Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Annonsering Utlysing av midlar i Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar 2010


Publisert av Lisbeth Nervik (Møre og Romsdal fylkeskommune), 16.06.2010
 

Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar har fokus på utvikling og kommersialisering av verksemd med utgangspunkt i artane kamskjel, blåskjel, østers, kveite, torsk, hummar og kråkebolle.

Utlysing: 16. juni 2010
Søknadsfrist: 31. august 2010

I 2010 her ein vald å rette utlysninga for midlane mot utfordingar knytta til optimalisering og stabilisering av yngelproduksjon i marine klekkeri med vasskvalitet/ vassmiljø som tema. Totalramma i 2010 er NOK 2,7 mill.
 
Type prosjekt:

  • Utviklingsdelen og nytteverdien for bedriftene må vere framtredande
  • Det er positivt om prosjektet famnar bedrifter i fleire fylke og gjerne fleire artar
  • Prosjekta kan gå over inntil 3 år
  • Ein ønskjer å gje støtte til større prosjekt. Det er positivt viss prosjektet kan vise til samfinansiering med t.d. SkatteFUNN

Kven kan søke: Både verksemder, FoU-miljø og næringsorganisasjonar kan søke. Søknaden må ha si hovudtilknyting til og vere forankra i ”nye artar bedrifter” i eit eller fleire av Vestlandsfylka, men bedrifter og/eller FoU miljø frå andre fylker kan vere deltakarar.

Utfyllande om søknaden: Søknadsmalen skal nyttast til søknaden. Søknaden skal vere signert av prosjektansvarleg. Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama. Den offentlege finansieringa (VP + evt. anna offentleg støtte) av prosjektet bør ikkje vere større enn 50 % av totalbudsjettet. Eigenfinansiering kan vere både eigeninnsats i form av arbeid og kontantar.
 
Søknad sendast til:
Som e-post (pdf-fil): lisbeth.nervik@sfj.no
På papir: Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar
c/o Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Lisbeth Nervik Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger
 
For meir informasjon sjå: http://www.vestlandsraadet.no/

Forankra til: VestMarin - Vestlandssamarbeidet - Marin satsing

 

Dokument til nedlasting:

Kriteriar for prosjektevaluering 2010.pdf
Søknadsmal 2010.doc


Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune