Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Fylkestinget vedtok verdiskapingsplanen 11. juni 2014


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 17.06.2014
 

Fylkestinget vedtok verdiskapingsplanen 11. juni 2014 Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane seier noko om kva vi skal leve av i framtida. Planen skal bidra til å få nye og attraktive arbeidsplassar til fylket.

Planen vedteken: 11. juni 2014
Planlagt slutt: 31. desember 2025

Sjølv om det er fylkestinget som vedtek planen, er den nye verdiskapingsplanen eit samarbeidsprosjekt. Dei som står bak er fylkeskommunen, Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV, KS, Innovasjon Norge, LO og NHO i fylket. Desse skal også følgje opp planen.

Mål om 500 nye arbeidsplassar i året
Folketalsutviklinga er ei hovudutfordring for Sogn og Fjordane. Det er noko av bakgrunnen for verdiskapingsplanen. For å få fleire folk hit, treng vi fleire arbeidsplassar. Målet er difor ein netto årleg arbeidsplassvekst på 100. Dette føreset 500 nye
arbeidsplassar kvart år.

Oppfølgingsarbeidet vert inndelt slik:

  • Nyskaping: Det offentlege skal utvikle evna si som god hjelpar.
  • Kunnskap: Ei bransjenøytrale satsing som også inkluderer offentlege tenester.

Bransjesatsingane: Utviklingsarbeid knytt til naturgjevne føremoner. Dei spesialiserte bransjesatsingane baserer seg på ressursar der fylket har særlege fortrinn:
  • fornybar energi
  • sjømatnæringar
  • reiseliv
  • landbruk (skal utarbeidast som oppfølging av verdiskapingsplanen)
  • olje og gass
I tillegg bad fleirtalet om at det vert utarbeidd ein eigen strategi for industri.

Forankra til: Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

 




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune