Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Nyhende Bioenergimøte på Bergen Travpark med 30 deltakarar


Publisert av Lars Mjøs (Osterfjord Næringssamarbeid), 24.05.2011
 

Den største attraksjonen under møtet var omvisinga på Bergen Travpark sin heilt nye varmesentral basert på fyring med hestemøkk. Det var god fyr i omnen og bra varme i kafeen/ møtelokalet. Resultata etter ca 1 månad drift er lovande. Litt innkøyring og tilpassingar høyrer med; t.d. mating og innslaget av spon/flis i møkka.

Travparken har i tillegg til eige oppvarmingsbehov også fått det fylkeskommunale Skyss som byggjer eit stort bussanlegg i nærleiken, som kunde. Dei arbeider no også med eit forprosjekt for tørking og pellettering av hestemøkk slik at dei kan tilby møkkhandtering for fleire og slik at dei kan utnytte energiproduksjonen om sommaren.

Initiativtakarar til møtet var Hordaland fylkeskommune og Osterfjord Næringssamarbeid. Møtet vart leia av Ove Frotvedt i Fanagro.

Lars Mjøs i Osterfjord Næringssamarbeid orienterte om Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland 2006-11 og om Magne Kleiveland AS si satsing på flisfyringsanlegg i Bergensregionen. Inge Rune Fanebust i Opro AS fortalde om erfaringar med konvertering til vassvarme, m.a. i vaskeriet, og om kjøp og drift av flisfyr.

Arnfinn Trøen gav eit skråblikk på bioenerginæringa i Hordaland og Gunnar Hernborg i BKK Varme tok for seg ambisjonar og utfordringar.

Karl Ludvig Aadland i Vestskog inviterte med bakgrunn i erfaringar frå Telemark og Rogaland til danning av eit bioenergiforum i Hordland. Forsamlinga var veldig interessert i å halde fram med å møtast og utveksle erfaringar for å få til eit løft for bioenerginæringa i Hordaland. Håkon Jordet i Hordaland fylkeskommune tilbaud å trekke i trådane. Han fekk med seg Arnfinn Trøen, Lars Mjøs, Magne Kleiveland og Gunnar Hernborg som ei støttegruppe for å lage til 2-3 treff pr år.

Forankra til: Pilotprosjekt bioenerginæring

 




Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune