Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende VRI4 kompetansemeklarane på plass


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 15.06.2017
 

Rollane som kompetansemeklarar vart lyste ut som offentleg innkjøp i april. No er dei nye kompetansemeklarane på plass og klare til innsats. Kompetansemeklarane skal typisk diskutera prosjekt-idear og moglegheiter med bedrifter og nettverk i fylket, og kopla bedrifter med relevante FoU-miljø.

Kompetansemeklarane kan også arrangera møte for bedrifter og forskarar, og diskutera moglegheiter og idéar. Kompetansemeklarane skal mobilisera til regionale, nasjonale og internasjonale FoU-program.

Alle relevante bedrifter og nettverk i fylket kan spørje kompetansemeklarane om hjelp. Hjelpa er gratis for bedriftene. Kompetansemeklarane skal informera om aktuelle FoU-støtteordningar.

Kompetansemeklarane skal ha ansvar for kvar sitt prioritert satsingsområde i verdiskapingsplanen for fylket.


Frå venstre har me kompetansemeklarane Paul Jacob Helgesen, Synnøve Elisabeth Aabrekk, Trond Haavik og Stein Harald Hjeltnes. Bildet er teke utanfor Forskingsrådet sine kontor på Lysaker, etter kurs for nye kompetansemeklarar, den 13. juni 2017. Foto amj.


VRI4 KOMPETANSEMEKLARANE 2017-2019

Fornybar energi

Trond Haavik
Segel AS
Mobil: +47 90898370
E-post: trond@segel.no

Trond har etter studie og arbeidsopphald i utlandet jobba som innovasjonsrådgjevar i over 20 år i Segel AS på oppdrag for ei rekkje bedrifter. Han er og ein av dei som Innovasjon Norge nasjonalt har rekruttert som prosjektleiar til fleirbedriftsprosjekt. Sidan 2003 har Trond og vore involvert i internasjonale forskingsprosjekt relatert til energieffektive bygg. Dette omfattar prosjekt som har partnarar frå fleire verdsdelar, så vel som EU-prosjekt og nordisk samarbeid. Han har såleis brei erfaring med prosessar frå tradisjonell forretningsutvikling til større FOU prosjekt med mange partnerar.

Havbruk og sjømatnæringar

Paul Jacob Helgesen
Segel AS
Mobil: +47 48998383
E-post: paul.jacob@segel.no

Paul Jacob er utdanna akvaingeniør frå Høgskolen i Bergen.  Med marin sektor som ansvarsområde har han gjennom sitt arbeid i Segel AS erfaring med FoU-arbeid i sjømatnæringane og god kjennskap til verkemiddelapparatet.  Han har også jobba med både fiskerinæringa og havbruksnæringa gjennom fleire år i Fiskeridirektoratet region vest, og arbeidde før det på Havforskingsinstituttet i Bergen.

Landbruk

Stein Harald Hjeltnes
Njøs Næringsutvikling
Mobil: +47 95734576
E-post: stein.harald.hjeltnes@graminor.no

Stein Harald er dagleg leiar i Njøs næringsutvikling, har lang røynsle frå landbruksforsking og er også fruktforedlar i Graminor. Han har vore sentral i utviklinga av frukt og bærklyngja i Sogn og Fjordane, fyrst gjennom Programstyret for frukt og grønt og seinare gjennom Arena frukt og bær. Stein Harald var deltemaleiar for mat og reiseliv i VRI 3, og har lang røynsle i å utvikla og gjennomføra FoU-prosjekt og innovasjonsprosjekt.

Reiseliv
Synnøve Elisabeth Aabrekk
2469 Reiselivsutvikling AS i samarbeid med Segel AS
Mobil: +47 41622807
E-post: synnove@2469reiseliv.no

Synnøve har bachelor i internasjonal marknadsføring og økonomi frå MRDH, Molde.  Ho har brei erfaring med prosjektleiing, strategi- og marknadsutvikling for reiselivsnæringa gjennom 20 år som bedriftsrådgjevar i Segel AS. Synnøve  er godkjent prosessvevegleiar for reisemålsutvikling / masterplanutvikling og bærekraftig destinasjon frå Innovasjon Norge. Ho har vore konstituert dagleg leiar i Visit Nordfjord og Visit Sognefjord.  Synnøve har har jobba mykje med strukturorganisering for destinasjonsselskap, herunder utvikling av nye forretningsmodellar. Synnøve er innleigd senior-konsulent i NCE Tourism Fjord Norway ut inneverande kontraktsperiode (2019). 


Forankra til: VRI4 Sogn og Fjordane

Kode og nøkkelord:  vri4 kompetansemeklarar

Dokument til nedlasting:

VRI4 raadgjevarar kontaktdata.pdf


Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune