Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Ikkje medhald frå LMD på ekstraordinær støtte til fruktlagera


Publisert av Stein Harald Hjeltnes (Graminor), 10.11.2011
 

Programstyret for frukt og grønt sende støtteskriv for fruktlagera i Noreg til Landbruks- og matdepartementet. Dei dårlege fruktavlingane i år gjer at mange av mottaka kjem i ein vanskeleg situasjon på grunn av store investeringar i bygg og teknologi dei siste åra. Fruktlagerinspektøren og mottaka føreslo omdisponering frå andre tilskotsordningar, men LMD svarar at regelverket ikkje opnar for dette.

Fruktlagerinspektør Bjørn Eidhammer, fruktpakkeria og dei kulturansvarlege hjå dei 3 hovudkjedene i Noreg, har i brev til Landbruks- og matdepartementet og Statens landbruksforvaltning gjort merksam på den alvorlege situasjonen som fellespakkeria kjem i på grunn av den dårlege eple-avlinga i år. Dei har føreslått ei løysing med omdisponering av midlar frå reguleringslagring og fabrikkregulerings-tilskot til auka fruktlagertilskot, som særskilt bidrag for å letta på situasjonen i år.

Programstyret i frukt og grønt i Sogn og Fjordane1) vil gjerne slutta seg til dette forslaget, og be om at det vert gjort nødvendige endringar i regelverket slik at midlane kan omdisponerast.

Det har skjedd ei stor samanslåing av fruktpakkeri dei siste åra, og dette har medført store investeringar både i bygningar og teknologi ved dei hovudpakkeria  som no er att. Pakkeria har teke opp store lån, og har store økonomiske forpliktelsar uavhengig av fruktmengda. Produsentane har sett inn betydeleg kapital i desse pakkeria for å kunna utvikla norsk produksjon, og det vil vera øydeleggjande for næringa om nokon av desse pakkeria tapar eigenkapitalen.

Utviklinga mot større einingar og ny teknologi har vore heilt avgjerande for at norske produsentar skal kunna opptre seriøst i daglegvaremarknaden, og norsk fruktproduksjon i det omfang me har i dag, ville vore umogeleg utan denne satsinga. Investeringane har vore gjort dei siste 5 åra, og dei ekstremt låge avlingane i 2011 kjem etter svake avlingsår også i 2009 og 2010. Pakkeria har såleis liten økonomisk reserve, og har kome i ein svært vanskeleg situasjon som fylgje av det ekstreme vêret på føresommaren 2011.

Forankra til: Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane

 

Dokument til nedlasting:

Fruktpakkeria 2011.pdf


Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune