Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Balestrand kommune


Noreg > Sogn og Fjordane > Balestrand kommune

Visjonar:


Ingen registrerte visjonar.

Info: 


Heimeside: www.balestrand.kommune.no

Bedrifter: Vestnett bedriftsdatabase
Statistikk: SSB - Statistisk Sentralbyrå
Kart: Eniro.no

 

 

 

 

Om Balestrand

BALESTRAND ligg mellom høge, snødekte fjell og den vakre Sognefjorden i vakkert, frodig fjordlandskap. Den svenske diktaren Esias Tegnèr skreiv om staden i si kjende soge om Fridtjov den Frøkne, Ingebjørg og vikingkongen Bele (1825). Denne boka var ein salsuksess ute i Europa og gjorde at romantikkens målarar byrja kome hit på midten av 1800-talet.

Ikkje berre soga, men den veldige naturen og det konstant skiftande lyset gjorde at fleire målarar kom hit for å feste dette underlege synet på lerretet. Namn som Hans Gude, Alfred Heaton Cooper, Hans Dahl og Johannes Flintoe har foreviga landskapet og bygdene slik dei synte seg på den tida. Målarane reiste ut i Europa og synte sine verk. Bileta verka forlokkande på folk, og dei ville sjølv oppleve denne naturen. I mellomtida hadde mange av kunstnarane bygd seg sommarhus langs fjorden her, underlege hus i "dragestil" og europeisk "sveitserstil" dukka opp og gjorde bygda heilt spesiell. Det historiske Kviknes Hotel reiste seg og tok i mot fleire og fleire turistar som kom til bygda med dei store dampskipa.

Også i dag er kunsten sentral i Kunstbygda Balestrand. Kunstnarar bur her fast eller vitjar bygda for å stille ut sine verk. Her kan du besøke kunstnarar i arbeid, gå i galleri, bade eller fiske i fjorden, ta eit fjordcruise eller berre ta det med ro og oppleve historia kring dei mange attraksjonane langs kulturløypa. Her finn du blant anna St. Olavs Church, eller "engelsk-kyrkja" som den er kalla lokalt. Kvar sommar har Balestrand besøk av engelske prestar som held gudstenester for engelsktalande her i denne 100 år gamle "dragestils"-kyrkja (sjå bilde).

Sognefjord Akvarium har eit flott anlegg ved fjorden i Balestrand sentrum, og syner livet i vatnet og fjøra i verdas lengste og djupaste fjord.

Over den spesielle fjordarmen Esefjorden, kan du nytte ein liten båt som går frå Holmen (Balestrand sentrum) og til Tjugum. På denne turen får du høve til å sjå nærare på den mektige Vindreken, eit ofte nytta motiv i Balestrands-kunsten. Frå Tjugum kan du gå den vesle biten til Arboretet på Lunde, den eksotiske tresamlinga frå midten av forrige århundre. Du er no i Dragsvik. Her kan du m.a. nyte eit "vikingmåltid" i det fri hos Dragsvik Fjordhotell, eller besøke Haukaas emaljeverkstad. Her får du sjå heile prosessen i skapinga av dei vakre kunstverka. Når du vil tilabek til Holmen kan du gå, sykle eller ta buss rundt Esefjorden til Balestrand.

Esefjordsbåten kan òg ta deg med for å sjå Kvamsøy og den gamle steinkyrkja der. Kvamsøy var ein stad der vikingane stansa på toktene sine for å kvila. Her var det lett å leggje til med skipa. På Naustvoll gard i Kvamsøy kan du oppleve mange ulike dyr som lever i harmoni med kvarandre, og borna kan få seg ein tur på ponniryggen medan du slappar av med kaffi og vaflar. Etterpå kan du vitje Galleri MG der keramikar Magni Jensen og skulptør Geir Hjetland held til (sjå opningstider.)

Med utgangspunkt i sentrum kan du fylgje naturløyper i skog og mark og vidare oppover fjellet. Løypene har alle vanskegradar. Balestrand er eit naturleg utgangspunkt for utflukter og dagsturar. Kvar dag har ekspressen to anløp til og frå Bergen, det er god kommunikasjon til Voss, Oslo eller nordover. Det er daglege avgangar til Flåm. Den vakre båtturen på Fjærlandsfjorden sitt grøne vatn er ein fin start på ein bretur eller eit besøk i Den norske bokbyen

Frå Balestrand sentrum er det 14 km til Saurdalen, eit utsiktspunkt om lag 650 m.o.h. med fleire merka turløyper innover fjellet. Frå Saurdalen får du eit fugleperspektiv av Sognefjorden, og i klart ver kan du sjå tindane i Jotunheimen!



Nyttige lenker:
Ruteinfo - båt, buss og fergetider for Sogn og Fjordane

Turistinformasjon for Balestrand og Midtre Sogn

 

Næringsliv i Balestrand

Seilbåten er ein viktig del av undervisninga på Kringsjå leirskule

Seilbåten er ein viktig del av undervisninga på Kringsjå leirskule
 
 
Reiseliv
Reiseliv har lange røtter i kommunen, og er ein av dei viktigaste enkeltnæringane her. Eit av dei eldste og største overnattingsbedriftene i Balestrand er Kviknes Hotel, og er eit av dei mest kjende "varemerka" i kommunen. Totalt har kommunen omlag 1300 gjestesenger fordelt på hotell, pensjonat, utleigehytter og campinghytter. Fleire restaurantar og kafear knyttar drifta si til sommarsesongen, og det har vakse fram fleire attraksjonar på grunnlag av miljøet og naturen, m.a. Sognefjord Akvarium, som og driv Kringsjå Leirskule,Naustvoll gard og Norsk Reiselivsmuseum som er under oppbygging. I tillegg er det fleire verkstader og galleri som driv i krysningsfeltet kultur og næring.

Andre viktige bedrifter i Balestrand er Nesseplast, (emballasje i ekspandert polyesteren), Friendtex og Praxis arbeids og fritidsklær, Flexibo, (spesialinnreiing for funksjonshemma og innreiing for kjøken mm) og Nessemaskin (div. utstyr for landbruket) og KMI, produksjon av spesialmaskinar. I 2004 starta Balholm Auto autorisert bilverkstad i næringsarealet på Øvre Holmamyrane.

Jordbruk
Balestrand kommune har ca. 63-65 gardsbruk hovudsakleg med kyr og lsau som inntektskilde. Elles har Balestrand godt klima og lange tradisjonar for frukt- og bærproduksjon. I kommunen blir det dyrka m.a. eple, pære, plomme, moreller, kirsebær, jordbær og bringebær. Miljøet for økologisk frukt- og bærproduksjon er aukande i Balestrand.
Produksjonen av frukt til konsum har vore dramatisk synkande her som elles i fruktdistrikta i landet, men Balestrand Fruktlager har i lag med Lerum Fabrikker AS o. a. etablert Balholm Mosteri AS for vidareforedling av frukt/bær.

Skogbruk
Det er bygd ny tømmerkai på Sæle i år 2004. Det er fleire mindre sagbruk i kommunen, inkl. mobile sagbruk. Klimaet i denne delen av Sogn gjer at det også er mykje lauvtrevirke som kan vere interessant å utnytte, både til brensel og andre produkt, og dette har m.a. ført til nyetableringa Tretema AS, som spesialiserer seg på lauvtre. Bedriften har eit eit stort nettverk innanfor bedrifter som handsamar lauvtre. Sæle sag leverer palle og treprodukt.

Andre næringar i Balestrand:
- Attåtnæringar: Gardsturisme er attåtnæring til landbruket, særleg hytteutleige. Andre attåtnæringar er t.d. entreprenørverksemd, sanduttak, verkstaddrift, skaldyroppdrett, mm.

- Kraft- og vassforsyning: Sogn og Fjordane Energiverk sitt anlegg Mel Kraftverk ligg i Vetlefjorden med 7 arbeidsplassar.

- Bygg og anleggssektoren: Denne sektoren består i stor grad av einmannsverksemder innan dei ulike fagområda.

- Offentleg tenesteyting: Balestrand kommune sysselsett ca. 260 personar fordelt ca 190 årsverk årleg. Dette gjer kommunan til den største arbeidsgjevaren. NB! Dei einskilde tenestene til kommunen finn du under Tenester A-Å i venstre marg.

- I tillegg finn ein bedrifter m.a. innan transport, rekneskap, fleire røyrleggjarbedrifter samt servicebedrifter for lokalmarknaden.

Skuler og utdanning
Nessane barneskule
Fjordtun barneskule
Sagatun Barne og Ungdomsskule

Sygna vidaregåande skule ligg i Balestrand og er ein privat, vidaregåande skule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg i regionsenteret Sogndal, ca ein time vekke.

Kommunikasjon
Balestrand har daglege bussavgangar til Oslo og Bergen, samt ekspressbåt til Bergen og Nordfjord. Næraste flyplass er Sogndal og Førde. Sjå rutetabellar

Link til Balestrand Næringssamskipnad
 
 
 
Kultur og organisasjonsliv i Balestrand

 
Arkitektur og byggeskikk
Balestrand blei allereie på 1800-talet kjend som reisemål i Europa. Hit valfarta sosietetsfolk, kunstnarar mfl. frå både inn- og utland. Kvikne´s hotell (1877), er med sin storslagne fasade mot fjorden, eit godt døme på sveitserstilen, som var ein særs populær byggjestil i denne perioden. Utover "Nedstevegen", langs fjorden, bygde fleire kunstnarar seg sommarhus i dragestil, ein annan populær stilart frå same epoke. Fleire av desse husa er godt bevart i dag, og dannar eit bygningsmiljø som er unikt, også i nasjonal samanheng. Liste over verneverdige bygg i Balestrand.

Kunstbygda Balestrand
"Kunstbygda Balestrand" er eit samleomgrep for alt som skjer i dag i Balestrand når det gjeld kulturhistorie, utstillingar, kurs mm.

Lag og organisasjonar
Kommunen har, som mange andre distriktskommunar, eit aktivt organisasjonsliv. Her er alt frå barnelag til dartklubb, frå skyttarlag til bridgeklubb og folkeakademi. Kommunen har ma. tre songkor, ungdomslag med revy-, teater-, kino- og dansegruppe, tre ungdomsklubbar, og to idrettslag. Sjå Balestrand Idrettslag si heimeside
"Idrettslagstur innpakka i historie" av Johs. B. Thue.

Liste over frivillige lag og organisasjonar i kommunen.


Kino
Friberg kino har framsyning onsdag og sundag kvar veke, og syner eit breitt samansett program for både vaksne og born/ unge. I november kvart år blir Den Store Kinodagen markert. Friberg kino blei kåra til landets beste kino (i klassen for små kinoar) i 1999, og fekk Balestrand kommune sin kulturpris i 1997.

Lyset og naturen i Balestrand har trukke kunstnarar og andre til bygda i fleire århundrer
Lyset og naturen i Balestrand har trukke kunstnarar og andre til bygda i fleire århundrer


Kunst og kultur er viktig for identiteten til Balestrand.
Kunst og kultur er viktig for identiteten til Balestrand.


Med nye Kreklingen stadion fekk Balestrand ein topp moderne kunstgrasbane. Juli, 2003.
Med nye Kreklingen stadion fekk Balestrand ein topp moderne kunstgrasbane. Juli, 2003.
 
 
Idrett og friluftsliv
Kreklingen stadion blei opna i august 2003. Her finn du topp moderne kunstgrasbane, løpebane, flomlys og ballbinge.

Idrettshallen Belehalli er open for treningt/ kampar og arrangement i vinterhalvåret. Like ved Belehalli er det laga til ein godt oppmerka natursti, med tilkomst frå all bustadfelta, noko som gjer friluftslivet lett tilgjengeleg. Om vinteren kan ein nytte både Saurdal skiarena og lysløype i Vetlefjorden.

Prisar for leige av Belehalli.
Informasjons-side om Saurdalen
 

 




 

Meldingar


Aktivitetar


Rapportar


Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune