Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Midlar til marine prosjekt frå VestMarin 2013


Publisert av Lena Merete Søderholm (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 04.03.2013
 

VestMarin er eit samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet som har til hensikt å samarbeide om tilrettelegging av marin næringsutvikling innan havbruk, fiskeri, sjømat og bioteknologi.

For 2013 er det disponible midlar til marine prosjekt.

Midlar til disposisjon:
Totalt økonomisk ramme i «fellespotten» til prosjekt og tiltak er 1 300 000,- kroner i 2013. Midlane skal nyttast til samarbeidsprosjekt innan marin sektor på Vestlandet. Prosjektet må femne to eller fleire av Vestlandsfylka og kan vare inntil 3 år. Prosjektstøtta er vanlegvis inntil 50% av totalkostnadene. Samarbeidsprosjekt med utgangspunkt i fleire fylke kan og tilleggsfinansierast av RUP-midlar frå fylkeskommunane eller finansierast berre med RUP-midlar.
Samarbeidande fylkeskommunar er Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fellesmidlane er forvalta av Hordaland fylkeskommune.

Arbeidsgruppa i 2013 er:
Arne Berge (Rogaland fylkeskommune), Siri Hanson og Inge Døskeland (Hordaland fylkeskommune), Lena Søderholm (Sogn og Fjordane fylkeskommune) Lisbeth Nervik (Møre og Romsdal fylkeskommune) Egil Henning Ytrøy (Innovasjon Norge Sogn og Fjordane) og Trude Nordli (FHL)

Ta kontakt viss du har eit prosjekt som kan passe i ordninga.

Kven kan søke
Nettverksorganisasjonar, FoU- og kunnskapsmiljø, stiftingar, bedrifter med vidare kan søke.

Søknad skal opprettast elektronisk på denne nettstaden: www.regionalforvaltning.no.
Registrer deg fyrste gongen og vel støtteordning "VestMarin".

Forankra til: VestMarin

Kode og nøkkelord:  Midlar, marin prosjekt




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune