Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Vestlandet


Noreg > Vestlandet

Visjonar:


Vestlandet - Langsiktige satsingar


Info: 


Heimeside: http://www.vestlandsraadet.no/
West Norway Region (2005)
  1. Area: 49204 square kilometers
  2. Population of the region: 797000
  3. Population density: 16 inhabitants/km2
  4. GDP per capita, excluding oil and gas: EUR 32 073
 

Employment by sector:

  1. Agriculture: 4,5 %
  2. Industry: 23,7 %
  3. Services: 71,8 %

Vestlandet - fakta, beskrivingar og samanlikningar

I samband med arbeidet med handlingsplan for Vestlandsrådet er det utarbeidd eit dokument som gir eit bilete av særtrekk ved Vestlandet og dei utfordringane regionen står overfor.

Rapporten gir på ingen måte nokon fullstendig beskriving av alle sider ved denne varierte landsdelen, men kan vonleg gi eit oversyn og fungere som eit diskusjonsgrunnlag.

Vestlandet er her, og i dei fleste andre samanhengar, definert som fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Vestlandet har om lag 26 % av folketalet i landet og omfattar 18 % av arealet. I gjennomsnitt er landsdelen tettare folkesett enn landet under eitt, men Vestlandet er likevel meir prega av spreidd busetting og småsamfunn.

Folketalet i landsdelen har over tid auka litt meir enn gjennomsnittet for landet elles, mest på grunn av høgare fødselstal. Rogaland og Bergensregionen har i periodar hatt stor tilflytting og dermed sterk folkevekst.

Jamt over har Vestlandet færre levekårsproblem enn landet elles, og den gjennomsnittlege levealderen er litt høgare.

Landsdelen har klare kulturelle og språklege særtrekk. Ein stor del av landet sine nynorskbrukarar held til på eller er oppvaksne på Vestlandet. På store deler av Vestlandet står lekmanns- kristendommen tradisjonelt sterkt, dels innanfor statskyrkja, dels i frikyrkjer.

Dei mange fjordane og øyane gjer Vestlandet særleg avhengig av transport sjøvegen, og det har vore, og er framleis, dyrt og vanskeleg å bygge vegar. Dei seinare åra har likevel kommunikasjonsmønsteret i store deler av landsdelen vore i endring. Bygging av nye bruer og undersjøiske tunnelar har gjort at fjordar og sund nokre stader, igjen, bind saman heller enn å skilje. Tilsvarande har bygging av nye, lange, tunnelar gjennom fjell og under brear knytt saman bygder og kommunar som tidlegare har vore langt frå kvarandre.

Næringslivet på Vestlandet skil seg frå store deler av landet elles gjennom eit sterkare innslag av industri. Den oljerelaterte industrien er særleg viktig, og størst i Rogaland. Annan industri med tilknyting til dei maritime næringane har landsdelen også mykje av, ikkje minst på Nordvestlandet. Den gode tilgangen på elektrisk kraft har gjeve grunnlag for m.a. tekstilindustri og kjemisk industri. Det finst også viktige verksemder innanfor andre industrigreiner; som møbelindustri, telekommunikasjonar og landbruksmaskiner.

Rogaland er mellom dei viktigaste landbruksfylka. Lenger nord har landbruket mindre omfang, men Hardanger og til dels Sogn er den dominerande fruktproduserande regionen i landet.

Fiskerinæringane er viktige på store deler av Vestlandskysten, særleg i Møre og Romsdal. Ålesund og Måløy er dei kanskje viktigaste sentera for norsk fiskeeksport.

Dei tenesteytande næringane har ikkje fullt så mykje å seie på Vestlandet som elles i landet, særleg om ein samanliknar med Oslo. Dette gjeld særleg for forretningsmessig/ privat tenesteyting” (finans, data, konsulentverksemd, ”frie yrke”). Vestlandet har likevel ein del tenesteytande verksemd knytt til det maritime miljøet. Særleg Bergen, men også Stavanger og nokre mindre stader, har viktige utdannings- og forskingsinstitusjonar. Finans og shipping er framleis viktige næringar, særleg i Bergen, men på grunn av ”filialisering” er dei kanskje mindre viktige enn før. Dei vestlandske fjordane er ein stor turistattraksjon, noko som gjer turisme til ei viktig næring, særleg i ein del fjordbygder – og i Bergen.

Store deler av Vestlandet har hatt relativt låg arbeidsløyse, men dei seinare åra har arbeidsløysa vore aukande på grunn av reduksjonane i oljetilknytte aktivitetar og generelt dårlegare konkurransesituasjon for øvrig industri.



 

Meldingar

 Midlar til marine prosjekt frå VestMarin 2013
 Utlysing forstudie/forprosjekt Fiskerisektoren
 Pressa om Vestlandet som beste reisemål
 Brusselnytt 13 2008

Aktivitetar

 Utlysing prosjekt innanfor temaet alternative marine råstoff til fiskefôr.
 Utlysing forstudie/forprosjekt Fiskerisektoren
 Statistikk og marknadsføring
 Seminar om internasjonalt arbeid i barnehagar og grunnskule i Ålesund

Rapportar

 Nøkkeltall Vestlandet 2017
 Kompetansebehov hjå levareandørindustrien i sjømatnæringane
 Produktkartlegging og differensieringsstrategier for ulike langeprodukter
 Faglig evaluering av makroalger som marin havbruksart på vestlandet

Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune