Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Annonsering Utlysing av midlar program opplevingsnæringar


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 23.03.2009
 

Du kan no søkje midlar til fellestiltak som fører til auka verdiskaping hjå opplevingsbedrifter i Sogn og Fjordane. Likeeins kan du søkje midlar til tiltak som fører til nye opplevingsbedrifter i fylket. Tiltaka bør dekke område på minst kommunenivå og ha med mat-, kultur- og naturbaserte opplevingar å gjere

Utlysing: 20. mars 2009
Søknadsfrist: 25. april 2009

Satsingsområda i 2009 er:
  1. Festivalar, arrangement og kulturformidling
  2. Kompetansehevande tiltak
  3. Marknadstiltak, produktutvikling og pakking
  4. Infrastruktur, møteplassar og nettverk
Dei som kan søke er offentlege og halvoffentlege
institusjonar, lag, organisasjonar og bedrifter i Sogn og Fjordane.
Program for Opplevingsnæringar forvaltar 1,7 mill. kr.  i 2009. Midlane skal gå til prosjekt og fellestiltak for opplevingsbedriftene gjennom utlysing, men kan også nyttast av programstyret til eigne prosjekt og tiltak.

Programstyret jobbar mellom anna for auka verdiskaping for bedrifter, og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringar.

Søknad skal sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune innan 25. april 2009.

Retningslinjer og vedlegg finn du nederst på denne artikkelen som filer til nedlasting.


For meir informasjon kontakt:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arne Monrad Johnsen
Mobil: 41 53 09 78
E-post: arne.monrad.johnsen@sfj.no

Relaterte artiklar:
Tildeling 2008 - 1,549 mill. kr. til opplevingsnæringar i fylket

Forankra til: Opplevingsnæringar

Kode og nøkkelord:  opplevsf, reiseliv

Dokument til nedlasting:

retningslinjer program opplevingsnæringar 2009.pdf
søknadsskjema program opplevingsnæringar 2009.doc


Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune