Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte i programstyret for frukt og grønt 4.11.08


Publisert av Stein Harald Hjeltnes (Graminor), 14.11.2008
 

Programstyret drøfta i sist møte situasjonen for bringebær og internettsida hagis. Det vart vedteke å senda brev til Mattilsynet om raud rotròte i bringebær og om internettsida Hagis. Mange nye prosjekt er på gang, m.a. innan frukt og reiseliv og innan økologisk svarthyllproduksjon. Mottaka arbeider også aktivt for å auka effektivitet og skaffa seg ny teknologi som er nødvendig i høve til nye satsingar.

Bringebær til konserves har no stort vekstpotensiale, og brukbare rammer etter ny prisavtale, men raud rotròte er til hinder for vidare ekspansjon. Difor vart det i etterkant sendt brev frå programstyret til Mattilsynet for å få kartlagt og informert om sjukdomen slik at den ikkje grip meir om seg.
 
Det er mange nye prosjekt på gang, og fruktmottaka arbeider med bygningsmessige tilpasningar og betre datasystem for å møta krav frå marknaden og gjera arbeidet meir effektivt.
 
Programstyret ser at det er viktig at alle prosessar innan frukt og grønt vert koordinerte med programstyret sitt arbeid, og ein vil invitera Innovasjon Norge med i programstyret for å sikra endå betre samordning med prosessane der. Ein forventar å få endå større effekt av "triple-helix" modellen då.

Resultat:

- e-postbrev om raud rotråte sendt til Mattilsynet, distriktskontor indre Sogn. Sendt av S.H.Hjeltnes og T.Takle
- e-postbrev til fagkoordinator for frukt og bær i Norsk landbruksrådgiving, Sigrid Mogan, om utvikling av internettsida Hagis. Sendt av S.H.Hjeltnes
- Kalkyle for konsum- og konservesbringebær utarbeidd av Rikard Lysne og Torbjørn Takle før kontraktsforhandlingane
- Sendt ut informasjonsbrosjyre om raud rotròte i bringebær med tilrådingar frå England
- Sendt prosjektsøknader om "Sogn fruktrute", økologisk svarthyllproduksjon, økologisk pæredyrking
 

Adresse og område med aktivitet:

Arrangør:

Oppstartsdato: 4. november 2008 10
Avslutningsdato 4. november 2008 13

Forankra til:
Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
Bringebær, raud rotròte, pris, nye prosjekt, ny teknologi,




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune