fylket. Dei to prosjekta utfyller kvarandre.

Områda til EU-nett er valde både fordi fylket vil ha behov for kompetanse på desse felta i framtida, og fordi fylket allereie har sterke aktørar og stort potensial innan felta.

Alle som arbeider innan desse felta kan delta i nettverket, anten dei er frå offentlege etatar, forskingsmiljøa eller næringslivet i Sogn og Fjordane.

"VRI4 forstår dette slik at medlemskap i nettverket gjeld teknologileverandørane, og ikkje VRI4-bransjane. VRI-4, som er ein offentleg aktør som arbeidar med teknologiutvikling, mellom anna i FoU-startpakken - piloten, kan av dette vera aktuell som medlem."

Gjennom nettverket vil medlemene få auka kompetanse, finne nye samarbeidspartnarar og få hjelp til å søkje på Horisont 2020-middel.

Kjem dei gjennom nålauget til Horisont 2020, vil det gje store moglegheiter.

– Ein får testa ut ideane sine i eit stort prosjekt. Det reduserer risikoen for feil, og kan gje auka kompetanse, innovasjon og konkurransekraft, seier Merete Lunde.

Vestlandsforsking har delteke i ei rekkje EU-prosjekt sidan 1990-talet, og har erfart at regionalt samarbeid er positivt i større internasjonale prosjekt.

Det nye EU-nettverket skal leggje til rette for nye møteplassar. Aktiviteten vil bli koordinert med andre arrangement for næringslivet i fylket. Nettverket vil hente inn ressurspersonar utanfrå til lokale arrangement, og arrangere studieturar til Brussel og Horisont 2020-arrangement i Norge og Europa. 

Forankra til: VRI4 Sogn og Fjordane

Kode og nøkkelord:  EU-nett Sogn og Fjordane, VRI4




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune