Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Aurland kommune


Noreg > Sogn og Fjordane > Aurland kommune

Visjonar:


Ingen registrerte visjonar.

Info: 


Heimeside: www.aurland.kommune.no

Om kommunen

Bedrifter: Vestnett bedriftsdatabase
Statistikk: SSB - Statistisk Sentralbyrå
Kart: Eniro.no

 

 

 

Aurland kommune ligg i den sør-austlege delen av Sogn og Fjordane fylke i ein fjordarm av den 180 km lange Sognefjorden.

Aurland er ein fjord- og fjellkommune med litt under 1800 innbyggjarar. Heile 1387 km 2 av ei samla flatevidde på 1455 m2 er utmark, snaufjell, is og snø. Busetnaden er samla ved fjordarmane og i dei lægre dalføra i Nærøydalen, Undredal, Flåmsdalen og Aurlandsdalen opp til Vassbygdi.

Naturen i Aurland er vill og vakker, med fjordarmar og dalføre som skjer seg inn mellom bratte fjellområde med toppar på opp til 1200 – 1800 meter.

Kommunen er delt inn i fire sokn: Vangen, Flåm, Undredal og Gudvangen.

 

Aurlandsvangen:
Litt over 1100 innbyggjarar, ligg ved fjorden og er kommunesenter. Her er kaianlegg og småbåthamn. Som følgje av kraftutbygginga auka tilflyttinga til Aurland, og etter 1970 kom det nye bustadområde rundt sentrum. Dei kommunale serviceorgana er lokaliserte til Vangen. 
Rådhus, post, bank, politi, legekontor og aldersheim, matbutikkar, bokhandel, bibliotek, kino, kyrkje, barnehagar og skular. Aurlandselvi, som er særleg  kjend som ei god sjøaureelv, renn ut i fjorden ved Vangen. Verdas lengste vegtunnel, til Lærdal (24,5 km), gir Aurland samband austover.

(Namnet Aurland kjem frå ”aur” –grus eller sand og ”vang”, som tyder mark eller eng)

 

Flåm:
370-380 innbyggjarar, ligg inst i Aurlandsfjorden og er det nest største soknet i kommunen. Busetnaden er lokalisert til området rundt sentrum, og til den nedre delen av Flåmsdalen. Hovudnæringa er jordbruk, med flatt og fint jordbruksareal i dalbotnen. I dei seinare åra har turismen teke meir og meir over, med Flåmsbana som eit av dei mest ettertrakta turistmåla i landet. Cruiseskipa, med 100 skip i sesongen, gjer at det er eit yrande liv i hamneområdet. Opptakten til turistnæringa starta allereie på slutten av 1800-talet, då turistane kom for å fiske i Flåmselvi.

(Flåm tyder ”Flat slette”)

 

Gudvangen:
Gudvangen er ei lita jordbruksbygd som ligg inst i Nærøyfjorden. Her bur det omlag 90 menneske. Turisme er viktig sommarstid med cruiseskip på fjorden. Turistrafikken tok til alt på slutten av 1800-talet. Her går det veg vidare til Voss, opp dei kjende Stalheimskleivane. I 1991 opna Gudvangatunnelen (11,4 km), som er ein del av den ferjefrie heilårsvegen mellom Oslo og Bergen.

(Dei lærde er usamde om tydinga av namnet. Ein meiner den fyrste lekken (”Gud” ), kan ha opphav i norrøn mytologi eller at han har samanhang med landskapet (”God”). ”Vang” tyder eng eller mark.)

 

Undredal:
Ligg ved Aurlandsfjorden og er busett av 100-110 personar. I 1989 fekk bygda vegsamband med resten av kommunen. Før det var måtte ein ty til fjorden for å koma til kommunesenteret eller andre stader. Den sentrale næringsvegen er jordbruk der geitehald er viktigast. Undredal er kjent for produksjonen av geitost. Bygda har 8 geitebønder som årleg produserer 10 – 12 tonn ost. Osten vert ysta på staden. Den vesle kyrkja i bygda er blitt svært kjend ettersom ho er ei av dei eldste i landet og den minste i Skandinavia som framleis er i bruk – ho har om lag 40 sitjeplassar.

(Undredal tyder ”Dalen nedanfor”)

 

Vassbygdi:
Vassbygdi ligg ved foten av Aurlandsdalen, ca. 10 km frå Aurlandsfjorden. Hovudnæringa er jordbruk. Det bur omkring 50 personar i Vassbygdi.

 

Styvi:
Lita grend på austsida av Nærøyfjorden. Her har det budd folk sidan vikingtida, og husdyrhald har vore hovudnæringa. Tidlegare var det post- og skyssgard her. Det er no gardsmuseum på Styvi. Den urørte og dramatiske naturen har har ført til at området fått status som landskapsvernområde. Styvi hadde eige postkontor frå om lag 1660-åra til slutten av 1990-åra.
Herifrå og innover mot Gudvangen går den gamle postvegen (5 km). Ein må ta båt frå Bleiklindi og inn til Gudvangen. Postvegen vert òg kalla Kongevegen, då han var eit offentleg tiltak. Postkontoret på Styvi er framleis i drift.

(Styvi kjem truleg av ”stuv”, som tyder avhogd skog)

 

Dyrdal:
Dyrdal er truleg ein svært gamal buplass ved Nærøyfjorden. Gardane er ikkje lenger i drift. Husa ligg tett saman på eit tidlegare elvedelta, der dei er trygge for snøras.

Grendene oppover dalen ligg slik: Drægo (øvst), Drægali (midtvegs), Dyrdal (nedst). 

Frå 1773 og til langt ut på 1800 – talet var Dyrdal tingstad for Nærøy. Tinghusa låg ved sjøen lengst ute. Staden var òg gjestgjevarstad. Herifrå flytta ein i 1875 hus inn til Gudvangen og reiste det att der som gjestgjevarbygning. Staden fekk kai i 1926 og postkontor i 1929. Postkontoret vart nedlagt i 1993.

 

Bakka:
Lita grend som ligg der Nærøyfjorden er på det smalaste og grunnaste. 6 km veg langs fjorden frå kaien i Gudvangen. På grunn av svært rasfarleg veg mellom Gudvangen og Bakka, vart det bygd tunell her ( 2001). På det meste var det seks gardar her, no er det fire som er i drift. Geitehald er den dominerande næringa då geitene best kan utnytta beitet i dei bratte fjellsidene.

Bakka har vore nytta som innspelingsstad for fleire spelefilmar, m.a. ”Song of Norway”, på 60-talet.

 

Myrdal:
Myrdal er ein liten stasjonsstad på høgfjellsstrekninga av Bergensbana, og ligg på toppen av Flåmsbana omlag 860 m.o.h. Dette samfunnet vart oppretta som ei følgje av bygginga av Bergensbana i perioden 1897 – 1909.

Myrdal hadde på det meste godt over 100 innbyggjarar med eigen skule, bakeri, butikk, hestepoliti, eige skyttarlag og eige idrettslag. Myrdal hadde det fyrste innandørs symjebassenget i fylket.




 

Meldingar


Aktivitetar


Rapportar


Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune