Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Innspurt for Pilotprosjekt bioenerginæring i Hordaland


Publisert av Lars Mjøs (Osterfjord Næringssamarbeid), 14.10.2011
 

Pilotprosjektet for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland vert fullførd i 2011. I innspurten vert resterande midlar av ramma på 4 mill kr tildelt.

Bergen Travpark har fått omdisponert midlar frå Hordaland Hest til å greie ut produksjon av fyringspellets frå hestemøkk i tilknyting til det nye fyringsanlegget som vert fyrt med hestemøkk.

Magne Kleiveland AS, Osterøy, har fått innvilga tilskott til 2 prosjekt for utvikling av konsept for og innsal av varmesal i Bergensregionen frå ca 300 kW biovarmeanlegg.

Vekstbedriften Storeholmen i Øystese som m.a. driv vaskeri, har fått litt hjelp på vegen for konvertering til vassvarme med sikte på investering i flisfyr.

Vekstbedriften Meland Arbeidssenter på Frekhaug har fått tilskott til planlegging av biovarmesentral på Frekhaug og har saman med Nordhordland Bioenergi fått innvilga støtte til ein felles forstudie om biobrenselproduksjon.

Meland Arbeidssenter AS har saman med NGIR, Magne Kleiveland AS og OPRO AS fått innvilga tilskott til forprosjektet "Oppstart av produksjon av flis frå returtreverk".

Olav Kolås på Radøy driv med tomterydding mm og lagar flis som i dag ikkje vert nytta til energiproduksjon. Han har fått innvilga støtte i samband med etablering av ein flisterminal på Radøy.

Forankra til: Pilotprosjekt bioenerginæring

 




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune