Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Askvoll kommune


Noreg > Sogn og Fjordane > Askvoll kommune

Visjonar:


Ingen registrerte visjonar.

Info: 


Heimeside: www.askvoll.kommune.no

Velkommen til Aktive Askvoll!

Bedrifter: Vestnett bedriftsdatabase
Statistikk: SSB - Statistisk Sentralbyrå
Kart: Eniro.no

 

 


 

Geografi og natur
Kommunesenteret Askvoll har gitt namnet til kommunen. Kommunen strekkjer seg frå Bulandet i vest til Førde kommune si grense i aust. Flateinnhaldet er på 321 km2 , der av 254 km2 fastland og 67 km2 øyar, over ei luftlinje på 52 km. Samla folketal er ca 3 400 innbyggjarar. Askvoll har godt samband nord- sørover, snøggbåten tek 45 min til Florø og 2,5 time til Bergen. Til regionsenteret Førde tek det 1 time med bil.

Askvoll er ein stor øykommune. Spor etter busetnad på øyane er ein viktig del av kystkommunen Askvoll si historie. Naturen gjev gode høve til fiske i fjord og fjellvatn, havfiske, jakt, sanking av bær og sopp, og eit allsidig friluftsliv.

Funn av flintreiskapar fortel at det truleg budde folk i Askvoll for 6000 år sidan, dvs i steinalderen. Askvoll er rik på kulturminner frå bronsealderen (1500-500 f.Kr.) med helleristningsfelt og gravrøyser.


Næringsliv
Tradisjonelt har jordbruk og fiske vore viktigaste næringsvegar, men området har også ein lang industritradisjon der lokalt eigarskap alltid har stått sentralt. I nyare tid har fiskeoppdrett vorte ein del av det moderne kulturlandskapet, og øyane har utvikla ein effektiv og lønsom fiskeflåte basert på mellomstore kystnotbåtar.

Viktigaste industri i dag er Helle Knivfabrikk, Bulandet Fiskeindustri og Sigurd Løkeland Hermetikkfabrikk (produksjon av krabbe)

Kommunesenteret Askvoll er knutepunkt mellom sjø og land, og her er det utvikla eit variert tilbod av handel, service og offentlege tenester. Jordbruket står framleis sterkt, og har lagt grunnlag for ei satsing på bygdeturisme. Storslått natur og tydelege spor frå den gamle kystkulturen har gjeve grunnlag for vekst i reiselivet. Utfyllande turistinformasjon får du hos vår interkommunale reiselivsoperatør: www.jensbua.no.


Kultur
Askvoll har ei lang historie og eit rikt kulturliv. Dei mange aktive lag og organisasjonar er bærebjelken i kulturtilbodet, her finn du alt frå drivande amatørteater, musikklag, kor, kommunal fritidsklubb og til kurs i lappeteknikk, - for å nemne noko. Det er god dekning av idrettsanlegg i kommunen og desse er mykje i bruk. Askvollhallen, fleirbrukshall, opna i 1999 og er idretten si storstove i Askvoll. Friluftsliv har gode føresetnader, her er mange merka turstiar og i 2001 opna Nipebu, den første DNT- hytta i vårt område. Aktivitetar som kajakkpadling og klatring er i vekst, så meld deg på kurs for ei frisk naturoppleving!




 

Meldingar


Aktivitetar


Rapportar


Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune