Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Annonsering VRI4 - tilskot til FoU-prosjekt


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 24.05.2017
 

Støtte til små FoU-prosjekt av type eksperimentell utvikling. Det kan vera å utvikla prototypar i kontrollerte miljø eller pilotar i realistiske miljø, når slik utvikling ikkje krev forsking. Det kan vera støtte til demonstrasjonar av pilotar, testing og utvikling av pilotar og til dokumentasjon og sertifisering av det ferdig utvikla produktet – innovasjonen.

Start utlysing: 3. mai 2017

UTLYSING



Laupande søknadsfrist
Trinn 1: send inn melding til fylkeskommunen om interesse for ordninga : e-post: arne.monrad.johnsen@sfj.no
Trinn 2. få tilsendt søknadsskjema og få tilbod om rådgjeving
Trinn 3: opprett søknad på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og send inn søknad saman med utfylt søknadsskjema.

Bedrifter og nettverk innanfor dei prioriterte satsingane kan søkja. Desase er:

  • fornybar
  • energi
  • landbruk
  • reiseliv
  • sjømatnæringar.

Arbeidsgruppa vil prioritera søknader som har gjennomført dei føregåande trinna i innovasjonsprosessen, trinn 1-4, og som kan legge fram resultat frå dei ulike analysane.

Trinnvariantar kan aksepterast. FoU-prosjekt av type eksperimentell utvikling kan få inntil kr 100.000 etter reglane for statsstøtte. Det tyder at store ​bedrifter kan få 50% støtte, mellomstore 60% støtte og små bedrifter 70% støtte. Bedrifter som kan vise til unnatak i statsstøtteregelverket kan få 100% støtte.

Forundersøkingar kan få inntil kr 50.000 i støtte. Inntil 50% støtte til kvart prosjekt.

Det er utvikla eit søknadsskjema for ordninga for å skildre prosjektet.  Dette får du tilsend når du tek kontakt med fylkeskommunen. 

Prosjektskildringa skal vera vedlegg til søknaden som vert oppretta på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet. Dette skal skje frå nettsida til programmet «FORREGION». NB! Forskingsrådet kallar desse små FoU-prosjekta for forprosjekt.Prosjektperioden kan vera inntil 12 månader

Vurderingskriterium:
  1. Prosjektorganisering og gjennomføringsevne
  2. FoU-miljøet sitt bidrag i prosjektet
  3. Regional relevans
  4. Potensial for videre arbeid med forskning eller samarbeid med forskningsinstitusjoner
  5. Addisjonalitet
  6. Samla vurdering

Ved søknad til Forskingsrådet er fylgjande vedlegg obligatoriske:

1.CV for prosjektleiar
2.Søknadsskjema fått av fylkeskommunen

Andre krav til søknaden:
1. Utstyr kan ikkje støttast
2. Eigenfinansiering kan vera både timer og kontantar
3. Timekostnader skal vere faktisk utbetalt løn


Søknader – prosedyre og handsaming:

  1. Søknaden startar ved å melde si interesse til via e-post til prosjektleiar arne.monrad.johnsen@sfj.no
  2. Søkjar får tilsendt søknadsskjema og tilbod om rådgjevar.
  3. Søknaden vert oppretta på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og sendt til Forskingsrådet elektronisk frå nettsida. Hugs obligatoriske vedlegg, CV og prosjektskildring.
  4. VRI4 arbeidsgruppa vurderer søknadane og innstiller på støtte eller avslag
  5. Forskingsrådet vurderer arbeidsgruppa si innstilling, og kjem med tilrådingar
  6. Fylkeskommunen sender ut tilsegnsbrev eller avslagsbrev
  7. Fylkeskommunen fylgjer opp prosjekt som får støtte fram til sluttrapportering og sluttutbetaling.

Forankra til: VRI4 Sogn og Fjordane

Kode og nøkkelord:  vri4 forregion




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune