Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Annonsering Utlysing av midlar i Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar 2009


Publisert av Lena Merete Søderholm (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 11.02.2009
 

Programgruppa i Vestlandsprogrammet har vedteke å lyse ut midlar for større, tilretteleggande utviklingsprosjekt for å bidra til kommersialisering av følgjande artar: kamskjel, blåskjel, østers, kveite, torsk, hummar og kråkebolle (ikkje-prioritert rekkjefølgje).


Utlysning: 11. februar 2009
Søknadsfrist: 1. april 2009

Kva type prosjekt kan få delfinansiering?
·      Det er positivt om prosjektet famnar over fleire av fylka på Vestlandet.
·      Også fleirårige prosjekt kan søke om delfinansiering frå Vestlandsprogrammet.
·      Det skal vere større prosjekt der utviklingsdelen er meir framtredande enn forskingsdelen av prosjektet.
·      Prosjektet må bidra til kunnskap som kan kome ein betydeleg del av bedrifter i næringa til gode,
·      Prosjektet må famne om fleire bedrifter (dersom næringa består fleire aktørar).
·      Vi ynskjer at prosjektet skal bidra til å løyse ein flaskehals på vegen til kommersialisering for ein eller fleire av dei prioriterte artane.
·      Prosjektet sitt resultat i høve den målsettinga som er sett opp i søknaden, må vere etterprøvbar (vere faktisk/reell/kunne målast)
·      Prosjekta må bidra til å utløyse auka verdiskaping for næringa (auke i volum/sal/omsetning/tal bedrifter).
·      Vi ynskjer fokus på produktutvikling, gjerne innan effektivisering og/eller teknologiutvikling.
·      Prosjektet må ha relevans i høve Vestlandsprogrammet sine mål eller planar.

Søkjar skal nytte ferdig mal for søknaden.

Kven kan søke:
Open for alle, men søknaden må ha si hovudtilknyting til næringsbedrifter i (helst fleire) av dei fire vestlandsfylka. Det er og ei føresetnad at næringa står bak søknaden, og at dette kjem til syne i prosjektplan og budsjett.

Utfyllande om søknaden:
Vi ynskjer ein utfyllande søknad for 2009, der alle punkta i søknadsmalen må vere fylt ut. Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama i 2009.
Den offentlege finansieringa av prosjektet må ikkje vere meir enn 50 % av totalt budsjetterte kostnadar.

Søknad sendast til:
Som epost:      lena.soderholm@sfj.no
På papir:       Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Lena Søderholm, Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger

Treng du meir informasjon, kan du kontakte ein av oss: Lena Søderholm      Sogn og Fj. fylkeskom.      57 65 62 58      lena.soderholm@sfj.no
Siri Hanson      Hordal. fylkeskom.                   55 23 92 86      siri.hansom@post.hfk.no
Johan Livastøl      Rogal. fylkeskom.                 51 51 69 22      johan.livastol@ryfylkenett.no
Roar Solbakken      Møre og Romsd. fylke         71 25 81 66      roar.solbakken@mrfylke.no
Harald Sveier      Noregs Forskningsråd            38 12 99 71      hsv@forskningsradet.no
Trude Nordli      Fiskeri og havbr.for. landsforening (FHL)
                                                                     55 55 48 67      trude.h.nordli@fho.no
Egil H. Ytrøy       Innovasjon Noreg                   57 65 19 66      egil.henning.ytroy@invanor.no



Forankra til: VestMarin - Vestlandssamarbeidet - Marin satsing

 

Dokument til nedlasting:

Søknadsmal 2009.doc


Søk etter melding

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune