Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Osland Settefisk med støtte frå VRI4


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 24.06.2017
 

Osland Settefisk AS var fyrst ute med å søkja om midlar frå VRI4 FoU-startpakken. Dei får no inntil kr 140.000 for utvikle slammet frå settefiskproduksjonen til gjødning for landbruket, og bli kvitt eit problem.



For utvida produksjon ved Osland settefisk AS må ein utvikle ein målretta bruk av fiskeslammet. Dette inneber dialog med fiskefôrprodusentar for å få slammet lovleg for bruk til mat- og fôrproduksjon, og finne den mest tilpassa teknologien for å redusere tørrstoffinnhaldet til akseptabelt nivå for transport.

Eit sluttprodukt av fiskeslammet skal vere eit gjødselprodukt av fiskeslam for sal til jordbrukshagebruksvekstar. I tillegg vil ein vurdere om eit aquaponicsanlegg er realiserbart.

I prosjektet skal dei definere mål og ambisjonar, finne eventuelle problem, utvikle løysingar, og idear og konsept for å få dette til, og til å utvikle eit framtidig FoU-prosjekt.


Prosjekteigar
Osland Settefisk AS
Sørebø
5962 BJORDAL

Kontaktperson
Geir Helge Østerbø Sørebø
99706097

Prosjektleiar
Synnøve Rivedal 
NIBIO Fureneset
97585474

Forankra til: 2017 Fiskeslam

Kode og nøkkelord:  vri4a1 vri417 vri4a17 vri4a117 blå marint sjømat landrbruk oppdrett




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune