Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Statistikk og marknadsføring


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 18.02.2009
 

Fylkeskommunane si arbeidsgruppa for utvikling av reiseliv på Vestlandet, har hatt sitt vårmøte med Fjord Norge og Statistikknett. Tema var avtalane med fylkeskommunane og nye fellessatsingar framover.

Fylkeskommunane har hatt avtalar med Fjord Norge sidan 1993. I 2007 vart det laga nye avtalar. Rammeavtalen er løpande, men skal evaluerast kvart 3. år. Arbeidsavtalen kan endrast kvart år.
 
Fylkeskommunane har også avtale med statistikknett.com. Det var ynskje om meir langsiktige intensjonsavtalar, frå Statistikknett si side.
 
Deltakarar på møtet var:
 
Hordaland fk: Karne Louise Nybø, Kjartan Pettersen, Ronny Strand
Møre og Romsdal: Lillian Sørheim
Sogn og Fjordane: Arne Monrad Johnsen
Rogaland: avbud pga flyproblem
Fjord Norge: Åse Marie Evjen og Kristian B Jørgesen
Statistikknett: Jan Erik Lystad.

Resultat:

På møtet vart det gjort fylgjande semjer:
 
1. Fylkeskommunane må samarbeida meir om statistikk. Det er viktig å få fram statistikk som illustrarar samanhengar og fakta, slik at fylkeskommunane har eit godt hjelpemiddel for vurdering av ressursbruken.
 
2. Rammeavtalen med Fjord Norge skal evaluerast i 2010. Det var forslag om ein lett evaluering i fylkeskommunal regi.
 
3. Det vart gjort nokre små endringar i samarbeidsavtalen. Forslaget vart sendt på høyring til partane.
 
4. Statistikknett vart tilrådd å laga til forslag / søknad om ein 3-årig intensjonsavtale med fylkeskommunane.

Adresse og område med aktivitet:

Hordaland
Fylkeshuset i Bergen
11.etg
 

Arrangør:

Hordaland fylkeskommune
Karen Louise Nybø

Oppstartsdato: 17. februar 2009 0900
Avslutningsdato 17. februar 2009 1600

Forankra til:
Reiseliv

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
Reiseliv vestlandet, tourism




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune