Med utgangspunkt i rapporten "Programplan for utvikling av blåskjelnæringa på Vestlandet" (SINTEF Fiskeri og Havbruk februar 2009) har Vestlandsprogrammet sett at den viktigaste aktiviteten for oppfølging vil vere temaområde "post-harvest". Særleg fokus vil vere transport og utvikle kunnskap og erfaringar om dette.
Det er difor beslutta å sette av midlar til eit forprosjekt på dette i 2009. Forprosjektet skal innehalde litteraturstudier, intervju med "norske" erfaringar og også kontakt med internasjonale miljø (t.d. New Zealand) om erfaringer og metodikk som er gjort her.