Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Til bedrifter innan Bygg- og anleggsbransjen i Osterfjordregionen


Publisert av Lars Mjøs (Osterfjord Næringssamarbeid), 28.11.2007
 

Vil de vere med å utvikle/teste ut programvare og teknologi som vil gjere livet administrativt lettare for dei aller minste bedriftene i bygg- og anleggsbransjen i Osterfjordregionen?

Sjå vedlagde informasjonsbrosjyrer frå Osterfjord Næringssamarbeid.

 

Osterfjord Næringssamarbeid er eit samarbeid mellom næringskonsulenten i Modalen, Industrikonsulenten på Osterøy og Vaksdal Næringsselskap AS.

 

Du vil kunne gjere håndholdt registrering ute i felten. Inn – og utgåande fakturahandsaming vert langt på veg automatisert.

 

Rekneskapen vil kunne førast med basis i elektronisk overført kontoutskrift frå banken.

 

For å vere med, må de ha PC, internettsamband og e-postadresse.

 

Gjennom prosjektet kan de få kjøpt rabattert mobiltelefon med utvida funksjonar for håndholdt registrering, såkalla PDA (Personleg Data Assistent). Sjå døme på www.epocket.no/produkter/handyman.aspx

 

Bedriftene som vert med i brukargruppa, vil få ny programvare som vert utvikla, gratis og vil få anna naudsynt programvare til sterkt redusert pris. Bedrifter som vert med i referansegruppa, vil få rabattert programvare.

 

Prosjektplanen er tilgjengeleg på www.osteroyindustrilag.no/indkons og www.rup.no, søk «Autoadm».

 

For nokre bransjar er det utvikla løysingar som er nær opp til det me ønskjer å kome fram til.

 

Alle bedrifter i Osterfjordregionen som er interesserte i å få nærare orientering, vert med dette inviterte til pinnekjøtmiddag og orienteringsmøte på Cammillas Kro, Dalegården i Vaksdal kommune (Shellstasjonen før siste tunnelen før Dale når ein kjem frå Trengereid) onsdag 12.12.2007 kl 17.30.

 

Me startar med middagen. Møtet varer fram til ca kl 20.30.

 

Påmelding innan måndag 10.12.07 kl 12.00 til:

 

Svein Aksel Sellevold, Vaksdal Næringsselskap, mobil 900 10 421, vns@vaksdalnet.no

 

Lars Mjøs, Industrikonsulenten på Osterøy, 56 19 22 70, lars.mjos@osteroyindustrilag.no

 

Inge Kårevik, teknisk sjef/ næringskonsulent Modalen kommune, 56 59 90 21,

 

inge.kaarevik@modalen.kommune.no

 

Venleg, gje opplysning om E-postadresse og mobil ved påmelding.

Resultat:

Adresse og område med aktivitet:

Arrangør:

Oppstartsdato: 12. desember 2007 17.30
Avslutningsdato 12. desember 2007 20.30

Forankra til:
Autoadm

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:

Dokument til nedlasting:

Invitasjon_autoadm.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune